Ora et labora. Katolske arbeidsinnvandrarar på Sunnmøre

Korleis og i kva grad bidrar Den katolske kyrkja til integrering av arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa i lokalsamfunn, arbeidsmarknad og sivilsamfunn? Dette er det sentrale forskingsspørsmålet i prosjektet «Ora et labora», eit fellesprosjekt mellom Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda og Møreforsking.

I seinare år har Nordvestlandet tatt imot eit stort tal arbeidsinnvandrarar. Mange av dei kjem frå land med ein sterk katolsk tradisjon. Vår Frue kyrkje i Ålesund er ein av dei raskast veksande katolske kyrkjelydane i Noreg. Ved å studere denne kyrkjelyden vil vi undersøkje kva Den katolske kyrkja har å seie for polske migrantar på Nordvestlandet. Vi vil nytte etnografiske metodar (intervju og observasjon), historiske metodar og spørjeundersøkingar, forutan analyse av dokument og registerdata.

Religion og religiøse forsamlingar kan vere ein viktig faktor i migrantar sitt arbeid med å finne seg til rette i ein ny situasjon og eit nytt miljø. I migrasjonsforskinga er dette enno eit lite studert felt. Europeisk forsking om migrasjon og religion har hatt eit sterkt fokus på islam, og det meste av forskinga er gjort i storbyar. Men mange migrantar kjem frå ein kristen bakgrunn, og eit stort tal er busette i mindre byar og bygder. Vår studie vil vere eit bidrag til eit fyldigare bilde av religionen si rolle for integrering i det norske samfunnet.

Prosjektperioden er to år, 2014-2016. Forskargruppa blir leia av professor, dr. philos. Anders Aschim ved Høgskulen i Volda. Den omfattar forskarar med kompetanse i religionsvitskap, teologi, historie, geografi, sosiologi og sosialantropologi. To masterstudentar er knytte til prosjektgruppa. Prosjektet er finansiert av Møreforskings forskingsfond.

For meir informasjon, kontakt
Anders Aschim
Tlf. (+47) 7007 5198
Anders.Aschim@hivolda.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *