Orientering frå rektor 20. juni 2024

Lærarutdanningane

Som styret er informert om tidlegare så er det låge søkartal på grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. Kunnskapsdepartementet har opna for at ein kan søke om fritak frå dei spesifikke opptakstala på grunnskulelærarutdanningane, og det har høgskulen gjort. Vi har søkt om fritak frå alle spesifikke opptakskrav på grunnskulelærarutdanningane, slik at ein student med generell studiekompetanse kan få opptak. Vi ventar svar frå Kunnskapsdepartementet der. Vi har også søkt departementet om studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning frå 2025, basert på at kunnskapsdepartementet opna opp for å søke om dette for kort tid sidan.

Universitetskriteria

Kunnskapsdepartementet har sendt forslag til endringar i studiekvalitets- og studietilsynsforskriften på høyring. Her foreslår kunnskapsdepartementet å endre på universitetskriteria, slik at standarden vert at det er minst ei doktorgrad som er dekkande for vesentlege delar av institusjonens verksemd med fleire andre justeringar. Dette vert det vesentleg for høgskulen å gå inn i og sjå på, òg kome ei høyringsfråsegn til departementet innan fristen. Dette vil også aktualisere diskusjonen om korleis HVO skal posisjonere seg i UH-landskapet frammover.

UH-Nett Vest

UH-Nett Vest er ei universitets og høgskuleallianse som har eksistert i mange år. Det er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, VID Vitenskaplige høyskole og NLA. HVO har vore medlem nesten sidan starten. Avtala skal no fornyast for perioden 2025 – 2028. Formålet med nettverket er å vere eit regionalt nettverk som skal bidra til å styrke høgare utdanning og forsking ved medlemsinstitusjonane gjennom et forpliktande nettverkssamarbeid. Eit av dei viktigaste samarbeidspunkta er Solstrandskonferansa, der leiinga ved medlemsinstitusjonane møter sentrale politikarar som statsråd for høgare utdanning og forsking/statssekretær og fleire frå utdannings og forskingskomiteen frå Stortinget. Dette har vorte ein sentral møteplass mellom UH-institusjonane på Vestlandet og sentrale politkarar for sektoren. Mi vurdering som rektor er at dette er ein viktig arena for HVO å fortsett vere med på, gitt at vi får ein unik moglegheit til å nå inn til sentrale politikarar og også å vere med i eit UH-Nettverk som har som mål å bygge UH institusjonane på Vestlandet.

Utnemning av styrerepresentant SiVolda

Høgskulen skal nemne opp ein representant til styret i Studentsamskipnaden i Volda, og her har det vore rektor som no peikar ut. Normalen no har vore at det er prorektor som er fast representant, og rektor som er vara. Og det tenker rektor er det naturleg å fortsetje med, gitt at koplinga mellom Studentsamskipnaden i Volda og leiinga på Høgskulen er vesentleg.