Opning av nyoppussa Hans Strøm-hus 11.1.2024

Kjære studentar, kollegaer og vener av Høgskulen i Volda

Det er med stor glede vi i dag kan markere opninga av det nyoppussa Hans Strøm-huset, eit viktig hus ikkje berre for høgskulen vår, men også for heile lokalsamfunnet i Volda og regionen rundt oss.

Maher Othman frå studentparlementet og rektor Odd helge M. Tonheim står for snorklippinga. Foto: HiVolda/Per Straume

Huset var oppført i 1984, og det var på høg tid med ei skikkeleg oppussing no. Hans Strøm-huset har stått som ein bastion for kunnskapsutvikling, læring og kreativitet og har vore viktig for både distriktshøgskulen og Høgskulen i Volda. Tilsette har forska her, studentar har lært, og huset har tilbydd rom for vekst og inspirasjon for tallause studentar gjennom åra.

Hans Strøm, mannen huset er oppattkalla etter, var meir enn ein prest; han var naturforskar, topograf og ein pioner i si tid. Som sokneprest i Volda var han djupt oppteken av folkeopplysning og ein viktig del av utviklinga av folkeopplysningstradisjonen her. Engasjementet hans for utdanning og kunnskapsdeling er ein arv vi stolt byggjer vidare på ved Høgskulen i Volda. Han lét etter seg eit rikt forfattarskap som speglar ei breidde av interesse og kunnskap, ein arv som inspirerer oss til kontinuerleg læring og utvikling av ny kunnskap.

I oppussingsprosjektet har vi lagt stor vekt på å skape moderne undervisningsareal med opne og fleksible læringsområde. Vi ønskjer at dette huset skal fremje ein stor variasjon av læretilnærmingar, der studentane våre kan lære, samarbeide og sosialisere i eit miljø som er tilrettelagt for studentane sine behov. Med nye, mindre sitjegrupper i dei opne læringsareala ønskjer vi å leggje til rette for både fellesskap, gruppearbeid og individuell fordjuping. Vi trur at denne blandinga av private og felles område vil inspirere til ein samhandlande og inkluderande akademisk kultur.

Direktør Ann Kristin Emblem overrekker den symbolske nøkkelen frå opninga av Hans Strøm i 1984 til dekan Jorun Sem Fure. Foto: HiVolda/Per Straume

Som rektor er eg stolt over å vere ein del av denne fornyinga. Eg ser fram til å sjå korleis våre studentar og tilsette tek i bruk dette flotte nyoppussa huset. Saman vil vi fortsetje å byggje på Høgskulen i Volda sin arv som ein stad for framifrå utdanning og innovasjon.

Det er mange som har stått på og arbeidd hardt for å få dette til, så eg vil rette ei stor takk til alle saman, men nokre få må takkast særskilt. Først og fremst høgskulen sin prosjektleiar, Jostein Sporstøyl, for den innsatsen han har lagt i dette prosjektet. Eg vil også takke Statsbygg ved Lisa Krøvel for eit svært godt samarbeid, og også prosjektleiinga i HS Bygg, som har vore avgjerande for å få dette prosjektet så godt i mål. Eg vil også takke Camilla Dahl Humberset for hennar viktige bidrag i å vareta avdelinga sine interesser og for det omfattande arbeidet med å få på plass alle detaljar.

No er vi så heldige å ha eit svært aktivt og godt Studentparlament på høgskulen, og Maher Othman frå Arbeidsutvalet skal få æra av å gjennomføre sjølve snorklippinga som markerer opninga. Han vil også seie nokre ord. Gratulerer til alle studentar og tilsette på Høgskulen i Volda med eit nyoppussa og fantastisk flott Hans Strøm-hus!

Opninga vart feira med kake til alle studentar, tilsette og gjestar som var innom. Foto: HiVolda/Per Straume

Legg igjen en kommentar