
Rektor deltok på Rauma Pride i Åndalsnes og holt appell.
Kjære alle saman – og gratulerer med dagen!
Eg er ikkje frå Rauma. Eg har reist hit frå Volda, som granne på Nordvestlandet – og det er ei ære å få stå på denne scena saman med dykk. For det som skjer her i dag, er noko av det finaste eit lokalsamfunn kan få til: folk som møter opp, heiser flagget og seier til kvarandre at her er det rom for alle.
Eg står her med fleire hattar på ein gong. Eg er Odd Helge. Eg er rektor og styreleiar ved Høgskulen i Volda. Og ja – eg er homofil. At eg kan seie dei tre tinga høgt, i same andedrag og med rak rygg, er ikkje noko eg alltid har kunna. Vegen dit var lang.
Lat meg byrje med noko som har skjedd no i vår. Medan vi gjer oss klare til å feire, har det rent inn pengar i to folkeinnsamlingar – nokre for å forsvare Pride i skulen, andre for å stoppe det. Til saman er summen over tre millionar kroner.
Tenk litt på det. Over tre millionar kroner – brukte på å krangle om born og unge skal få kjenne seg trygge på den dei er. I ei betre verd hadde dette vore unødvendige pengar, brukte på noko klokt og godt i staden. Men diverre er behovet der. Og det behovet har eit andlet.
For meg har det andletet alltid sett ut som ein gut på tolv–tretten år, med ei lærebok open framfor seg. I den boka las eg at «seksuell adferd og forplantning hører naturlig sammen». Eg las at folk som meg oftast valde å «leve som skjult homofil». Bodskapen var ikkje til å misforstå: det eg kjende, var det unaturlege. Eit avvik frå naturen sin orden. Det eg sat att med, var ei kjensle av å vere feil.
Den guten – det var meg. Og eg hadde trunge Pride i mitt klasserom, på 90-talet. Eg hadde trunge eit flagg, eit ord, eitt einaste menneske som sa høgt at det fanst rom for meg òg.
Men det fanst ikkje. Og det sette djupe spor. Då eg byrja å arbeide ved Høgskulen i Volda i 2006, gjekk eg faktisk inn att i skapet. Ikkje fordi nokon var vonde mot meg – det skjedde aldri. Men fordi det var heilt stilt. Eit vakuum. Og i det stille vakuumet vart skapet den tryggaste staden å vere.
Difor reagerer eg når nokon i dag seier at det er sjølve synlegheita som er problemet. At eit regnbogeflagg er tvang. For den guten i klasserommet fanst det ikkje noko flagg. Det fanst berre stille. Synlegheit er ikkje tvang. Synlegheit er det motsette av vakuumet. Det er nokon som seier, høgt nok til at du høyrer det: du er ikkje åleine.
Og her kjem rektoren inn. Mange unge frå Rauma og Romsdal studerer hjå oss i Volda. Vi utdannar lærarane som skal stå i klasseromma og møte born som den eg ein gong var. Ved høgskulen har vi nettopp vedteke ein ny visjon: «Danning og demokrati». Danning er ikkje å fortelje folk kva dei skal meine – det er å lære dei å tenkje sjølve, og å sjå mennesket i den andre. Demokrati er ikkje berre at fleirtalet får viljen sin; det er like mykje at vi vernar om dei få.
Eg veit at ikkje alle er samde med meg, og det skal det vere rom for. Eit ope og tolerant ordskifte er kjernen i det vi driv med på ein høgskule, og eg forsvarar gjerne retten din til å meine noko anna enn meg. Men kor mykje eit menneske er verdt, er ikkje ei meining vi skal krangle om. Det ligg fast.
For berre nokre veker sidan fekk Høgskulen i Volda Bygdeprideprisen. Då eg takka for han, sa eg at den prisen ikkje var min, som rektor. Han høyrde til dei som sit på hybelen og er usikre på om dei vågar å seie høgt at dei elskar nokon. Det står eg ved. Vi er stolte av prisen – og endå stoltare av det han står for.
Så når vi ser alle flagga her i dag, er det eit løfte. Til kvar einaste ein av dykk: Her er du velkomen. Her er du trygg. Her høyrer du til.
Vi står her for dei som framleis må gøyme seg. Vi står her for guten med læreboka. Og mest av alt står vi her for kvarandre – fordi kjærleik er kjærleik, og fordi vi saman byggjer eit varmare og opnare samfunn.
Riktig god Rauma Pride!