Rektor si orientering til styret 7.12.23

Prosessen med akkreditering av doktorgrad i utdanning, språk og kultur
Høgskulen fekk tidleg i november orientering om at prosessen er forseinka, og den nye tidsplanen tilseier at vi vil få eit rapportutkast litt før jul, truleg med svarfrist tidleg i januar. Etter planen per no så ligg det an til ei avgjerd i styret i NOKUT i midten av februar.

Budsjettforlik
Styret skal seinare i dag handsame budsjettet for 2024, som er basert på regjeringa sitt utkast til budsjett. Sist søndag kom nyheita om at regjeringa har inngått budsjettforlik med SV. Detaljane er det for tidleg å seie heilt konkret, men det er gledeleg at studiestøtta ser ut til å auke med 10 prosent frå 1. august. Det som er bekymringsfullt, er at det skal trekkast inn 50 millionar kr i forventa lågare pris og lønsvekst og også 21 millionar kr knytt til færre studieplassar til ukrainske flyktningar. Korleis tala vil sjå ut for HVO, er enno uvisst, men det ser ikkje ut til å vere dei veldig store justeringane som må til.

Hans Strøm – innflytting
I midten av november kunne dei tilsette ta i bruk kontora i eit nyoppussa Hans Strøm-hus. I januar vil huset verte fylt med undervising og mykje anna studentaktivitet. Det er hektisk aktivitet på ASH med å teste ut dei nyoppussa undervisingslokala, som frå og med januar vil kome alle tilsette og studentar på HVO til gode.

Bokhandel
Akademika tok i slutten av oktober avgjerda å legge ned bokhandelen som er på høgskuleområdet. Høgskulen og Studentsamskipnaden i Volda har vore i dialog med Akademika fram mot avgjerda og har strekt seg langt for å legge til rette for å framleis ha ein bokhandel på høgskuleområdet. Etter at avgjerda var teken frå Akademika si side, har Norli, som har vanleg bokhandel i Volda sentrum, teke på seg det vidare ansvaret for eit fagbokutsal. Dei har kjøpt Akademika sitt varelager, og inntil vidare har Norli opna opp i dei gamle lokala til Akademika. Her vil dei ha open bokhandel ut februar. HVO har forlenga leigeavtalen med Ivar Aasen-huset ut denne perioden. Etter det vil Norli opne opp i ny-oppussa lokale i sentrum, der dei også har plass til ein fagbokhandel.

Nasjonal samordning av masteropptak
Det vert arbeidd i universitets- og høgskulesektoren med å organisere ei nasjonal samordning av opptaket på mastergrader, som per i dag ligg til kvar enkelt institusjon. Samordna opptak handsamar i dag hovudsakleg årsstudium og bachelorgrader. Spørsmålet er om sektoren skal ha eit tilsvarande nasjonalt opptak for opptak på mastergrader. Spørsmåla som vert stilte i høyringa, er mellom anna om vi vil ha eit slikt opptak, kor samordna det skal vere, og korleis det skal finansierast. HVO arbeider med å skrive høyringssvar og vil svare innan fristen 1. februar.