Rektors orientering til styret 7. mars 2024

Doktorgrad i utdanning, språk og kultur

Det er ei glede å melde til styret at doktorgrada i utdannings, språk og kultur no er akkreditert. NOKUT kommisjonen leverte ein svært positiv rapport, der planane og fagmiljøet fekk mykje skryt. Vi er no sjølvakkrediterande på til og med masternivå innan fagområda som som doktorgrada femner om. Høgskulen har søkt Kunnskapsdepartementet om tillatelse til å starte opp utdanninga. Styret vil så snart som råd få ei ny sak om doktorgrada på bodret, det ein ser nærmare på dei vidare planane, inkludert plan for oppstart, eit blikk på økonomien og kva fordelar det er med å få i gang ei slik doktorgrad på Høgskulen.

Kakefest for ny doktorgrad. Foto: HVO / Steinarr Sommerset

Fokus på dagleg drift

Som de veit så er direktør Emblem sjukemeldt, og vi har fått inn ein fungerande direktør til å ta unna dei løpande oppgåvene. Mi oppleving er at dette fungerer godt samla sett, og at den daglege drifta på høgskulen er sikra på ein god og trygg måte.

Studiebarometeret 2023

I februar kom tala frå studiebarometeret. Studiebarometeret er ei nasjonal studentundersøking som NOKUT gjennomfører kvar haust, og det er andre- og femte-årsstudentar som er respondentar. Dei overordna resultata ser det på figuren som de ser på skjermen no. Med eitt unntak er dette ei gruppering av fleire spørsmål i undersøkinga, og vert gjerne kalla for hovudområde. Samanlikna med nasjonale tal så ligg HVO under på 2 hovudområde, nemleg studentane sitt eige engasjement og korleis studentane opplever organiseringa av studieprogrammet. På to andre hovudområde, nemleg korleis studentane opplever tilbakemeldinga og rettleiinga og tilknytinga til arbeidslivet, ligg HVO over landssnittet. Og på tre områder, undervising, fagleg og sosialt miljø og vurderingsformer ligg vi likt med landssnittet. Når vi samanliknar med oss sjølv for året før, så ser vi at det er ein tilbakegang på fem hovudområde og vi ligg stabilt på to. Når vi ser på den nedste linja i diagrammet ser vi korleis studentane svarar på spørsmålet: «Eg er, alt i alt, nøgd med studieprogrammet eg går på?». Her ser vi at HVO har ein tilbakegang frå i fjor, og ligg på 3,8. Landssnittet ligg på 4,0. Dette er resultat HVO sjølvsagt samla sett ikkje er nøgd med. Resultata frå studiebarometeret vert arbeida med i kvalitetsarbeidet, og har mellom anna vore diskutert på dekanmøtet, i ulike avdelingsmøter og møter med studieprogramleiarane. Og resultata her vil vere med på å danne eit av fleire grunnlag inn i emne og studieprogramevaluringane som igjen dannar grunnlag for studiekvalitetsrapporten.

Sjølv om dei overordna resultata ikkje er noko å rope hurra for, så er det likevel mykje positivt å spore når vi går djupare inn i tala, som til dømes at særleg mediefaga gjer det særs godt i studiebarometeret, og det er det også andre utdanningar som til dømes barnehagelærarutdanningane og bachelor i design, kunst og handverk.