Rektors orientering til styret 18.06.2026

Prosessane og økonomi

Vi har eit krevjande år bak oss, og økonomien er stram både i sektoren og hos oss. Heile universitets- og høgskulesektoren er inne i ein periode med stramare rammer og sterkare statleg styring. For HVO er løyvinga frå Kunnskapsdepartementet, som utgjer rundt 90 prosent av inntektene våre, redusert vesentleg dei siste åra. Vi har mellombels dekka mykje av dette ved å flytte dei strategiske midlane våre frå satsingar og investeringar til drift og ikkje minst godt arbeid med å redusere utgifter i alle einingane. Men med dagens balanse mellom inntekter og kostnader er ikkje det ei løysing vi kan leve med på sikt. Vi må difor både tilpasse kostnadene og arbeide for å styrkje inntektene framover. Det er dette biletet som ligg til grunn for arbeidet med organisasjonsstrukturen. Ei arbeidsgruppe med representantar frå dei tillitsvalde, studentane, dekanane og høgskuledirektøren er sett ned for å vurdere organisasjonsstrukturen vår, for å vurdere om vi kan organisere oss meir robust og effektivt. 

Spørsmålet er ikkje om HVO skal endre seg, men korleis vi byggjer oss for å møte dei ytre endringane med eigne, gjennomtenkte val. Saman med arbeidet med studieporteføljen, som styret får som eiga sak i dag, høyrer dette til dei store prosessane vi står midt oppe i. Det må merkast at ei eventuell endring av organisasjonsstrukturen i seg sjølv truleg ikkje vil spare nok pengar, men om strukturen skal endrast så må det gjerast på ein måte som fører til at vi kan drive ulike delar av organisasjonen meir effektivt, og det er nettopp denne effektiviseringa som må vere ein del av løysinga på økonomien. Dette løyser truleg ikkje heile biletet, og difor heng dette saman med dei andre grepa vi må arbeide med framover. Gruppa arbeide levere sitt arbeid i mot slutten av august og det er planlagt høyring i slutten august og september, og organisasjonsmodellen kjem til styret som sak 29. oktober. Eg er klar over at slike prosessar skaper uro, og det tek vi på alvor. Eg vil vere ærleg om at vegen vidare vil bli krevjande, men eg held fast ved målet om å bevare fagmiljøa våre og på kva slags institusjon vi er saman. Det er viktig at høgskulen står samla i denne prosessen. 

Etatsstyringsmøtet

Møtet med Kunnskapsdepartementet var prega av ein open og konstruktiv dialog. Eg opplevde at departementet møtte HVO med ei tydeleg vilje til å bidra og vere ein støttande part. Samtalen bar preg av gjensidig respekt og forståing for institusjonen sin situasjon, og det var rom for å drøfte både utfordringar og moglegheiter på ein god måte.

Samtidig var departementet tydelege både på HVO sin autonomi og på dei forventningane som ligg til institusjonen. Dei peika særleg på behovet for tydelegare strategiske prioriteringar i studieporteføljen, betre gjennomstrømming i utdanningane og ein meir balansert og realistisk framstilling av resultat og utfordringar. Vidare understreka dei behovet for å styrke forskingsaktiviteten og tilslaget på eksterne midlar, samt å halde fram arbeidet med organisasjonsutvikling og sikre ein berekraftig økonomi. Desse føringane gir eit tydeleg rammeverk for det vidare arbeidet ved HVO, samstundes som dei bekreftar institusjonen sitt handlingsrom i dei strategiske vala som skal gjerast framover.

Utviklingsavtale

Leiinga hadde 28. mai eit møte med Kunnskapsdepartementet om den nye utviklingsavtalen, der vårt første utkast vart presentert. Departementet gav tilbakemeldingar på at mykje er på rett veg men også  mellom anna at vi må heve ambisjonsnivået i måla, nytte fleire indikatorar til kvar styringsparameter og arbeide vidare med ein tydelegare raud tråd i mål 3, eventuelt stryke mål 3. Frist for endeleg tekst er 1. oktober 2026, og styret får saka til handsaming i september. Vi vil sende referat frå møtet til styret så snart vi har fått endeleg referat frå departementet. 

Leige av kontor som erstatning for lettbygget og paviljongane

HVO har ikkje avtale om bruk av paviljongane og lettbygget etter medio 2028. Gitt den økonomiske situasjonen vil høgskulen ikkje gå ut på den eksterne marknaden og leige erstatningsareal, og dei bygningane vi mister, blir ikkje erstatta. Vi må difor utnytte eksisterande areal på ein annan måte. Dei gjennomførte kontorkartleggingane viser at det er rom for å nytte den eksisterande romkapasiteten betre, og Eigedom vil saman med avdelingane sjå på løysingar som tek vare på både forsking og undervisning på best mogleg måte framover.

A- og C-paviljongane er allereie tømde, og D-paviljongen er neste ut. Tilsette er flytta over i nye kontorlokale, og paviljongen vart klargjord for overlevering 29. mai. B-paviljongen og lettbygget vil vere i bruk som i dag ut 2027, før dei blir rydda og tømde våren 2028.