Rektor si orientering til styret 27.10.2023

Styret ved Høgskulen i Volda.

Masteren «Natur, kultur og sosial berekraft»
Det er ei glede å kunne informere styret om at kommisjonen og NOKUT har akkreditert masteren i «Natur, kultur og sosial berekraft». Rett før sommaren fekk vi tilsendt den foreløpige rapporten, som hadde til dels store spørsmål knytt til ei eventuell akkreditering. Fagmiljøa på AKF arbeida svært godt og svarte desse spørsmåla godt ut, og det førte mellom anna til ei namneendring, ein fekk inn sosial berekraft i staden for berekraft for å gjere samanhengen mellom namn og læringsutbytteformuleringar tydelegare. I starten av oktober kom den gledelege meldinga om at masteren vart akkreditert. Vegen vidare no vert å vurdere økonomien knytt til masteren, og styret har eksplisitt bedt om ei sak knytt til dette. Reelt sett må nok dette skje ved omprioritering internt, då våre tidlegare søknadar om nye studieplassar til denne masteren til Kunnskapsdepartementet ikkje har nått fram. Dette er også slik HVO tidlegare har finansiert dei fleste av dei to-årige masterane vi har. Vidare må vi også søke Kunnskapsdepartementet om godkjenning til å starte opp masteren. Ein eventuell oppstart ser vi for oss fyrst i 2025. Les meir om innhaldet i masteren her.

Søknad om akkreditering av doktorgraden Utdanning, språk og kultur
Her er ikkje noko nytt frå sist styremøte, vi ventar framleis på den foreløpige rapporten frå kommisjonen, der signala var at den skulle kome i løpet av oktober.

Studentar utanfor EU/EØS
Regjeringa har, som venta, fortsett økonomisk trekk for studentar utanfor EU/EØS. Målet er at desse studentane no skal betale for å studere i Noreg. HVO har vore svert kritiske til dette, saman med resten av UH-sektoren. Det har kome eit framlegg til ei stipendordning frå regjeringa på inntil 200 masterstudentar med som skal bøte på utfordringane som har oppstått i kjølvatnet av kravet om eigenbetaling for studentar utanfor EU/EØS vart innført. Innrettinga på stipenda har større preg av å vere bistandsarbeid enn internasjonalt kunnskapsarbeid. På masteren vår i Media Practices har eit mangfald av studentar vore viktig for å få ei breidde av erfaringar frå ulike land. Dette studentmangfaldet har også vore ein viktig del av studentmiljøet i Volda. Eit mangfald vi no i stor grad mister, som er ei stor bekymring. Stipendordninga kom på ei svært kort høyringsrunde, og HVO har svart og peikar mellom anna på nettopp dette, samt utfordringa med at stipend for inntil 200 studentar ikkje kjem i nærleiken av å kunne erstatte alle dei studentane UH-sektoren har mista. Per no er status på HVO at vi har 8 betalande studentar fordelt på studieprogramma Master in Media Practices, Norsk for internasjonale studentar og barnehagelærarutdanninga. Les meir om stipendiatordninga her.

Prosjekt på høgskuleområdet
Som vi kjem tilbake til seinare i ei sak i dag, så er oppussinga av Hans Strøm-huset i rute. Denne veka er det gjennomføring av ferdigbefaring, og vidare vert det handsaming av avvika. Det ser ikkje ut til at der er store avvik, men ein del små som må rettast opp. Fasaden vert ferdig i løpet av november. HVO er allereie i gang med å montere AV-utstyr og det er planlagt at dei tilsette kan flytte inn frå 20. november. Ein vil ta huset i fullt bruk med undervising frå januar 2024.

Statsbygg har også sett gang ei oppussing av idrettsbygget, der er eit større prosjekt for å nå reglane for universell utforming. Det er samtidig fleire andre opsjonar som Høgskulen ser på som moglegheiter, men som vi eventuelt må stå for sjølv økonomisk. Dette er til dømes eit treningsrom for studentane i ein del av bygget, jamfør at HVO måtte stenge det treningsrommet vi hadde for ei stund tilbake. Her må ein eventuelt prioritere investeringsmidlar til dette om det skal gjennomførast. Det er ikkje planlagt å stenge idrettsbygget i perioden arbeidet skjer, og vi har vore tydeleg på at det må takast særleg omsyn til eksamensperiodane, då store skuleeksamenar vert avvikla i bygget.  

Leiarsamling – UH-Nett Vest
Den 10.-11. oktober var rektor, direktør, dekanane, forskingssjef og personalsjef på leiarseminar saman med andre leiarar i UH-Nett Vest. UH-nett Vest er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda. Vidare er NLA Høgskolen og VID vitenskaplige høgskole assosierte medlemmer i nettverket. Nettverket sitt mål er å styrke forsking og utdanning på Vestlandet, og oppstod i forkant av regionsreforma, saman med fleire andre regionale nettverk i UH-sektoren. Konferansen hadde eit variert og godt program, og er ei viktig kontaktflate mot både regionen og politiske aktørar. Statsråd Sandra Borch opna konferansen, og fleire medlemar av Utdannings og forskingskomiteen var deltakarar på heile konferansen. Konferansen har vorte ein viktig arena for samarbeid mellom institusjonane på Vestlandet og også med tanke på å bygge relasjonar med nasjonale politiske aktørar. Heimesida til UH-nett Vest finn de her.

Rektorane i UH Nett Vest frå venstre: Odd Helge Mjellem Tonheim (HVO), Klaus Mohn (UiS), Margateth Hagen (UiB), Sigbjørn Sødal (NLA), Bård Mæland (VID) og Gunnar Yttri (HVL).

Statsbudsjettet og nytt finansieringssystem frå og med 2025
Til slutt nokre ord om statsbudsjettet og nytt finansieringssystem frå og med 2025. Statsbudsjettet for 2024 kjem vi tilbake til ei eiga sak seinare i dag. Rektor har også skrive eit eige blogg-innlegg om dette, som de finn her.  Kort oppsummert er dette er eit budsjett der HVO får ein realnedgang i løyvingane. Rett nok er nedgangen delvis varsla på førehand, men det endrar ikkje på realitetane med tanke på at HVO får nedgang i løyvingane. Vidare er det også skjult ei anna utfordring i budsjettet, nemleg at det som er gitt som rammeauke er i realiteten midlar HVO delvis allereie får eller har fått via søknad til HK-Dir. Desse midlane er også til dels øyremerka (den eine delen til lærarutdanning og den andre til desentrale og fleksible utdanningar). Eg tenker det er positivt at vi får pengane direkte i ramma, i staden for at vi må søke via HK-Dir, då dette fører til ei reell avbyråkratisering, men samtidig fører ikkje dette til meir pengar til sektoren. Den store utfordringa for HVO framover er utfasinga av koronastudieplassane, rektor er bekymra for at denne utfasinga vil føre til at dei 2-3 neste budsjetta for HVO vil sjå endå raudare ut, noko vi må førebu oss på.

Det er også gitt nokre signal om korleis det nye finansieringssystemet kjem til å sjå ut frå og med 2025. Det er planen at vi vil kome tilbake til dette i neste styremøte. Regjeringa skrur på mange knappar i det nye finansieringssystemet, og det gjenstår å sjå kva som vert resultatet her. Ein del resultatinsentiv forsvinn, som til dømes publisering og internasjonale studentar. Vidare vert det ei forenkling ved at ein går frå seks kategoriar (A-F) innan finansiering av studieplassar til 3 kategoriar, og det ser ut til at studiepoengproduksjonen kan få ei svak auke i finansieringa, og det vil vere avgjerande korleis HVO sine utdanningar plasserer seg inn i dei nye kategoriane. Vidare ser det ut til at kandidatindikatoren vert gjort om til ein ganske komplisert indikator knytt til gjennomstrøyming på grader, der institusjonane får eit økonomisk insentiv om ein har betre gjennomstrøyming på normert tid i grader enn gjennomsnittet i sektoren og også auka gjennomstrøyminga, men økonomisk nedgang om ein ligg under snittet i sektoren eller går tilbake. Den økonomiske storleiken på denne indikatoren, og korleis dette vil slå ut er framleis usikkert. Styret har tidelgare bedt om ein gjennomgang av dette, og eg tenker det er naturleg at det i neste styremøte vert sett ned ei gruppe som skal vurdere budsjettmodellen til HVO opp mot justeringane i den nye finansieringsmodellen.