FLAGG OG PARADE FOR TRYGGLEIK OG KJÆRLEIK

I mai kan du sjå at logoen til Høgskulen i Volda er kledd i fargane i regnbogen. Vi vel òg å flagge med regnbogeflagget i veka Bygdepride går føre seg, og vi stilte sjølvsagt òg i Bygdepride-paraden. Studentar, tilsette og ikkje minst brukarane av tenestene vi utdannar til (som skule, Nav, media og barnevernet), treng at vi er trygge og tydelege på at mangfald er ønskt, og at kjærleik treng tryggleik.

Det er viktig for Høgskulen å støtte opp under Bygdepride, og eg kjem tilbake til dette etter kvart. Men først: Er Bygdepride eigentleg viktig den dag i dag? Seksuell omgang mellom menn vart avkriminalisert i 1972. I 1993 vart partnarskapslova vedteken, likekjønna ekteskap vart tillate i Noreg i 2009, og sidan 2017 har homofile òg kunna gifta seg i Den norske kyrkja.

Så kvifor er det eigentleg noko poeng å framleis feire Bygdepride eller Pride? Sjølv om det i Noreg er betre forhold for skeive i dag enn tidlegare, å er det ikkje lenge sidan ting såg annleis ut. I år er det 50 år sidan den første pride-markeringa på Universitetsplassen i Oslo. Ingen av studentane våre har levd heile livet i eit Noreg der likekjønna kunne gifte seg og få like rettar som heterofile i staten. Det er heller ikkje like enkelt å vere skeiv andre stader i verda. I nabolandet vårt Russland er undertrykkinga av homofile aukande, og for under to år sidan vedtok dei ei lov som gjer det straffbart å offentleg vise kjærleik som ikkje er heterofil. I Polen erklærte hundre kommunar seg som homofrie for få år sidan. I om lag 33 prosent av verdas land er homofili forbode. Sju land praktiserer dødsstraff for homofili.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennomfører jamleg undersøkingar om haldninga til LHBTIQ+-personar. Det var færre negative haldningar til ulike former for kjønns- og seksualitetsmangfald i 2022 enn då undersøkingane byrja i 2007. Det er bra. Men det står framleis ein heil del att. Meir enn ein av ti menn «grøssar når dei tenkjer på homofile menn». 12 prosent av mennene er negative til at menn held hender i offentlegheita. 10 prosent av menn meiner sex mellom to kvinner er feil, og 20 prosent meiner at sex mellom to menn er feil. For 15 år sidan var kring dobbelt så mange negative, men framleis er haldningane temmeleg utbreidde.

 Denne triste røyndomen understrekar kvifor det framleis er viktig at vi feirar Pride og Bygdepride, og at vi markerer dette tydeleg for studentar og framtidige profesjonelle fagutøvarar. Det handlar ikkje berre om å feire fridomen vi har til å elske kven vi vil, men òg om å kjempe for dei rettane og den fridommen mange andre i vår verd framleis ikkje har.

Høgskulen i Volda har ei viktig rolle å spele i denne kampen. Som ein akademisk institusjon, er vi i ein unik posisjon til å påverke og utdanne neste generasjon av lærarar, journalistar, sosialarbeidarar, leiarar, avgjerdstakarar og nokon kvar. Vi har ansvaret for å stå opp mot diskriminering og fordommar. Høgskulen sin visjon er «Kompetanse for eit betre samfunn». Og ein del av dette handlar også om å støtte opp under Bygdepride, for å på denne måten sende ein sterk bodskap til studentane, tilsette og det større samfunnet om at vi står saman med LHBTIQ+ samfunnet i kampen for like rettar.

Ein akademisk institusjon har ei særeigen posisjon til å fremje kunnskap, kritisk tenking og respekt for mangfald. Å støtte Pride er ein del av dette engasjementet. Det gir ei plattform for å utforske og diskutere tema knytte til kjønn, seksualitet, sosiale rettar og likestilling – alle relevante og viktige emne i dagens samfunn. Dette støttar ikkje berre akademisk forståing, men bidreg òg til å utvikle empati og sosial bevisstheit blant studentane våre. I ei verd som stadig blir meir globalisert, er evna til å forstå og verne om mangfaldet i menneskeleg erfaring ein nøkkelkompetanse.

 Når vi støttar Bygdepride, skaper vi også eit trygt og inkluderande miljø for alle studentane våre. Vi ønskjer å vere ein institusjon der alle studentar føler seg velkomne, aksepterte og trygge. Så ja, det er framleis viktig for Høgskulen i Volda å delta i Bygdepride. Ikkje berre fordi det er den rette tingen å gjere, men fordi vi som ein utdanningsinstitusjon har ei viktig rolle å spele i kampen for likskap og inkludering. Vi vil halde fram med å støtte opp om Bygdepride, og vi oppmodar alle til å gjere det same. Fordi kjærleik er kjærleik, uansett kven du er, og kven du elskar.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Rektor Høgskulen i Volda