FoU-pris 2023 ved Høgskulen i Volda: Marie Nedregotten Sørbø

Det er ei stor glede for meg å stå her og dele ut FoU-prisen 2023. FoU-prisen vart oppretta i 2005, og har vore delt ut til mange dyktige forskarar på Høgskulen i Volda opp gjennom tidene, og slik er det også i år. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten og omfanget av FoU-arbeidet på HVO aukar.

I dag er vi samla for å heidre innsatsen til ein dyktig forskar og kollega som gjennom arbeidet sitt har bidratt til å belyse viktige tema og spørsmål, både innanfor og utanfor Høgskulen i Volda. Årets prisvinnar har vore på Høgskulen i lang tid, og vart i si tid tilsett på Volda lærarskule, som ein del av eit mykje mindre engelskmiljø enn vi har i dag. Eg trur kanskje de då var tre tilsette?. Intrykket frå tidlegare kollegaer er at du tidleg var oppteken av forsking og publisering, noko som også viser seg igjen i at du har publikasjonar nesten 40 år tilbake i tid. Du har vore ein sentral og viktig aktør i å bygge opp fagmiljøet innan engelsk her på Høgskulen i Volda.

Årets prisvinnar disputerte i 2008 og hadde då fordjupa seg i Jane Austens ironiske forteljarstemme i Austens litterære verk, og korleis denne manglar i filmtolkingane. Ein kan på mange måtar sjå dette prosjektet som eit knutepunkt for fleire sentrale trådar i forskingsaktiviteten hennar: kvinnelitteraturhistorie, litterær adaptasjon og resepsjon og litterær omsetjing. I 2016 vart Marie Nedregotten Sørbø professor i engelsk litteratur, noko som skjedde ganske rett etter at ho hadde vore prorektor i fire år, noko som understrekar hennar engasjement og vilje til å vere ein aktiv forskar heile vegen.

Mange av oss er kjende med Marie Nedregotten Sørbø sitt arbeid med Jane Austen, særleg gjennom hennar djuptpløyande analyse av Austens representasjon i film og omsetjingar. Det er likevel verdt å merke seg at Sørbø ikkje berre analyserer litteratur – ho lever òg i den, ved til dømes å omsetje delar av Jane Austens verk til norsk.

Marie Nedregotten Sørbø har publisert i ei årrekke og har eit betydeleg omfang av både artiklar og bøker bak seg. Årets prisvinnar er også ein svært aktiv formidlar, til dømes gjennom 74 artiklar i Store norske leksikon, og dette viser at i tillegg til å vere ein aktiv forskar på høgste nivå, er Sørbø også ein svært aktiv formidlar.

Høgskulestyret, som er dei som tildeler prisen, har understreka viktigheita av Maries mangeårige engasjement, hennar evne til å formidle forsking til eit breiare publikum, og hennar deltaking i internasjonale forskingsprosjekt.

Med dette vil eg gratulere Marie Nedregotten Sørbø som årets FoU-prisvinnar. Takk for bidraget ditt og for det du bringer til vårt akademiske fellesskap.