Kan vi freiste fleire til å bli lærarar?

I år kan du søke grunnskulelærarutdanning utan å nå karakterkrava i norsk og matematikk. Det er ingen revolusjon. Det er snarare ei politisk vane å endre opptak, innhald og/eller organisering av lærarutdanninga minst ein gong kvar stortingsperiode.

Sett frå Kaarstad-parken.

Mor og far køyrde meg i sin grå Peugeot til eg byrja på lærarutdanning i 2001. Då var opptakskravet generell studiekompetanse (altså, som i dag, når dei spesifikke opptakskrava er fjerna). Sidan då har det vore tre større endringar av rammeplanane for grunnskulelærarutdanninga, opptaksforskriftene er endra og utdanninga har blitt femårig. Få andre utdanningar er like politisk styrte, men eg er svært usikker på om det styrkjer kvaliteten i norsk lærarutdanning eller ikkje. Det er bra det er politisk interesse for skule og lærarutdanning, men forskrifter og endra titlar på vitnemål gjer lite aleine.

Eg hadde alltid lyst til å bli lærar. Eg trur ikkje eg hadde nokon spesiell grunn, men det var noko med det å arbeide med barn og ungdom, med ulike fag, oppleve meistring og skape gode og trygge kvardagar for barn og unge som freista meg. Gode lærarar blei førebilete, og heime på garden snakka foreldra mine om skule som noko viktig. Det var eit yrke eg kjende til, som kunne gi stor meining for andre og meg sjølv, og eg hadde ein fridom til å velje fag, bustad og alderssteg etter kva eg fekk lyst til seinare i livet. Det ligg fleire nøklar til å få fleire til å verte lærarar i dette.

1. Vi som er lærarar må fortelje til verda kvifor vi er lærarar, og kva som gjer at vi framleis arbeider i og med dette yrket. Som det å bidra til og oppleve at vesle Lise knekker lesekoden, eller at Herman forstår brøkrekning. Det å oppleve elevar som meistrar både fagleg og sosialt er noko for seg sjølv, og mange lærarar opplever dette nesten kvar dag. Og ikkje minst det å følgje elevane på vegen frå små barn til unge vaksne, og sjå kor dei veks og utviklar seg gjennom år etter år er ein utruleg viktig del av læraryrket. Du får også med deg kjekke kollegaer, som heiar på og støttar kvarandre. Og vi må heller ikkje gløyme at du kan arbeide kvar som helst i heile landet og det er forholdsvis enkelt å få seg fast jobb. 

2. Lærarar er viktige personar i barn og unge sine liv, og spelar ei nøkkelrolle på vegen når barn utviklar seg og vert til sjølvstendige vaksne. For å få til dette treng skulen hjelp frå fleire. Fagforeiningar, heimar og samfunnet må snakke positivt om lærarar og vise at skule er viktig. Haldningar som vi vaksne har til lærarar og skule smittar over på borna og unge som vi omgår dagleg. Når skrytte du sist av ein lærar?

3. Vi i høgare utdanning må vise at det er mange vegar til å bli lærarar, og at  barnehage- og  grunnskulelærarutdanningane er berre nokre av vegane. Igjen er det berre nokre av desse som har eller har hatt spesifikke opptakskrav. Det er nemleg mange og varierte vegar inn i læraryrket. Mange som byrjar på ei høgare utdanning veit kanskje ikkje enno at det er lærar dei vil ende opp som. Eller kanskje ein finn ut at ein vil verte lærar etter eit langt yrkesliv? Det er også mogleg.  

I følgje SSB er nesten 15 prosent av alle som arbeidar som lærarar i skuleverket utan godkjent pedagogisk utdanning. Dette viser kor viktig det er å få fleire inn i utdanningane, men aller viktigast, kvalifiserte lærarar ut av utdanningane. Det er viktig, sjølv om dei spesifikke opptakskrava no er letta på, så vil det ikkje verte enklare å fullføre utdanningane av den grunn. Alle som endar med eit vitnemål som grunnskulelærar skal oppfylle dei same krava, og skal gjennom omfattande praksisopplæring i tett samarbeid med det arbeidslivet studentane skal ut i. Studentane vil få god opplæring i skulefaga dei skal undervise i og ikkje minst ei god pedagogisk ballast, som gjer dei i stand til å hjelpe elevane til å lære og meistre.  

Så kanskje nokon får ein ny start på lærarlivet sitt når deira foreldre køyrer dei i ein svart Tesla model Y til si lærarutdanning.

Odd Helge Mjellem Tonheim

Orientering frå rektor 20. juni 2024

Lærarutdanningane

Som styret er informert om tidlegare så er det låge søkartal på grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. Kunnskapsdepartementet har opna for at ein kan søke om fritak frå dei spesifikke opptakstala på grunnskulelærarutdanningane, og det har høgskulen gjort. Vi har søkt om fritak frå alle spesifikke opptakskrav på grunnskulelærarutdanningane, slik at ein student med generell studiekompetanse kan få opptak. Vi ventar svar frå Kunnskapsdepartementet der. Vi har også søkt departementet om studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning frå 2025, basert på at kunnskapsdepartementet opna opp for å søke om dette for kort tid sidan.

Universitetskriteria

Kunnskapsdepartementet har sendt forslag til endringar i studiekvalitets- og studietilsynsforskriften på høyring. Her foreslår kunnskapsdepartementet å endre på universitetskriteria, slik at standarden vert at det er minst ei doktorgrad som er dekkande for vesentlege delar av institusjonens verksemd med fleire andre justeringar. Dette vert det vesentleg for høgskulen å gå inn i og sjå på, òg kome ei høyringsfråsegn til departementet innan fristen. Dette vil også aktualisere diskusjonen om korleis HVO skal posisjonere seg i UH-landskapet frammover.

UH-Nett Vest

UH-Nett Vest er ei universitets og høgskuleallianse som har eksistert i mange år. Det er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, VID Vitenskaplige høyskole og NLA. HVO har vore medlem nesten sidan starten. Avtala skal no fornyast for perioden 2025 – 2028. Formålet med nettverket er å vere eit regionalt nettverk som skal bidra til å styrke høgare utdanning og forsking ved medlemsinstitusjonane gjennom et forpliktande nettverkssamarbeid. Eit av dei viktigaste samarbeidspunkta er Solstrandskonferansa, der leiinga ved medlemsinstitusjonane møter sentrale politikarar som statsråd for høgare utdanning og forsking/statssekretær og fleire frå utdannings og forskingskomiteen frå Stortinget. Dette har vorte ein sentral møteplass mellom UH-institusjonane på Vestlandet og sentrale politkarar for sektoren. Mi vurdering som rektor er at dette er ein viktig arena for HVO å fortsett vere med på, gitt at vi får ein unik moglegheit til å nå inn til sentrale politikarar og også å vere med i eit UH-Nettverk som har som mål å bygge UH institusjonane på Vestlandet.

Utnemning av styrerepresentant SiVolda

Høgskulen skal nemne opp ein representant til styret i Studentsamskipnaden i Volda, og her har det vore rektor som no peikar ut. Normalen no har vore at det er prorektor som er fast representant, og rektor som er vara. Og det tenker rektor er det naturleg å fortsetje med, gitt at koplinga mellom Studentsamskipnaden i Volda og leiinga på Høgskulen er vesentleg.

FLAGG OG PARADE FOR TRYGGLEIK OG KJÆRLEIK

I mai kan du sjå at logoen til Høgskulen i Volda er kledd i fargane i regnbogen. Vi vel òg å flagge med regnbogeflagget i veka Bygdepride går føre seg, og vi stilte sjølvsagt òg i Bygdepride-paraden. Studentar, tilsette og ikkje minst brukarane av tenestene vi utdannar til (som skule, Nav, media og barnevernet), treng at vi er trygge og tydelege på at mangfald er ønskt, og at kjærleik treng tryggleik.

Det er viktig for Høgskulen å støtte opp under Bygdepride, og eg kjem tilbake til dette etter kvart. Men først: Er Bygdepride eigentleg viktig den dag i dag? Seksuell omgang mellom menn vart avkriminalisert i 1972. I 1993 vart partnarskapslova vedteken, likekjønna ekteskap vart tillate i Noreg i 2009, og sidan 2017 har homofile òg kunna gifta seg i Den norske kyrkja.

Så kvifor er det eigentleg noko poeng å framleis feire Bygdepride eller Pride? Sjølv om det i Noreg er betre forhold for skeive i dag enn tidlegare, å er det ikkje lenge sidan ting såg annleis ut. I år er det 50 år sidan den første pride-markeringa på Universitetsplassen i Oslo. Ingen av studentane våre har levd heile livet i eit Noreg der likekjønna kunne gifte seg og få like rettar som heterofile i staten. Det er heller ikkje like enkelt å vere skeiv andre stader i verda. I nabolandet vårt Russland er undertrykkinga av homofile aukande, og for under to år sidan vedtok dei ei lov som gjer det straffbart å offentleg vise kjærleik som ikkje er heterofil. I Polen erklærte hundre kommunar seg som homofrie for få år sidan. I om lag 33 prosent av verdas land er homofili forbode. Sju land praktiserer dødsstraff for homofili.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennomfører jamleg undersøkingar om haldninga til LHBTIQ+-personar. Det var færre negative haldningar til ulike former for kjønns- og seksualitetsmangfald i 2022 enn då undersøkingane byrja i 2007. Det er bra. Men det står framleis ein heil del att. Meir enn ein av ti menn «grøssar når dei tenkjer på homofile menn». 12 prosent av mennene er negative til at menn held hender i offentlegheita. 10 prosent av menn meiner sex mellom to kvinner er feil, og 20 prosent meiner at sex mellom to menn er feil. For 15 år sidan var kring dobbelt så mange negative, men framleis er haldningane temmeleg utbreidde.

 Denne triste røyndomen understrekar kvifor det framleis er viktig at vi feirar Pride og Bygdepride, og at vi markerer dette tydeleg for studentar og framtidige profesjonelle fagutøvarar. Det handlar ikkje berre om å feire fridomen vi har til å elske kven vi vil, men òg om å kjempe for dei rettane og den fridommen mange andre i vår verd framleis ikkje har.

Høgskulen i Volda har ei viktig rolle å spele i denne kampen. Som ein akademisk institusjon, er vi i ein unik posisjon til å påverke og utdanne neste generasjon av lærarar, journalistar, sosialarbeidarar, leiarar, avgjerdstakarar og nokon kvar. Vi har ansvaret for å stå opp mot diskriminering og fordommar. Høgskulen sin visjon er «Kompetanse for eit betre samfunn». Og ein del av dette handlar også om å støtte opp under Bygdepride, for å på denne måten sende ein sterk bodskap til studentane, tilsette og det større samfunnet om at vi står saman med LHBTIQ+ samfunnet i kampen for like rettar.

Ein akademisk institusjon har ei særeigen posisjon til å fremje kunnskap, kritisk tenking og respekt for mangfald. Å støtte Pride er ein del av dette engasjementet. Det gir ei plattform for å utforske og diskutere tema knytte til kjønn, seksualitet, sosiale rettar og likestilling – alle relevante og viktige emne i dagens samfunn. Dette støttar ikkje berre akademisk forståing, men bidreg òg til å utvikle empati og sosial bevisstheit blant studentane våre. I ei verd som stadig blir meir globalisert, er evna til å forstå og verne om mangfaldet i menneskeleg erfaring ein nøkkelkompetanse.

 Når vi støttar Bygdepride, skaper vi også eit trygt og inkluderande miljø for alle studentane våre. Vi ønskjer å vere ein institusjon der alle studentar føler seg velkomne, aksepterte og trygge. Så ja, det er framleis viktig for Høgskulen i Volda å delta i Bygdepride. Ikkje berre fordi det er den rette tingen å gjere, men fordi vi som ein utdanningsinstitusjon har ei viktig rolle å spele i kampen for likskap og inkludering. Vi vil halde fram med å støtte opp om Bygdepride, og vi oppmodar alle til å gjere det same. Fordi kjærleik er kjærleik, uansett kven du er, og kven du elskar.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Rektor Høgskulen i Volda

Framlegg til statsbudsjett for 2024

Fredag den 6. oktober la Forsknings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch fram framlegget til den delen av statsbudsjettet som gjeld universitet og høgskulesektoren. I sin presentasjon brukte statsråden ord som meir tillit og meir ansvar. (khrono.no). Borch peikar på at det er eit godt budsjett for sektoren. Mottakinga i UH-sektoren er nok meir lunken, med omgrep som “lite ambisiøst”, “totalt ubegripelig” og “eit svik” (khrono.no). I dette blogginnlegget vil eg prøve å gå litt meir inn korleis dette budsjettet vil påverke Høgskulen i Volda.

Statsbudsjettet er den største enkelt faktoren som påverkar økonomien til HVO. Dei mest konkrete tala, justeringane og endringane finn ein i Kunnskapsdepartementet si orientering om statsbudsjettet til UH-sektoren, heretter kalla UH-budsjettet. Men også Kunnskapsdepartementet sitt overordna budsjettframlegg vil kunne gje oss nokre peikepinnar, og heilt overordna kan der vere ting i dei andre departementa sine budsjettframlegg og også det overordna statsbudsjettet til det overordna Statsbudsjettet for 2024 som kan påverke økonomien til HVO direkte eller indirekte.

I UH-budsjettet finn vi dei overordna tala for HVO, og den viktigaste tabellen (s. 15) er gjengitt under her. I den nedste rada ser vi tildelinga til HVO forklart i korleis den endrar seg basert på tildelinga i statsbudsjettet for året vi no er i. Vidare legg KD til eller trekker frå basert på faktorar som prisjustering, resultatbasert utteljing og andre faktorar som vert justert i statsbudsjettet.

Ein tek altso utgangspunkt i at HVO fekk tildelt om lag 435 millionar i statsbudsjettet for 2023. Vidare gjer Kunnskapsdepartementet følgjande justeringar med korte forklaringar basert på kva KD skriv i UH-budsjettet:

  • Prisjustering: pluss 28,656 millionar. Denne posten inkluderar vidareføring av prisjusteringa på om lag 9 millionar som vi fekk i revidert statsbudsjett i sommar, og vidare ein forventa prisvekst på om lag 4,4 %.
  • Studieplassar 2019-2023: minus 4,246 millionar. Dette er justering ut frå tildelte og inntrekte studieplassar i dei siste fire åra. I 2020 fekk HVO 100 studieplassar for å motverke arbeidsluese i samaband med koronapandemien, og desse vart vidareført med nytt opptak i 2021, men frå og med 2022 så vart desse studieplassane ikkje forlenga. Dette er altså ei venta nedtrappinga basert på at UH-sektoren omtrent skal tilbake til det nivået som var på studieplassar i 2019. Dette er ein post som vil stå på budsjettet frammover fram til alle dei fleirårie studieplassane er inndregne. I praksis handlar dette om inndraging av basisløyvingane for studieplassane. For HVO sin del vil dette føre til ein vesentleg minus i frammover, fram til basisløyvinga for studieplassane på HVO er tilbake til eit 2019-nivå. Til samanlikning budsjetta betydde dette i statsbudsjettet for 2023 ein pluss på litt over 5 millionar, då dei fleirårige studieplassane fortsatt var i opptrapping. Vi forventar ein større minus på denne posten i 2025.
  • Utfasing rekr.-stillingar: minus 3,048 millionar for HVO. I 2020 fekk HVO også seks stipendiatstillingar i samband med Utdanningsløftet 2020. Og dette er ei utfasing av dei seks  stipendiatstillingane som HVO fekk som ein del av Utdanningsløftet 2020. For heile sektoren er det utfasing av 250 stipendiatstillingar.
  • Resultatbasert utteljing: minus 0,18 millionar for HVO. Dette er den resultatbaserte utteljing for HVO, til dømes studiepoeng- og kandidatproduksjon, publiseringspoeng og anna resultatbasert uttlejing.
  • Inndekning satsingar: minus 5,562 millionar for HVO. Dette er ein reduksjon i løyvinga for å frigjere midlar til nye satsingar og omprioriteringar i sektoren. Til samanlikning var denne posten minus 2,3 millionar i statsbudsjettet for 2023.
  • Rammeauke: pluss 7,978 millionar for HVO. Dette er ei flytting av midlar frå det som tidlegare var søknadsbaserte ordningar i HK-Dir, og som no vert lagt direkte inn i ramma til UH-institusjonane.
  • Studieavgift: minus 0,95 millionar for HVO. Dette er ei vidarføring av inndraging av løyvinga knytt til at det vart innført studieavgift for studentar frå land utanfor EU/EØS.

Samla sett fører dette til ei løyving til HVO på kroner 457,757 millionar i budsjettet for 2024. Om ein tek utgangspunkt i løyvinga i statsbudsjettet 2023 på 435,109 millionar og legg til den forventa prisveksten på 28,656 millionar så vert summen på 463,765 millionar. Dermed ser vi at løyvinga for HVO har ein realnedgang på om lag 6 millionar.

I det vidare vil eg gå litt sjupare inn i dei enkelte delane og reflektere litt over moglege konsekvensar for HVO .

Resultatbasert utteljing
Resultatbasert utteljing baserer seg på dei konkrete resultata HVO har levert i 2022. Og den fordelar seg på opa og lukka ramme. Skilnaden på open og lukka ramme kan forklarast med at det som ligg under opa ramme så aukar finansieringa i takt med auka produksjon. Om sektoren til dømes hadde dobla talet på produserte studiepoeng, ville denne budsjettposten i statsbudsjettet vorte dobbelt så stor. Medan i lukka ramme er det ein fast budsjettpost der totalen ikkje aukar. Om sektoren produsererer til dømes fleire publiseringspoeng, så vert kvart publuseringspoeng mindre verdt. Og for HVO sin del må vi auke like mykje som dei andre for å fortsatt få “vår del” av den lukka ramma. Den resultatbaserte utteljinga innan:

  • Tal på studiepoeng (open ramme)
  • Tal på utvekslingsstudentar, inkludert Erasmus+-studentar (open ramme)
  • Tal på ferdigutdanna kandidatar (open ramme)
  • Tal på doktorgradskandidatar (open ramme)
  • Midlar frå EU (lukka ramme)
  • Midlar frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond (lukka ramme)
  • Inntekter frå bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA) (lukka ramme)
  • Vitskapleg publisering (publiseringspoeng) (lukka ramme)

Om vi til dømes ser nærare på studiepoengproduksjonen, så har en utvikla seg slik, i tal produserte 60 studiepoengseiningar/heiltidsekvivalentar (kjelde DBH):

2019202020212022
Høgskulen i Volda2 6912 6432 8002 707

Vi ser at HVO produserte om lag 100 færre 60-studiepoengseiningar/ heiltitdsekvivalentar i 2022 enn i 2021, altso ein vesentleg nedgang. Dette viser igjen om ein går inn i detaljane på den resultatbaserte produksjonen i tabellen under (UH-budsjettet side 25):

Litt forenkla ser ein altso at ein nedgang på rundt 100 produserte 60-studiepoengseiningar fører til ein nedgang i resultatbasert løyving knytt til studiepoeng på nesten 5 millionar i løyvinga. Litt forenkla, fordi dette avheng jo også av kva av finansieringskategoriane (A-F) det eventuelt er nedgang og/eller oppgang i. Dette viser igjen i kandidatproduksjonen til HVO, der vi samla sett har produsert færre kandidatar i 2022 enn i 2021, men sidan 2022 var det fyrste året vi utekasminerte kandidatar etter dei femmårige grunnskulelærarutdanningane, så auka vi i kandidatar i ein høgare finansieringskategori og dobbel utteljing på grunn av at den er femmårig, og dermed gjekk vi likevel i pluss på kategorien. Vi aukar i tal publiseringspoeng i 2022, noko som medfører at vi aukar i denne delen av løyvinga. Og det aller mest gledelege er jo at det er tydeleg at doktorgrada i Helse og sosialfag er i full gang, og det var det heile fire disputasar, noko som fører til ei tydeleg auke i denne delen av den resultatbaserte løvinga. Og saman med ei auke av utveksling studentar og nokre av dei andre så “demmer” desse kategoriane opp for nedgangen i studiepoeng, og den totale resultatbaserte utteljinga til HVO som heilskap går om lag i null. Men dette vil jo fordele seg ulike nedover på einingane, basert på kvar eining si resultatbaserte utteljing.

Utfordringa for HVO er at denne resultatbaserte løyvinga har to års forseinking. Det vil sei at ei auke eller nedgang fyrst kjem to år etterpå. Vidare er det også varsla store endringar av den resultatbaserte tildelinga frå og med 2025, noko som eg kjem tilbake til i eit seinare blogginnlegg.

Studieplassar 2019-2023
Dette er ei varsla utfasing av studieplassane som vart tildelt i samband med korona i justert statsbudsjett 2020. Utfasinga har vore varsla, men sidan mange av studieplassane som var tildelt var treårige og vi fekk lyse ut studieplassane både i 2020, i 2021 og dei fleste i 2022, så var det i statsbudsjettet for 2023 fortsatt ei opptrapping knytt til desse ekstra studieplassane, med ei opptrapping på vel 5 millionar. Desse studieplassane har vorte gradvis opptrappa frå 2020 og frammover. Norke av studieplassane er framleis under opptrapping, då dei er femårige (GLU) medan for dei fleste av desse studieplassane er vi no byrja nedtrappinga på, med eit fråtrekk på litt over 4 millionar, og for dei fleste er dette ei halvårseffekt. Så her ventar vi større summar vert trekt inn i åra frammover, fram til alle dei 100 studieplassane er ute av rammeløyvinga vår. Det vi snakkar om her er utfasing av “basisdelen” av løyvinga knytt til studieplassane, altso det som går direkte i rammeløyvinga vår. Då eventuell studiepoengproduskjon knytt til plassane fyrst vil kome to år på etterskot.

Utfasing rekrutteringsstillingar
Dette er det som for min del er mest uventat i årets budsjett, og kanskje får størst konsekvenser for HVO. Dei seks stipendiatstillingane som vi fekk i samband med Utdanningsløftet i 2020 vert no trekt inn igjen, og så vidt meg bekjent, skjer dette utan forvarsel. Denne inndraginga gjelder i heile sektoren, og er ikkje unik for HVO. For HVO betyr det i praksis at vi har finansiering for seks færre stipandiatstillingar frå og med 2024.

Inndekning satsingar
Sitjande regjering tok vekk avbyråkratiseringskuttet som vart innført tidlegare. Men så snart dei tok vekk dette, så la dei inn eit anna kutt, som heiter “Inndekningar satsingar”, som altso handlar om at heile UH skal vere med på å finansiere nye satsingar og omprioriteringar i sektoren. Slik at ein trekker inn ein del løyving frå alle i sektoren, for så å gje dei tilbake til sektoren med med nye eller justerte føringar på dei. Til dømes kan det truleg handle om nye studieplassar eller andra satsingar. For HVO utgjer dette eit minus på vel 5,5 millionar, noko som er over dobbelt så mykje som HVO vart trekt i statsbudsjettet for 2023 på den same posten. Dette er i praksis ei nedjustering av rammeløyvinga til HVO, men med eit håp om at vi kan få det igjen med auke i rammeløyvingane, om vi treff dei nye eller justerte satsingane til Kunnskapsdepartementet. Per no er eg svært usikker på om HVO har greitt å få ta del i dei nye eller justerte satsingane godt nok til at vi har fått dekt inn igjen det HVO har vorte trekt.  Slik eg ser det så langt, så har dette ført til lågare rammeløyvingar for HVO dei siste åra. Her kan moglegeins ei oppstart av eventuell sjukepleie- og/eller vernepleieutdanning på HVO kunne vere med på å snu dette biletet for ein periode, om HVO bestem seg for å gå for det, og får tildelt studieplassar frå Kunnskapsdepartementet.

Rammeauke
Dette er i og for seg ei gledeleg tildeling, som gjer at HVO si rammeløyving aukar med nesten åtte millionar i år. Men i realiteten er dette inga auke av finansiering av UH-sektoren. For midlane vert teke frå ein del av dei søknadsbaserte ordningane hå HK-dir, og dermed er dette ikkje friske midlar inn i sektoren. Men det er likevel gledeleg og positivt, då dette er midlar vi no slepp å søke på frå år til år. Samtidig er det jo ei tydeleg bestilling med denne tildelinga, slik sett kan ein også peike på at regjeringa styrer sektoren sterkare. Dei nesten åtte millionane til HVO er fordelt slik:

  • 2,978 millionar til lærarutdanning. Dette er midlar som HVO også har fått tidlegare knytt til partnarskap for å styrke praksis i lærarutdanning. Hovudskilnaden no er at desse er lagt inni ramma, men Kunnskapsdepartementet tydeleggjer at midlane fortsatt skal nyttast til å føre vidare partnerskap og anna kvalitetsutvikling av lærarutdanning.
  • 5,0 millionar til desentrale og fleksibel utdanningar. Dette er midlar som i hovudsak er tildelt for å gjere utdanning tilgjengeleg og å styrke desentrale og fleksible utdanningstilbod. Dette er i hovudsak midlar som var søknadsbaserte hjå HK-dir, gjennom søknadsordninga knytt til fleksibel og desentral utdanning.

Studieavgifta
Dette er også ei forventa vidareføring av inndraging av midlar knytt til at studentar frå utanfor EU/EØS no skal betale for å ta studier i Noreg. I statsbudsjettet for 2023 var det halvårsverknad, i år er det heilårsverknad, og basert på informasjon i UH-budsjettet for 2024 er det grunn til å tru at denne inndraginga vil ha halvårsverknad i 2025, og dermed vil inndraginga vere fullført. Dette basert på at Kunnskapsdepartemtnet preseiserer at inndraginga baserer seg på at dei fleste studentane dette gjeld tek to-årige masterutdanningar. Realiteten i sektoren er at ein ikkje har greitt å fyllt opp plassane som vi her får inndregne med betalande studentar, noko som i praksis fører til ei nedjustering av tal studieplassar. Det er varsla  ei stipendordning, som vil dekke studieavgifta for 200 studentar (nasjonalt).

Andre endringar i statsbudsjettet
I eit statsbudjsett er det mange små og store justeringar, og det tek tid å få oversikt over kva knappar regjeringa trykker på og kva justeringar dei gjer. Difor er det fortsatt mykje som er uvisst. Men ei justering som kan vere positiv for HVO er at regjeringa i framlegg til statsbudjsett har funne midlar til ei halvering av maksprisane i dei såkalla FOT-rutene frå 1. april 2024 (dei regionale flyrutene som får statstøtte). Dette vil i praksis kunne bety vesentleg billegare flybillettar til og frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden, noko som kanskje vil kunne gjere det rimelegare for å reise for dei studentane som kjem langevegsfrå, samt at det gjere det enklare for ein del tilsette å delta på konferanser og andre viktige arenaer for samarbeid og utvikling.

Vegen vidare?
Vidare peikar budsjettet på korleis den nye finansieringsmodellen vert for UH-sektoren frå og med 2025 og frammover. Dette vil vil eg kome tilbake til i eit seinare bloginnlegg. Men, dette er berre eit framlegg til eit statsbudsjett. Det endelege statsbudsjettet må verte vedtatt av eit fleirtal i Stortinget. No må regjeringa forhandle. Endringar kan skje, men eg tvilar på at det vil medføre store endringane for Høgskulen i Volda.

Oppsummert
Dette er eit budsjett HVO der HVO får ein realnedgang i løyvingane. Rett nok er nedgangen delvis varsla på førehand, men det endrar ikkje på realitetane med tanke på at HVO får mindre løyving. Vidare er det også skjult ei anna utfordring i budsjettet, nemleg at det som er gitt som rammeauke er i realiteten midlar HVO delvis allereie har eller tidlegare har fått via søknad til HK-Dir. Desse midlane er også til dels øyremerka (den eine delen til lærarutdanning og den andre til desentrale og fleksible utdanningar). Eg tenker det er positivt at vi får pengane direkte i ramma, i staden for at vi må søke via HK-Dir, då dette fører til ei reell avbyråkratisering, men samtidig fører ikkje dette til meir pengar til sektoren. Den store utfordringa for HVO frammvoer er utfasinga av koronastudieplassane, eg er bekymra for at denne utfasinga vil føre til at dei 2-3 neste budsjetta for HVO vil sjå endå raudare ut, noko vi berre må førebu oss på.

Rektor si orientering til styret 7.9.2023

Studiestart

15. august var det igjen tid for studiestart, og mange studentar tok vegen til Volda. Eg skal ikkje gå inn på søkjartal og møtte studentar no, det kjem i ei eiga sak seinare. Men eg vil vere tydeleg på at det er fleire utdanningar vi gjerne skulle sett eit vesentleg høgare søkjartal på, samtidig som det også er utdanningar som har svært gode søkjartal. Men gjennomføringa av studiestart har gått bra, og mange nye studentar er komt til Volda eller starta på ei nett- eller samlingsbasert utdanning. Nytt av året er at studentsamskipnaden i Volda hadde hybelgaranti for alle studentar som søkte om hybel hjå dei før 1. mai. Vidare hadde dei også ledige hyblar heilt fram til studiestart.  Studiestart er eit stort prosjekt som omfattar mange tilsette og studentar. Og planlegginga byrjar av neste års studiestart byrjar no med ei evaluering av årets studiestart. Eg vil, på vegne av styret, takke alle som har lagt ned ein stor innsats i å ønske nye og gamle studentar velkomne til Volda. Særleg vil eg takke faddervekestyret, som har lagt ned ein stor innsats i å arrangere ei vellukka fadderveke.

Akkrediteringsprosess doktorgrad i Utdanning, språk og kultur
Høgskulen i Volda er sjølvakkrediterande på bachelorgrader, men når det gjeld mastergrader og doktorgrader må Høgskulen søke NOKUT om akkreditering. Høgskulen har søkt om akkreditering av ei doktorgrad med tittelen «Utdanning, språk og kultur». Kommisjonen har i vårsemesteret arbeida seg gjennom dei innsendte papira, og var 28. og 29. august på besøk på Høgskulen. Her møtte dei over 60 personar, alt frå masterstudentar, doktorgradsstudentar, fagtilsette, administrativt tilsette, eksterne samarbeidspartar til leiinga. Ei slik doktorgrad er eit viktig løft for Høgskulen, og kjem i tillegg til doktorgrada «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving – vilkår og utvikling» som vi har saman med Høgskulen i Molde. Doktorgrada i «Utdanning, språk og kultur» er forankra i strategiplanen, og styret gjorde vedtak i oktober i fjor om å sende inn søknaden. Doktorgrada er planlagt som ei fleirfagleg forskarutdanning i møtet mellom disiplinar og profesjonar på Høgskulen, der kjerna i programmet er i møtet mellom utdanning, språk og tekst, skriftkultur og ulike kulturmøte, og det har eit særleg fokus på fagdidaktiske og andre tilnærmingar som går på tvers av disiplinar og profesjonar ved HVO. Denne doktorgrada vil vere eit viktig løft for høgskulen både innan utdanning og forsking. Møtet med kommisjonen bar preg av gode diskusjonar knytt til doktorgrada og Høgskulen. Kommisjonen var særleg opptekne av kva som var kjerna i programmet, og kva fagområde/vitskapleg område denne doktorgrada høyrer til. Vi venter ein førebels rapport frå NOKUT i løpet av oktober, som vi kan kommentere og svare på, og endeleg avgjerd i NOKUT sitt styre i desember. Ein kan lese meir om besøket her.

Akkrediteringsprosess av master i natur, kultur og sosial berekraft
Høgskulen har søkt om akkreditering av ei mastergrad på Avdeling for kulturfag med tittelen Natur, kultur og sosial berekraft. Rett før sommaren fekk HVO tilsendt foreløpig rapport frå kommisjonen som vurderer søknaden med ein del spørsmål og avklaringar. Rapporten var tydeleg på at der var ein del som måtte avklarast før vi eventuelt ville få masteren godkjent, mellom anna samanhengen mellom namn og innhald i studiet. Avdelinga har arbeida godt gjennom sommaren med å gjere justeringar i søknaden, svare ut dei spørsmåla som var uavklart og har også endra namnet på mastergrada, til natur, kultur og sosial berekraft for å tydeleggjere samanhengen i studiet. Høgskulen sende svar på rapporten innan fristen den 18. august. Vi ventar endeleg rapport i slutten av september og formelt avgjerd frå NOKUT kort tid etter.  

Framdrift ombygging/renovering av Hans Strøm-huset

Hans Strøm-huset under oppussing.

Høgskulen pussar opp Hans Strøm-huset i samarbeid med Statsbygg. Statsbygg pussar opp ein del naudsynt infrastruktur og fasade, medan Høgskulen oppgraderer undervisings- og kontorlokaler. Oppussinga er omtrent i rute, og dato for overlevering til Høgskulen er 1. november no i haust. Deretter vert det ein periode med montering av møblar og IT utstyr samtidig som Statsbygg ferdigstiller rehabiliteringa av betongfasada i løpet av november. Tilsette skal etter planen vere innflytta i nye kontor før årsskiftet og vi kan ta i bruk undervisingsroma frå 1. januar 2024. Høgskulen har fått ei prisauke på 6,6 % ut frå opprinneleg budsjett og ramme på prosjektet. Prosjektet er eit stort løft med oppussa og framtidsretta undervisings-, student- og tilsettareal.

Aasenkvartalet Norsk innovasjonssenter

Illustrasjon: Ratio arkitekter

Det skjer mykje på høgskuleområdet. Det er mange som investerer i området rundt oss. Volda kommune har bygd både ny barneskule og ny ungdomsskule som begge er nærmaste naboar til Høgskulen. I tillegg har det kome opp ein heilt ny innendørs handball/idrettsarena (Volda Campus Sparebank 1 Arena), høgskulen sjølv har sett opp Sivert Aarflot-huset som vi no sit i, sjukehuset utvidar, og Volda kommune bygger no nytt symjeanlegg. Eit anna stort prosjekt er Aasen-kvartalet med planar om tre byggetrinn som i svært stor grad vil utvikle området her. Volda Utvikling, som er det selskapet som står for utbygginga, har sikra seg avtale om investering med Sisa invest AS for byggjetrinn 1. Bak Sisa Invest AS står Bjørn Dæhlie. Fyrste byggetrinn er der Ivar Aasen-huset, som HVO leiger fram til oppussinga på Hans Strøm-huset er ferdig, no står. Dette skal rivast og det skal førast opp eit nytt bygg som mellom anna skal huse Norsk innovasjonssenter og skal romme samhandling og tverrfagleg innovasjon til nytte for næringsliv, kommunar, helseføretak, studentar og fagmiljø.

Vernepleie-/sjukepleieutdanning Høgskulen i Volda?
I høgskulen sitt innspel til statsbudsjett for 2024 bad styret om og sette sjølv av midlar i budsjettet for 2023 til å greie ut om Høgskulen bør vurdere å starte vernepleiarutdanning og sjukepleiarutdanning i Volda og eventuell planlegging av dette. Utgreiingsarbeidet er i gang og vert leia av tidlegare dekan Randi Bergem. Det har vore gjennomført fleire møte med sjukehuset i Volda, leiarar av den kommunale helsesektoren og andre aktørar, også politiske, i samband med utgreiinga og også mellom anna for å kartlegge grunnlaget for praksisplassar. Høgskulestyret får dette opp igjen som sak ved fleire høve, og i fyrste runde til vurdering i oktobermøtet, når styret skal lande kva vi skal spele inn som framlegg til statsbudsjettet 2025, der det vil vere naturleg å vurdere å be om studieplassar til vernepleie/sjukepleie. 

Det er viktig å ha desentraliserte utdanningar som kan vere tilbod til dei som elles ikkje ville tatt utdanning. For mange, m.a. familiefolk og andre som er etablerte på ein stad av andre grunna, er det uaktuelt å pendle langt eller flytte for å ta utdanning. Det sit truleg langt inne for person etablert på Grodås å flytte eller pendlar til Ålesund eller Molde for å ta utdanning, men vil kanskje ta utdanninga viss ho er i Volda. Desse gruppene må vi nå tak i for å sikre rekruttering til og kompetanse i helse- og omsorgstenester i regionen. Nettopp det er eit svært viktig føremål med sjukepleiarutdanning og vernepleiarutdanning ved HVO. Det vil også bidra til å styrke HVO, Volda sjukehus og anna verksemd i regionen. Vi må starte dialogen med Nordfjord.

Velkomen til Volda

Rektor si helsing i høve studiestart Høgskulen i Volda 2023:

Velkomne til eit nytt studieår ved Høgskulen i Volda!

English version at the bottom!

Til nye og gamle studentar: Det er ei tid fylt med spenning og endelause moglegheiter som ventar oss. Det er ei tid for læring og danning, ei tid for utforsking og sjølvrealisering og ei tid for refleksjon og diskusjon.

Men før vi går vidare til det, skal vi ta ein tur. Vi skal besøke ein liten gut som sit og et frukost før han skal ta bussen til skulen. I bakgrunnen oppsummerer lokalradioen avisoverskriftene, og foreldra snakkar om tanta som har vorte uføretrygda. På skiva ligg brunosten, og bitane veks litt i munnen på guten. Han er spent og opprømt. I siste time i dag skal han på si fyrste korpsøving, noko han har gledd seg til lenge. På bussen klamrar han seg fast til instrumentkassa han insisterer på å ha på fanget – det var jo litt dumt å halde denne store kassa med eit althorn på fanget, ho er jo nesten større enn guten.

I dag markerer vi studiestart ved Høgskulen i Volda og eg vil gratulere nettopp deg med å ha valt ei utdanning her ved Høgskulen i Volda, ikkje berre på grunn av alle dei dyktige tilsette du vil møte, eller den fantastiske studiebygda Volda, men også fordi du har valt ei trygg og god utdanning som er viktig for Noreg og velferdssamfunnet. I forteljinga om guten er vi innom journalistar, lærarar, sosionomar og korpsdirigentar – og alt det berre ved å ha tatt eit svært kort blikk inn i livet til ein tiåring. Du har valt ei utdanning der du får skape meining for deg sjølv og for andre. For at velferdssamfunnet skal fungere, treng vi både lærarar, sosionomar, barnevernsarbeidarar, journalistar, korpsdirigentar, trenarar og mange andre. Høgskulen i Volda dannar grunnlaget for framtida ved å utdanne deg som skal forme hjarta og hovuda til unge, deg som skal fortelje historiene våre gjennom media, og deg som skal vareta sårbare i samfunnet vårt. Kvar einaste utdanning ved Høgskulen i Volda spelar ei nøkkelrolle i å bygge eit samfunn som er opplyst, varetakande, samansveisa og berekraftig, og eg er stolt av å vere ein del av dette.

Guten er no 21 år gamal, og han har byrja å studere i ei lita bygd ikkje så ulik Volda. Studenten er ganske einsam. Han bur i eit studentkollektiv saman med sju andre som han ikkje kjenner. Han gøymer seg mest på rommet sitt og held seg mest for seg sjølv. Han kjenner jo ingen i bygda, og alt er nytt. Han synest det er vanskeleg å delta på arrangement i klassa, både fagleg og sosialt, for han kjenner jo ingen av medstudentane. Det er så mykje enklare å skjerme seg og gøyme seg på hybelen og vere einsam.

Sjå rundt deg og spør deg sjølv: Kven kan eg hjelpe i dag? Kven kan eg spørje om hjelp? Studietida er ikkje berre ei reise i akademia, men også ei reise i menneskeleg kontakt. Mange her i dag er kanskje i same båt som denne guten var. Litt redde, litt nysgjerrige, litt bekymra. Kva skal studietida bringe? Du er ikkje åleine! Læring handlar om meir enn å lese pensum åleine på hybelen, det handlar om å utfordre seg sjølv, både fagleg og sosialt. Det handlar om å utvikle ei utforskande haldning, diskutere og reflektere. Læring vert enklare om du kjenner medstudentane dine. Så våg å hoppe i det: Bruk fadderveka til å verte kjent, og stopp og slå av ein prat med ein medstudent etter undervisinga. Som Bon Jovi syng: «It’s my life, it’s now or never» – og sånn er det med studietida di òg: Grip sjansen, ta kontroll, for du har denne unike moglegheita her og no til å forme di eiga framtid. Vi skal hjelpe, heie og støtte. Men du må ta steget!

Lat oss hoppe eit par år fram i tid med den unge studenten, som no er flytta inn i eit anna studentkollektiv saman med ei god venninne frå klassa. Dei heng mykje saman både fagleg og sosialt. Seint ein haustkveld, medan snøen ligg i lufta og vinteren er i anmarsj, står venninna og vaskar opp. Inn kjem studenten vår og seier: «Eg må snakke med deg om noko viktig, kan du kome inn på rommet mitt når du er ferdig?»

Venninna kjem ganske fort inn på rommet og ser svært bekymra ut: «Kva er det?» seier ho. «Eg må snakke med deg om noko vanskeleg. Eg har ikkje sagt dette til nokon før. Og eg veit ikkje heilt korleis eg skal seie det.» Venninna ser meir og meir bekymra ut, nesten bleik. «Eg er … ehhh, eg er … homofil.» Venninna slår seg for munnen og bryt ut: «Hæææ? Seriøst, berre det? Eg trudde du var dødssjuk eller noko …»

Denne stunda viser noko essensielt ved kva det verkeleg vil seie å vere ein venn. Vennar er der i både gode og vanskelege tider. Vennar er klippa vår, støtta vår og tryggleiken vår. Det er slike augneblinkar som framhevar kvifor det er så viktig å bygge relasjonar under studietida. For det er ikkje berre fagleg kompetanse og kunnskap de bygger her ved Høgskulen i Volda, det er også livslange vennskap som kan bere dykk gjennom studielivet og livet sine oppturar og nedturar.

Så når de utforskar studielivet, hugs at bak kvar bok, kvar artikkel, kvar forelesing og kvart arbeidskrav ligg det også ei gylden moglegheit til å knyte band med dei rundt dykk. Dei vennskapa vil vere svært verdifulle å ta med seg vidare i livet. For vi går kanskje ulike vegar i livet, men dei spora vi legg att i hjarta til andre, dei spora vert der.

Lukke til med studieåret!

Welcome to Volda!

Welcome to a new academic year at Volda University College!

To new and returning students: a time filled with excitement and endless opportunities awaits us. It is a time for learning and development, a time for exploration and self-realization, a time for reflection and discussion.

But before we delve into that, let’s take a journey. We’ll visit a young boy having breakfast before catching the bus to school. In the background, the local radio summarizes newspaper headlines, and the parents discuss an aunt who has become disabled. Brown cheese rests on his bread slice, and he chews slowly, savoring each bite. He’s excited and enthusiastic. In the last lesson today, he’ll attend his first band practice, something he has been looking forward to for a long time. On the bus, he clings to the instrument case he insists on having on his lap. It might have been unwise to keep this large case with a tenor horn on his lap; it’s almost bigger than the boy himself.

I want to congratulate each one of you for choosing to study here at Volda University College, not only because of all the skilled staff you will encounter or the wonderful student town of Volda but also because you’ve chosen a stable and valuable education essential for Norway and its welfare society. In the story of the boy, we touch upon journalists, teachers, social workers, band conductors, and all this just by briefly glimpsing into the life of a 10-year-old. You’ve chosen an education that allows you to create meaning for yourself and others. For the welfare society to work, we need teachers, social workers, child welfare workers, journalists, band conductors, coaches, and more. Volda University College lays the foundation for our future by educating those who will shape the hearts and minds of the young, tell our stories through the media, and care for the vulnerable in our society. Every single course at Volda University College plays a pivotal role in building a society that is informed, caring, united, and sustainable, and I am proud to be a part of this.

The boy is now 21 years old and has begun studying in a small village not too dissimilar from Volda. The student feels quite lonely. He lives in a student housing with seven others he doesn’t know. He mostly stays in his room, keeping to himself. He doesn’t know anyone in the village, and everything is new. He finds it hard to participate in class events, both academically and socially, since he doesn’t know any of his classmates. It’s much easier to retreat and hide in his dorm, feeling lonely.

Look around you and ask yourself: Who can you help today? Who can you ask for help? Study time is not just a journey in academia but also a journey in human connection. Many here today might be feeling just like this boy did. A little scared, a bit curious, somewhat concerned. What will the academic journey bring? You are not alone! Learning is about more than just studying the curriculum in your dorm; it’s about challenging yourself both academically and socially. It involves developing an explorative attitude, discussing, and reflecting. Learning becomes easier when you know your fellow students. So, take a leap, use the buddy week to get to know others, stop and chat with a classmate after lectures. As Bon Jovi sings, «It’s my life, it’s now or never» – and that’s true for your study time too; seize the opportunity, take control, because you have this unique chance here and now to shape your future. We will help, cheer, and support, but you need to take the step!

Let’s jump a couple of years ahead, and the young student has now moved into another student housing with a close friend from his class. They spend a lot of time together, both academically and socially. Late one autumn evening, with snow in the air and winter on the horizon, the friend is doing the dishes. The student walks in and says, «I need to talk to you about something important. Can you come to my room when you’re done?»

The friend quickly enters, looking very concerned: «What is it?» she asks. «I need to talk to you about something difficult. I’ve never told anyone this before. And I don’t quite know how to say it.» The friend grows more and more worried, almost pale. «I am… uh… I am… gay.» The friend covers her mouth in surprise and exclaims, «Seriously? Just that? I thought you were terminally ill or something…»

This moment captures the essence of what it truly means to be a friend. Friends are there in both good times and challenging ones. They are our rock, our support, our safety net. Moments like these highlight the importance of building relationships during your study years. Because it’s not only academic knowledge you are building at Volda University College, but also lifelong friendships that can support you through life’s highs and lows.

So, as you navigate through your academic life, remember that behind every book, every article, every lecture, and every assignment, there’s also a golden opportunity to connect with those around you. These friendships will be invaluable to take with you through life. We might take different paths in life, but the impressions we leave in others’ hearts remain. Good luck with your academic journey.

Alle foto: Høgskulen i Volda

Takk for åtte år som rektor Johann Roppen!

Kjære Johann!

Johann Roppen, rektor på Høgskulen i Volda frå 1.8.2015 til 31.7.2023.

Takk for 8 år som rektor. Du har vore rektor i snart 8 år, og har lagt ned ein enorm innsats i denne perioden for Høgskulen i Volda. I løpet av denne perioden har HVO hatt ei enorm vekst på mange områder. Vi har vorte fleire studentar, har vorte fleire tilsette og mykje utvikling har skjett. Doktorgrada i helse og sosialfag tok vel opp sine fyrste stipendiatar omtrent då du var rektor, eller kanskje litt før, og like viktig, HVO sine fyrste heilt eigenproduserte stipendiatar har disputert i din periode som rektor. Og samtidig har vi i løpet av din rektorperiode også søkt om ei heilt ny doktorgrad i Utdanning, språk og kultur. Vidare har vi over dobla talet på stipendiatar, og også talet på masterstudentar auka kraftig, og om ein tel med master i grunnskulelærarutdanning så har talet masterstudentar meir enn dobla seg i din periode som rektor.

Symjehallen har vorte riven medan Johann Roppen har vore rektor.

No kan jo du som rektor ikkje få æra for alt positive som har skjett, men likevel så er det ei viktig rolle som rektor å legge til rette for at fagmiljøa får utvikle seg vidare, og det har du verkeleg gjort. Du har støtta opp under gode initiativ til utvikling og latt dei blomstre. Og det er jo ikkje berre i tal tilsette og studentar HVO har utvikla seg, vi har også utvikla høgskuleområdet. Mykje oppussing har skjett, Kaarstad-huset vart pussa opp ganske tidleg. Vi fekk Vesle Strøm og ikkje minst er heile Hans Strøm-huset no under oppussing. Men vi har også mista eit bygg. Men sjølv om vi har mista symjehallen, så har vi jo også fått nytt bygg. Ja opp til fleire faktisk. Men kanskje det viktigaste nye bygget er jo Siver Aarflot-huset. Dette huset vert på ein måte ståande som eit monument over din rektorperiode. Og når ein ser på det så er jo Sivert Aarflot og du ikkje så ulike. Begge er mediepersonar og begge er opptekne av å spreie nyhende. Og eit av dine viktigaste bidrag som rektor er jo nettopp nyhendebrevet. Du har verkeleg fylt eit tomrom i Høgskulen her. Med nyhendebrevet har du greitt å binde saman organisasjonen og tilsette på tvers, og bidrege til at ein veit meir om kva som skjer både her og der på dei ulike einingane både internt og eksternt. Du har lagt eit veldig godt grunnlag for å vidare byggje opp under HVO som ein høgskule.

Og med nyhendebrevet og måten du arbeidar på har du også vore ein svært synleg rektor. Eg trur det er svært få som ikkje veit kven du er, og både studentar og tilsette tek gjerne ein prat med deg. Du er ofte å sjå i prat med studentar i kantina, eller i prat med tilsette over ein kopp med noko varmt i i lunsjkroken. Og i desse samtalen så er du ein god lyttar, du er har merksemd mot den som snakkar, og stiller gode og reflekterte oppfølgingsspørsmål noko som alle set pris på. Du er ein leiar på HVO som er svært synleg, og eg trur alle vågar å ta ein prat med deg, og det er eit stort forbilde for meg.

Johann Roppen og Kong Charles den tredje.

Du har vore HVO sin øvste leiar no i snart 8 år. Og du kan nok ikkje heilt måle deg i popularitet med han andre på biletet her, men så trur eg likevel at her på HVO så går du nok Kong Charles den tredje ein høg gang. Men klart det å vere HVO sin øvste leiar har sin pris. Du har lagt ned ein enorm arbeidsinnsats for HVO, og har vore å sjå på høgskulen både seint og tidleg, men heldigvis ofte avbrote med ei pause for å springe deg ein tur dei seinare åra. Og springinga angrip du analytisk, testar ut nye sko, du les deg opp på forsking, planlegg kosten fram mot eit løp og set deg grundig inn i ting. Og det er også eit viktig kjenneteikn med jobben din. Du er analytisk, og set deg så grundig inn i ting som du kan og stiller gode oppfølgingsspørsmål som i alle fall hjelper meg til å reflektere vidare. Ein eigenskap som eg er viss på at du no vil få god bruk for når du skal tilbake til ei stilling som professor på mediefag etter eitt år med fagleg oppdatering.

Så er det jo ein ting som har skjett medan du har vore rektor og HVO sin øvste leiar som KD, som strengt teke vert din sjef om du har nokon, ikkje har fått med seg. HVO har jo ein tradisjon med å dele ut eit gåvekort når du har vore tilsett på HVO i 20 år. Ja strengt teke byrja du vel her i 1994 trur eg, men forsvann ganske fort ut igjen i ei stipendiatstilling ved UiB også kom du tilbake i etterkant av dette. Men personalkontoret har i alle fall reknar ut at du no i løpet av denne siste rektorperioden har passert dei 20 åra med god margin. Slik at eg har då med meg gåvekortet til deg, som markeringa på at du har arbeida på HVO i over 20 år.

Kjære Johann, tusen tusen takk for innsatsen du har lagt ned som rektor og HVO sin øvste leiar, og nyt svevet over til ei akademisk stilling som professor på avdeling for mediefag.

Avtroppande rektor Johann Roppen i svevet over til ei akademisk stilling som professor på Avdeling for mediefag