Appell Bygdepride

Appell frå rektor etter Bygdeprideparada 2026.

Kjære alle saman, gratulerer med dagen!

Sjå rundt dykk. Sjå dette havet av fargar, smil og fellesskap. Det er dette som er Volda. Det er dette som er bygda vår.

I dag står eg her framfor dykk med fleire hattar. Kven er eg? Eg er Odd Helge, eg er rektor, og ja – eg er homofil. Men vegen til å kunne seie dei tre tinga høgt og stolt i same setning, her i Volda, har vore lang .  

Då eg voks opp på 90-talet, las eg i læreboka mi at «de fleste mennesker er heterofile». Men boka gjekk lenger. Ho slo fast at «seksuell adferd og forplantning hører naturlig sammen».  

Smak litt på den setninga. Bodskapen til meg, og til alle andre i klasserommet, var ikkje til å ta feil av: Det eg følte, var det unaturlege. Det var eit avvik frå naturen sin orden. Difor var det kanskje ikkje så rart at den same læreboka konkluderte med at folk som meg ofte valde å «leve som skjult homofil». Det var den ramma samfunnet gav oss.  

Og det sette djupe spor. Då eg byrja å arbeide ved Høgskulen i Volda i 2006, valde eg faktisk å gå inn att i skapet. Eg var utrygg. Det var ikkje fordi nokon på høgskulen sa eller gjorde noko gale mot meg. Det skjedde aldri. Utfordringa var at det heller ikkje vart gjort noko for å vise inkludering. Det var eit vakuum. I det stille vakuumet vart skapet den tryggaste løysinga.  

Slik gjekk det i ti år. Då eg til slutt skreiv eit lesarbrev i avisa Møre i 2016, var det i protest mot eit lesarbrev frå pastor Hans Reite som gjekk til åtak på kjærleiken. Målet mitt var ikkje nødvendigvis å kome ut, men eg kjende at eg måtte ta til motmæle for å forsvare rettane våre. Resultatet vart likevel at mine eigne skapdører vart slått opp på vidt gap.  

Dette vart også eit vendepunkt for høgskulen. Vi skulle ikkje lenger vere eit stille vakuum. Då den aller fyrste Bygdepride-paraden vart arrangert, var det difor heilt avgjerande for meg å ta initiativ til at Høgskulen i Volda skulle delta offisielt, så eg tok kontakt med dåverande rektor og spurte om eg kunne melde HVO på i parada. Rektor var samd i at HVO skulle vere ein tydeleg medvandrare heilt frå starten av.

I forgårs skjedde det noko viktig på høgskulen. Då vedtok høgskulestyret vår heilt nye visjon for Høgskulen i Volda: «Danning og demokrati».

Dette er ein marsjordre for oss, og eit løfte til dykk.

For kva er danning om det ikkje inneber eit oppgjer med fordommar om kva som er «naturleg»? Danning handlar om å vekse som menneske og om å utfordre fordommar om kva som er «naturleg». Men danning og demokrati er ikkje noko som berre skjer inne i auditoria på høgskulen. Det skjer her ute i gatene, i idrettslaga og i heimane i Volda. Høgskulen og bygda heng i hop. Vi utdannar dei som skal vere lærarane til borna våre, journalistane som skal fortelje historiene våre, og dei som skal vareta oss når livet er vanskeleg.  

For at dei skal gjere ein god jobb, treng dei å ha opplevd eit Voldasamfunn der alle vert aksepterte for den dei er. Bygdepride er vår felles arena for å vise at Volda er ei bygd med vidsyn og varme.

Når vi ser alle flagga i dag, er det eit løfte til kvar og ein som bur her: Her er du velkomen. Her er du trygg. Her er du ein del av eit fellesskap som ikkje lenger er stille, men som feirar mangfaldet.

Vi går i parade for alle som framleis kjenner at dei må gøyme seg. Vi går for dei som bur i land der det er livsfarleg å vere den ein er . Men mest av alt går vi for kvarandre, her i Volda. Fordi kjærleik er kjærleik, og fordi vi saman skaper eit betre og meir ope samfunn.

Riktig god Bygdepride!