Kjære studentar, nye som gamle, kjære gjestar og kjære kollegaer,
Velkomen til eit nytt studieår ved Høgskulen i Volda! Det er ei stor glede å sjå så mange engasjerte og forventningsfulle ansikt her i dag. Vi står saman ved starten av eit nytt kapittel. Men før det kapitlet begynner må vi reflektere litt over kven er Høgskulen i Volda?
Høgskulen i Volda er meir enn berre ein høgskule. Det er ein stad der vi alle, både tilsette og studentar, arbeider saman for å nå visjonen vår: Kompetanse for eit betre samfunn. Lat meg fortelje dykk om fem av våre dyktige tilsette som kvar dag legg si sjel i å gje dykk den beste moglegheita for læring og utvikling.
Elisabeth, høgskulelektor på idrett og kroppsøving. Elisabeth ser verkeleg kvar og ein av studentane, og er tett på og hjelper kvar student til å lære og utvikle seg med utgangspunkt i der kvar student er. Ho forskar på praksisfeltet og ser kvar og ein av studentane sine og er genuint oppteken av at de skal lære og utvikle dykk. Elisabeth er alltid tett på studentane for å gje støtte i studiekvardagen. Elisabeth er eit strålande døme på korleis våre tilsette er tett på.
Inger Marie, professor på historie, forskar mellom anna på historia til midtausten og nyttar denne forskinga aktivt i undervisinga si. Ho viser korleis vi kan lære av historia for å forstå verda vi lever i i dag, og ho inspirerer og utfordrar studentane til å tenkje kritisk og analytisk. Inger Marie representerer korleis vi utforskar og utfordrar.
Arne Kåre, dosent på matematikk. Arne Kåre brenn for å skape den beste lærarutdanninga de kan få. I undervisinga si arbeider han utrettelig for å sikre at de får den kunnskapen og dei ferdigheitene de treng for å verte dyktige lærarar. Han stiller spørsmål og utfordrar studentane til å tenke sjølv. Arne Kåre er eit symbol på korleis vi er i dialog og skapar saman.
Steinar, førstelektor på mediefag. Steinar har eit levande engasjement for å gje studentane ein god praksisopplevelse. For å gjere dette utviklar og forskar han på praksisfeltet, slik at de får ei solid og relevant utdanning som gjer dykk godt førebudde på arbeidslivet. Steinar er eit symbol på korleis Høgskulen er nysjgerrig.
Iulia, rådgjevar i studieadministrasjonen. Iulia er eit fyrverkeri av energi og engasjement. Ho skapar gode internasjonaliseringsmoglegheiter for studentane og ho ser til at de får moglegheita til å utvide horisontane dykkar gjennom internasjonale erfaringar. Iulia er eit levande døme på korleis vi er opne og inkluderande.
Men korleis veit eg dette, jo eg snakkar med mange av mine kollegaer. Og det er viktig at du som student gjer. Snakk med dine medstudentar, snakk med dine faglærarar, snakk med dei i studentsørvis, snakk med studentpresten og studenthumanisten. På den måten tek du vare på både deg sjølv, og du arbeidar også aktivt med å få deg ei trygg og best mogleg utdanning.
Desse fem tilsette er eit symbol på Høgskulen i Volda. Og alle våre tilsette arbeidar for å gje dykk den beste utdanninga basert på den nyaste forskinga. Saman utgjer vi Høgskulen i Volda, og vi består av mange tilsette som dagleg legg si sjel i å skape ein god studiekvardag for kvar og ein av dykk og skape dei beste og tryggaste rammene for at de skal utvikle dykk. Resten må de faktisk gjere sjølv.
[Tilbake til video på storskjerm, om mogleg vise studentar frå forsamlinga]
For Høgskulen i Volda er ikkje berre oss tilsette. Høgskulen er mest av alt alle dykk studentar. Det er nettopp for dykk vi er her, og saman skal vi nå visjonen vår: Kompetanse for eit betre samfunn. Vi skal forske, vi skal utdanne, vi skal utvikle, og vi skal formidle.
Og alt dette befinn seg midt i Studiebygda Volda. Midt mellom fjord og fjell finn de eit unikt studiemiljø med eit rikt sosialt liv og gode moglegheiter for friluftsliv. Volda er kjent for sine aktive studentar og eit nært og kjært studiemiljø. Her vil de finne nokre av dei billigaste studentbustadene i Noreg, og de vil alltid vere nær faglærarane dykkar.
Eg oppmodar dykk alle til å gripe dei moglegheitene som ligg framfor dykk. Engasjer dykk i studia, delta aktivt i undervisninga, og ta del i det rike faglege og sosiale miljøet vi har her ved Høgskulen i Volda. Saman kan vi skape noko stort, og saman kan vi bidra til å gjere verda litt betre.
Lukke til med det nye studieåret!
Dear students, new and returning, dear guests, and dear colleagues,
Welcome to a new academic year at Høgskulen I Volda. It is a great pleasure to see so many engaged and expectant faces here today. We stand together at the beginning of a new chapter. But before this chapter begins, we must reflect a little on who Volda University College is.
Volda University College is more than just a university college. It is a place where we all, both staff and students, work together to achieve our vision: Competence for a better society. Let me tell you about five of our dedicated staff members who put their heart and soul into giving you the best opportunities for learning and development every day.
Elisabeth, a lecturer in sports. Elisabeth truly sees each and every one of her students and is close to them, helping each student to learn and develop based on where they are. She is genuinely concerned that you should learn and develop. Elisabeth is always close to the students to provide support in their daily studies. Elisabeth is a shining example of how our staff are close to the students.
Inger Marie, a professor of history, researches the history of the Middle East and actively uses this research in her teaching. She shows how we can learn from history to understand the world we live in today, and she inspires and challenges students to think critically and analytically. Inger Marie represents how we explore and challenge.
Arne Kåre, a docent in mathematics. Arne Kåre is passionate about creating the best teacher education you can get. In his teaching, he works tirelessly to ensure that you gain the knowledge and skills you need to become competent teachers. He asks questions and challenges students to think for themselves. Arne Kåre is a symbol of how we engage in dialogue and create together.
Steinar, a senior lecturer in media studies. Steinar has a lively commitment to giving students a good practical experience. To do this, he develops and researches the field of practice so that you receive a solid and relevant education that prepares you well for working life. Steinar is a symbol of how Volda University College is curious.
Iulia, an advisor in the study administration. Iulia is a firework of energy and commitment. She creates good internationalization opportunities for students and ensures that you have the opportunity to broaden your horizons through international experiences. Iulia is a living example of how we are open and inclusive.
But how do I know this? Well, I talk to many of my colleagues. And it is important that you, as a student, do the same. Talk to your fellow students, talk to your lecturers, talk to those in student services, talk to the student chaplain and the student humanist. In this way, you take care of yourself, and you also actively work to get a safe and best possible education.
These five staff members are a symbol of Volda University College. And all our staff work to give you the best education based on the latest research. Together, we make up Volda University College, and we consist of many staff members who daily put their heart and soul into creating a good study environment for each and every one of you and creating the best and safest framework for you to develop. The rest, you actually have to do yourself.
For Volda University College is not just us staff. The university college is most of all all of you students. It is precisely for you that we are here, and together we will achieve our vision: Competence for a better society. We will research, we will educate, we will develop, and we will communicate.
And all this is located in the Study Village of Volda. In the middle of fjords and mountains, you will find a unique study environment with a rich social life and good opportunities for outdoor activities. Volda is known for its active students and a close and cherished study environment. Here you will find some of the cheapest student housing in Norway, and you will always be close to your lecturers.
I encourage you all to seize the opportunities that lie ahead of you. Engage in your studies, participate actively in the teaching, and take part in the rich academic and social environment we have here at Volda University College. Together we can create something great, and together we can help make the world a little better. Good luck with the new academic year!