Rektor si orientering til styret 7.9.2023

Studiestart

15. august var det igjen tid for studiestart, og mange studentar tok vegen til Volda. Eg skal ikkje gå inn på søkjartal og møtte studentar no, det kjem i ei eiga sak seinare. Men eg vil vere tydeleg på at det er fleire utdanningar vi gjerne skulle sett eit vesentleg høgare søkjartal på, samtidig som det også er utdanningar som har svært gode søkjartal. Men gjennomføringa av studiestart har gått bra, og mange nye studentar er komt til Volda eller starta på ei nett- eller samlingsbasert utdanning. Nytt av året er at studentsamskipnaden i Volda hadde hybelgaranti for alle studentar som søkte om hybel hjå dei før 1. mai. Vidare hadde dei også ledige hyblar heilt fram til studiestart.  Studiestart er eit stort prosjekt som omfattar mange tilsette og studentar. Og planlegginga byrjar av neste års studiestart byrjar no med ei evaluering av årets studiestart. Eg vil, på vegne av styret, takke alle som har lagt ned ein stor innsats i å ønske nye og gamle studentar velkomne til Volda. Særleg vil eg takke faddervekestyret, som har lagt ned ein stor innsats i å arrangere ei vellukka fadderveke.

Akkrediteringsprosess doktorgrad i Utdanning, språk og kultur
Høgskulen i Volda er sjølvakkrediterande på bachelorgrader, men når det gjeld mastergrader og doktorgrader må Høgskulen søke NOKUT om akkreditering. Høgskulen har søkt om akkreditering av ei doktorgrad med tittelen «Utdanning, språk og kultur». Kommisjonen har i vårsemesteret arbeida seg gjennom dei innsendte papira, og var 28. og 29. august på besøk på Høgskulen. Her møtte dei over 60 personar, alt frå masterstudentar, doktorgradsstudentar, fagtilsette, administrativt tilsette, eksterne samarbeidspartar til leiinga. Ei slik doktorgrad er eit viktig løft for Høgskulen, og kjem i tillegg til doktorgrada «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving – vilkår og utvikling» som vi har saman med Høgskulen i Molde. Doktorgrada i «Utdanning, språk og kultur» er forankra i strategiplanen, og styret gjorde vedtak i oktober i fjor om å sende inn søknaden. Doktorgrada er planlagt som ei fleirfagleg forskarutdanning i møtet mellom disiplinar og profesjonar på Høgskulen, der kjerna i programmet er i møtet mellom utdanning, språk og tekst, skriftkultur og ulike kulturmøte, og det har eit særleg fokus på fagdidaktiske og andre tilnærmingar som går på tvers av disiplinar og profesjonar ved HVO. Denne doktorgrada vil vere eit viktig løft for høgskulen både innan utdanning og forsking. Møtet med kommisjonen bar preg av gode diskusjonar knytt til doktorgrada og Høgskulen. Kommisjonen var særleg opptekne av kva som var kjerna i programmet, og kva fagområde/vitskapleg område denne doktorgrada høyrer til. Vi venter ein førebels rapport frå NOKUT i løpet av oktober, som vi kan kommentere og svare på, og endeleg avgjerd i NOKUT sitt styre i desember. Ein kan lese meir om besøket her.

Akkrediteringsprosess av master i natur, kultur og sosial berekraft
Høgskulen har søkt om akkreditering av ei mastergrad på Avdeling for kulturfag med tittelen Natur, kultur og sosial berekraft. Rett før sommaren fekk HVO tilsendt foreløpig rapport frå kommisjonen som vurderer søknaden med ein del spørsmål og avklaringar. Rapporten var tydeleg på at der var ein del som måtte avklarast før vi eventuelt ville få masteren godkjent, mellom anna samanhengen mellom namn og innhald i studiet. Avdelinga har arbeida godt gjennom sommaren med å gjere justeringar i søknaden, svare ut dei spørsmåla som var uavklart og har også endra namnet på mastergrada, til natur, kultur og sosial berekraft for å tydeleggjere samanhengen i studiet. Høgskulen sende svar på rapporten innan fristen den 18. august. Vi ventar endeleg rapport i slutten av september og formelt avgjerd frå NOKUT kort tid etter.  

Framdrift ombygging/renovering av Hans Strøm-huset

Hans Strøm-huset under oppussing.

Høgskulen pussar opp Hans Strøm-huset i samarbeid med Statsbygg. Statsbygg pussar opp ein del naudsynt infrastruktur og fasade, medan Høgskulen oppgraderer undervisings- og kontorlokaler. Oppussinga er omtrent i rute, og dato for overlevering til Høgskulen er 1. november no i haust. Deretter vert det ein periode med montering av møblar og IT utstyr samtidig som Statsbygg ferdigstiller rehabiliteringa av betongfasada i løpet av november. Tilsette skal etter planen vere innflytta i nye kontor før årsskiftet og vi kan ta i bruk undervisingsroma frå 1. januar 2024. Høgskulen har fått ei prisauke på 6,6 % ut frå opprinneleg budsjett og ramme på prosjektet. Prosjektet er eit stort løft med oppussa og framtidsretta undervisings-, student- og tilsettareal.

Aasenkvartalet Norsk innovasjonssenter

Illustrasjon: Ratio arkitekter

Det skjer mykje på høgskuleområdet. Det er mange som investerer i området rundt oss. Volda kommune har bygd både ny barneskule og ny ungdomsskule som begge er nærmaste naboar til Høgskulen. I tillegg har det kome opp ein heilt ny innendørs handball/idrettsarena (Volda Campus Sparebank 1 Arena), høgskulen sjølv har sett opp Sivert Aarflot-huset som vi no sit i, sjukehuset utvidar, og Volda kommune bygger no nytt symjeanlegg. Eit anna stort prosjekt er Aasen-kvartalet med planar om tre byggetrinn som i svært stor grad vil utvikle området her. Volda Utvikling, som er det selskapet som står for utbygginga, har sikra seg avtale om investering med Sisa invest AS for byggjetrinn 1. Bak Sisa Invest AS står Bjørn Dæhlie. Fyrste byggetrinn er der Ivar Aasen-huset, som HVO leiger fram til oppussinga på Hans Strøm-huset er ferdig, no står. Dette skal rivast og det skal førast opp eit nytt bygg som mellom anna skal huse Norsk innovasjonssenter og skal romme samhandling og tverrfagleg innovasjon til nytte for næringsliv, kommunar, helseføretak, studentar og fagmiljø.

Vernepleie-/sjukepleieutdanning Høgskulen i Volda?
I høgskulen sitt innspel til statsbudsjett for 2024 bad styret om og sette sjølv av midlar i budsjettet for 2023 til å greie ut om Høgskulen bør vurdere å starte vernepleiarutdanning og sjukepleiarutdanning i Volda og eventuell planlegging av dette. Utgreiingsarbeidet er i gang og vert leia av tidlegare dekan Randi Bergem. Det har vore gjennomført fleire møte med sjukehuset i Volda, leiarar av den kommunale helsesektoren og andre aktørar, også politiske, i samband med utgreiinga og også mellom anna for å kartlegge grunnlaget for praksisplassar. Høgskulestyret får dette opp igjen som sak ved fleire høve, og i fyrste runde til vurdering i oktobermøtet, når styret skal lande kva vi skal spele inn som framlegg til statsbudsjettet 2025, der det vil vere naturleg å vurdere å be om studieplassar til vernepleie/sjukepleie. 

Det er viktig å ha desentraliserte utdanningar som kan vere tilbod til dei som elles ikkje ville tatt utdanning. For mange, m.a. familiefolk og andre som er etablerte på ein stad av andre grunna, er det uaktuelt å pendle langt eller flytte for å ta utdanning. Det sit truleg langt inne for person etablert på Grodås å flytte eller pendlar til Ålesund eller Molde for å ta utdanning, men vil kanskje ta utdanninga viss ho er i Volda. Desse gruppene må vi nå tak i for å sikre rekruttering til og kompetanse i helse- og omsorgstenester i regionen. Nettopp det er eit svært viktig føremål med sjukepleiarutdanning og vernepleiarutdanning ved HVO. Det vil også bidra til å styrke HVO, Volda sjukehus og anna verksemd i regionen. Vi må starte dialogen med Nordfjord.