Rektors orientering til styret 7. mai 2024

Norsk innovasjonssenter og Aasenkvartalet

Det er høg aktivitet med tanke på å realisere Norsk Innovasjonssenter og byggjesteg ein i Aasenkvartalet, som er planlagt rett bak Hans Strøm-huset der Ivar Aasen-huset no står. Høgskulen er i dialog med både Volda utvikling AS, Volda kommune, Statsbygg og Sisa Invest AS om progresjonen her. For høgskulen sin del er det Norsk innovasjonssenter som HVO har lagt inn i strategiplanen at vi skal bidra med å realisere, og ikkje minst arbeid med korleis vi skal fylle innovasjonssenteret med ekstern aktivitet som gjev inntekter til høgskulen. Vidare er det også snakk om erstatning for om lag 60 kontor som vil forsvinne i eit eventuelt byggetrinn 2 eller 3 i Aasenkvartalet. Utbygginga her vil verte kostbar for høgskulen, og vi må vurdere nøye behovet vi har opp mot kor mykje det vil koste oss. Her vil styret få ei sak på bordet før endeleg avgjerd.

Vernepleie- og sjukepleieutdanning

Rektor og Randi Bergem har vore i møte med statssekretær Ivar Prestbakmo i kunnskapsdepartementet og seinare også stortingspolitikar Marit Knutsdottir Strand der vi har framsnakka HVO sin søknad om studieplassar vernepleie- og sjukepleiarutdanning i statsbudsjettet 2025. Tilbakemeldingane frå møta er at dei er svært positive til prosjektet, og at dei forstår kvifor vi søker om ekstra studieplassar til dette, men at dei sjølvsagt ikkje kan love noko per no gitt at det vert ein del av ein større budsjettprosess. Vi planlegg å arbeide vidare med anna politisk påverknad i tida frammover.

Søkartal

Ein framtidig student kan enten søke studieplass på Høgskulen i Volda via Samordna opptak, eller via Lokalt opptak. Vi lokalt opptak kan ein søke studieplass på ei rekke vidareutdanningar, mastergrader og praktisk pedagogisk utdanning. I samordna opptak kan studentar søke på bachelorgrader, grunnskulelærarutdanningane og årsstudium, og i slutten av april vart desse tala offentleggjort. Når det gjeld samordna opptak var det nasjonalt ein oppgang på 4,7 % i tal søkarar, medan på Høgskulen i Volda var det ein nedgang på 17,8 %. Og det er lenge sidan høgskulen har hatt så låge søkartal på samordna opptak. Med nokre unntak, så er det ein nedgang på veldig mange av bachelorane våre. Vidare fortset nedgangen i søkartal på barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane både nasjonalt og lokalt, men diverre er nedgangen større i Volda enn nasjonalt. Når det gjeld praktisk pedagogisk utdanning så er her ein gledeleg markant oppgang i tal søkarar. Vidare har vi per no fleire søkarar i lokalopptaket enn vi hadde på same tid i fjor, og på fleire av masterane er det ein gledeleg auke.

Nedgangen i tal søkarar på samordna opptak er svært bekymringsfull, og svært mange av studia her vil verte lagt ut på restetorget når det opnar i sommar. Vidare arbeidar høgskulen aktivt med å sikre at søkarar som har søkt på ein studieplass på HVO skal verte trygg på studievalet sitt med å framstille Volda som ein god plass å studere. Styret vil som vanleg få ein rapport på opptaket tidleg på hausten.

Publiseringspoeng ved HVO

Den 12. april var det frist for rapportering av publiseringspoeng, og Høgskulen i Volda produserte i 2023 141,9 publiseringspoeng, noko som er ei auke på vel 30 poeng. Denne auka er svært gledeleg og viktig for høgskulen.

 ÅrVitskapleg poengproduksjon ved HVO
2023141,09
2022111,00
2021110,06
2020188,95
2019108,39
201897,19
2017108,8
2016100,2
2015111,5
201498,8
201368,4