Rektor si orientering til styret 19.06.2025

HVO – miløjøfyrtårn

HVO er Miljøfyrtårn, ei sertifisering som skal bidra til meir miljøeffektivt arbeid. Det blir årleg utarbeida årleg rapport som dokumenterer miljøarbeidet, og det vert utarbeida konkrete tiltak. Høgskulen i Volda har det siste året redusert totalt energiutslepp med 24 prosent, færre reiser og tekniske oppgraderingar i bygningsmassen forklarar nedgangen. Vi ser også ein reduksjon på 19 prosent i flyreiser og 23 prosent i bilbruk, meir bruk av digitale alternativ, slik reisepolicy oppmodar om, kan vere årsak. Arbeidet med avfallshandtering er styrka, det er sette opp sorteringsstasjonar fleire plassar ved HVO.  Søppelsortering er eit prioritert tiltak i 2025, det er etablert samarbeid med kantina som fekk sertifisering i februar 2025, eit tiltak HVO har arbeidd for å få til. Møblar som har vore til over har blitt levert til Volda kommune for gjenbruk. Det er sett i verk  grønne tiltak på campus, som etablering av blomstereng og biehotell. Styret vil på neste styremøte få ei styresak om miljøfyrtårnarbeidet.

KI-senter

Høgskulen i Volda er no partnar i eitt av dei seks nasjonale sentera for forsking på kunstig intelligens, som del av regjeringa si KI-milliardsatsing. Senteret, «The Norwegian Centre for Trustworthy AI» (TRUST), skal utvikle ny teknologi og sikre ansvarleg bruk av KI i samfunnet. Deltakinga gir HVO ei unik moglegheit til å styrkje forskingsprofilen vår og vere ein aktiv aktør i eit nasjonalt kunnskapsfellesskap. Samstundes vil dette aktivisere stipendiatstillinga som Sparebanken Møre har støtta, og dermed knyte regional finansiering til nasjonal forskingssatsing.

Sparebank1-stifitnga

Høgskulen i Volda har motteke over 1,1 million kroner frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til eit nytt forskingsprosjekt innan førebyggjande folkehelse. Prosjektet, leia av førsteamanuensis Øyvind Arne Høydal, skal undersøkje korleis fysisk aktivitet kan førebyggje og behandle mentale og nevrodegenerative lidingar som depresjon og demens. Forskinga skjer i samarbeid med Volda sjukehus og DPS Ålesund, og vil nytte både fysiologiske data og kunstig intelligens – noko som kan vekkje internasjonal merksemd og styrkje HVO si rolle som regional forskingsaktør.

I 2026 markerer vi at det er 300 år sidan Hans Strøm blei fødd – ein viktig folkeopplysar, naturforskar og prest med sterk tilknyting til Volda. Høgskulen planlegg eit jubileum i hans namn, og vi har allereie fått 200 000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til dette arbeidet. Jubileet vil vere ei moglegheit til å løfte fram både lokal historie og HVO si rolle som kunnskapsinstitusjon i Strøm si ånd.

Studiestart

Studiestart er 19. august, og planlegginga går svært godt. Alle avdelingar og fagmiljø er engasjerte i arbeidet med å ta imot både nye og tidlegare studentar på ein god måte. Faddervekastyret har gjort ein imponerande innsats, mellom anna med ei grundig ROS-analyse, og har utvida fadderveka til to veker for å gi betre rom for både organiserte og sosiale aktivitetar. Vi ser fram til ein trygg, inkluderande og livleg studiestart – i eit studiemiljø som vi veit mange studentar trekkjer fram som noko av det beste med å studere i Volda.

Sommar

I mai og juni har mange studentar fullført utdanninga si, og det har vore gjennomført ei rekkje avslutningar for avgangsstudentar. Vi er stolte av både studentane og våre tilsette som har følgt studentane fram til mål. Trass i ein travel periode med eksamen, sensur og planlegging av nytt studieår, har mange også funne tid til sosiale sommaravslutningar – noko som vitnar om eit sterkt og godt arbeidsmiljø ved høgskulen. Vi har mange dyktige tilsette som gjer ein framifrå jobb til det beste for studentane og forskinga. I tillegg vart Fjordkonferansen nyleg arrangert med temaet Tid – eit viktig samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde, NTNU og HVL.

Utviklingsavtalene med KD

På møtet med Kunnskapsdepartementet 18. juni blei det understreka at utviklingsavtalane skal vere eit strategisk styringsverktøy som både gir institusjonane handlingsrom og samtidig støttar nasjonale mål. Det blei peika på at tett kopling mellom utviklingsavtale og institusjonell strategi er avgjerande for at avtalen skal ha reell verdi. Samtidig er det behov for å tydeleggjere formål, mål og rapportering, og å vurdere korleis ein kan balansere autonomi med meir samordna styring. Departementet varsla endringar i rammeverket, med færre og meir målbare styringsparameter, og signaliserte eit sterkare fokus på utdanningskapasitet og dimensjonering inn i utviklignsavtalane. Det blei også diskutert korleis utviklingsavtalane kan bidra til betre arbeidsdeling i sektoren, og fleire tok til orde for at styringsdialogen må bli meir strategisk og mindre detaljstyrt. For Høgskulen i Volda betyr dette at vi må vere tydelege på vår eigen profil, og sikre at utviklingsavtalen er godt forankra i vår strategi og organisasjon. Institusjonane får ei bestilling i desember, og må i løpet av mars sende eit utkast til utviklingsavtale som skal vere styreforankra. Dette vil verte naturlege tema på fleire av styremøta i haust, januar og mars og passar sånn sett godt inn i strategiprosessen.

Utlysing direktør

I slutten av mai, før søknadsfristen var ute, valte innstillingsutvalet å utsetje søknadsfristen på studiedirektørstillinga. Bakgurnnen for dette var tilbakemeldingar får firmaet som leitar etter kandidatar at dei anbefalte meir tid til den prosessen. Vurderinga vart då at vi utsette fristen til etter sommaren. Ny frist er 25. august.

Høgskulen står støtt – med eller utan Aasenkvartalet

Vi ønskjer å kome med nokre refleksjonar i lys av utspel frå ordførar Sølvi Dimmen på heimesidene til Volda kommune og i Møre-Nytt 18. juni.

Først og fremst: Høgskulen i Volda står sterkt i regionen og i landet i dag, og vi tvilar ikkje på at høgskulen vil bestå i framtida.
Universitet og høgskular over heile landet må heile tida vurdere retning og dimensjonering, spesielt i eit 20-årsperspektiv, men HVO står støtt som ein viktig utdanningsinstitusjon i regionen – med eller utan Aasenkvartalet.

Aasenkvartalet i seg sjølv er ikkje avgjerande for høgskulen si framtid. Men det kan opne opp for viktige samarbeid, til dømes med eit innovasjonssenter og eit nytt hotell til glede for både tilreisande, regionen og høgskulen sjølv.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og direktør Oddrun Rangsæter (Foto: HVO/Steinarr Sommerset)

Eit innovasjonssenter, der næringsliv og utdanning møtest, kan styrke banda mellom HVO, offentleg sektor og næringslivet. Det kan også andre tiltak gjere. Her ligg det mange moglegheiter for gjensidig nytte og verdiskaping.

Men samtidig er det viktig å understreke dette: Det som er avgjerande for høgskulen sin eksistens, er at vi tilbyr utdanningar av høg kvalitet, at innhaldet i undervisninga er godt, og at forskinga vi driv med, har betydning for samfunnet. Og det er eit resultat av dyktige tilsette og hardtarbeidande studentar. I landsmålestokk har Volda ein stor campus. Vi har vekst i barnehagestudentar sjølv om den nasjonale trenden går den andre vegen. Vi har to solide doktorgrader og vi er med i eit nytt stort KI-prosjekt.

Eit eventuelt samarbeid med Aasenkvartalet og næringslivet kan vere eit nyttig tilskot – men høgskulen sin verdi og framtid står først og fremst på innhald, fagleg kvalitet og relevans.

Oddrun Rangsæter (konst. direktør) og Odd Helge Mjellem Tonheim (rektor)

(Lesarinnlegg sendt til Møre-Nytt og Møre 19.6.2025)

Høgskulen følgjer lova – og har kontroll


Tormod Utne fremjar i leiarartikkelen i Møre-Nytt 6. juni fleire påstandar om leiing og styringsstruktur ved Høgskulen i Volda (HVO). Nokre av desse byggjer på direkte feil eller misforståingar. For å tryggje tilsette, studentar og andre som følgjer med, er det viktig å oppklare fakta.

Universitets- og høgskulelova er endra. Den nye lova trådde i kraft 1. august 2024. Direktørutlysinga er endra frå førre utlysing og er i tråd med både noverande og førre universitets og høgskulelov. Den skildra arbeidsdelinga føl same struktur som andre institusjonar med lik leiingsmodell og er i tråd med lova.

Lovverket og forventingane frå Kunnskapsdepartementet støttar den modellen Høgskulen i Volda praktiserer. I følgje lova er det klårt at direktøren skal leie den administrative verksemda innanfor dei rammene styret set. Samtidig har rektor, i vald modell, overordna ansvar for, og skal leie og føre tilsyn med institusjonen og på vegner av styret – også det i tråd med § 4-6 og departementet si presisering frå august 2024.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og konst. direktør Oddrun Rangseter. Foto: HVO/Steinarr Sommerset

Å sikre klare ansvarslinjer og eit godt samarbeid mellom direktør og rektor er ei tydeleg forventing frå staten. Det er bakgrunnen for at vi nyttar formuleringar som «leggje til rette for rektoratets arbeid». Denne typen språkbruk er heilt vanleg i sektoren. Tilsvarande finn vi ved Høgskulen i Molde, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Agder – alle institusjonar med lik leiingsmodell. Det handlar om koordinering og samspel – ikkje om å svekkje direktørrolla. Utlysinga seier tydeleg at direktøren har «ansvar for den samla administrative verksemda ved høgskulen».

Når det gjeld sjølve tilsetjingsprosessen, har den vore grundig og forankra: Styret drøfta utkastet til utlysing i møte, teksten vart sendt til leiarar og tillitsvalde for innspel, og vidare justert før den igjen vart sendt til styremedlemane for uttale. Dette er ein av dei mest omfattande tilsetjingsprosessane ved HVO og innstillinga skal gjerast av eit utval beståande av 5 personar.

HVO har heller ikkje eit leiarvakum. Oddrun Rangsæter er konstituert høgskuledirektør, og har alle fullmakter som ligg til direktør i tråd med lov- og avtaleverk. Håkon Bø er studiedirektør, og Jon Are Steen er dekan. Leiinga er heilskapleg og operativ – og alle rekrutteringsprosessar går som planlagt.

Vi kjenner oss ikkje att i framstillinga av HVO som ein institusjon ute av kurs. Leiingsmodellen er breitt forankra i organisasjonen, og vi følgjer både lov, etatsstyring og interne vedtak.

Kritiske spørsmål er viktige, men bør byggje på fakta. HVO har styring, kontroll og retning – og jobbar kvar dag for å vareta både fagleg kvalitet og tillit i samfunnet rundt oss.

Oddrun Rangsæter (konst. direktør) og Odd Helge Mjellem Tonheim (rektor)
Høgskulen i Volda