I løpet av dei første månadane i 2015 har vi presentert foreløpige funn frå prosjektet i fleire samanhengar.
25. februar deltok Anders Aschim i ein workshop med temaet «Migration, Transnationalism and Catholicism» ved Middlesex University London. Presentasjonen hadde tittelen » – We do it for God – and for ourselves: The Polish construction of a Norwegian Catholic place of worship» og drøftet den nyanlagte Mariahagen ved Vår Frue kyrkje i Ålesund.
Sjølve arrangerte vi workshop’en «Christian Migrants in the Nordic Countries» ved Høgskulen i Volda 24.-25. mars. Her gav Anders ei generell orientering om prosjektet, medan Marte Giskeødegård og Lars Julius Halvorsen presenterte nokre av funna, mellom anna foreløpige resultat av ei spørjeundersøking vi nettopp hadde gjennomført i Ålesund og seinare gjentok i Gursken.
Marte hadde også ein presentasjon ved årskonferansen til Norsk Antropologisk Forening i Trondhem 7.-9. mai. Tittelen var «Polsk + Katolsk = Sant? Menighet, fellesskap og tilhørighet blant polske migranter på Sunnmøre».
Under Fjordkonferansen 2015 i Loen 18.-19. juni la Elisabeth Busengdal og Finn Ove Båtevik fram paperet «Alternative arenaer i integreringsarbeidet – den katolske kyrkja som bindeledd mellom arbeidsinnvandrarar og lokalsamfunn». Arbeidet byggjer på Elisabeth si masteroppgåve i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Vi gratulerer Elisabeth med fullført mastergrad.
Endeleg presenterte Anders, Marte og Lars eit paper ved konferansen til International Society for the Sociology of Religion i Louvain-la-Neuve i Belgia 5. juli. Tittelen var «Immigration and Catholic Church Growth in Coastal Norway». Anders gav eit samandrag av paperet under sesjonen «Current Concerns in Congregational Research».