Høgskulen følgjer lova – og har kontroll


Tormod Utne fremjar i leiarartikkelen i Møre-Nytt 6. juni fleire påstandar om leiing og styringsstruktur ved Høgskulen i Volda (HVO). Nokre av desse byggjer på direkte feil eller misforståingar. For å tryggje tilsette, studentar og andre som følgjer med, er det viktig å oppklare fakta.

Universitets- og høgskulelova er endra. Den nye lova trådde i kraft 1. august 2024. Direktørutlysinga er endra frå førre utlysing og er i tråd med både noverande og førre universitets og høgskulelov. Den skildra arbeidsdelinga føl same struktur som andre institusjonar med lik leiingsmodell og er i tråd med lova.

Lovverket og forventingane frå Kunnskapsdepartementet støttar den modellen Høgskulen i Volda praktiserer. I følgje lova er det klårt at direktøren skal leie den administrative verksemda innanfor dei rammene styret set. Samtidig har rektor, i vald modell, overordna ansvar for, og skal leie og føre tilsyn med institusjonen og på vegner av styret – også det i tråd med § 4-6 og departementet si presisering frå august 2024.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og konst. direktør Oddrun Rangseter. Foto: HVO/Steinarr Sommerset

Å sikre klare ansvarslinjer og eit godt samarbeid mellom direktør og rektor er ei tydeleg forventing frå staten. Det er bakgrunnen for at vi nyttar formuleringar som «leggje til rette for rektoratets arbeid». Denne typen språkbruk er heilt vanleg i sektoren. Tilsvarande finn vi ved Høgskulen i Molde, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Agder – alle institusjonar med lik leiingsmodell. Det handlar om koordinering og samspel – ikkje om å svekkje direktørrolla. Utlysinga seier tydeleg at direktøren har «ansvar for den samla administrative verksemda ved høgskulen».

Når det gjeld sjølve tilsetjingsprosessen, har den vore grundig og forankra: Styret drøfta utkastet til utlysing i møte, teksten vart sendt til leiarar og tillitsvalde for innspel, og vidare justert før den igjen vart sendt til styremedlemane for uttale. Dette er ein av dei mest omfattande tilsetjingsprosessane ved HVO og innstillinga skal gjerast av eit utval beståande av 5 personar.

HVO har heller ikkje eit leiarvakum. Oddrun Rangsæter er konstituert høgskuledirektør, og har alle fullmakter som ligg til direktør i tråd med lov- og avtaleverk. Håkon Bø er studiedirektør, og Jon Are Steen er dekan. Leiinga er heilskapleg og operativ – og alle rekrutteringsprosessar går som planlagt.

Vi kjenner oss ikkje att i framstillinga av HVO som ein institusjon ute av kurs. Leiingsmodellen er breitt forankra i organisasjonen, og vi følgjer både lov, etatsstyring og interne vedtak.

Kritiske spørsmål er viktige, men bør byggje på fakta. HVO har styring, kontroll og retning – og jobbar kvar dag for å vareta både fagleg kvalitet og tillit i samfunnet rundt oss.

Oddrun Rangsæter (konst. direktør) og Odd Helge Mjellem Tonheim (rektor)
Høgskulen i Volda