
Statsministerbesøk
Torsdag gjesta statsminister Jonas Gahr Støre høgskulen, i eit arrangement som verkeleg sette studentane våre i sentrum. Kantina var fylt til randa, og statsministeren tok seg god tid til å lytte og svare på spørsmål om alt frå pressa studentøkonomi og psykisk helse til rekrutteringsutfordringane i lærarutdanningane. Samtalen vart leia på framifrå vis av studentparlamentsleiaren vår, og særleg journaliststudentane fekk vist seg fram og utfordra statsministeren i pressesamtalene etterpå. Det var eit svært vellukka besøk som verkeleg syner at HVO er ein levande og viktig arena for nasjonale avgjerdstakarar.
HMS-dagen
HVO gjennomførte nett ein svært aktuell HMS-dag der hovudtemaet var endringane og dei økonomiske utfordringane høgskulen står i. Det vart lagt opp til ein open dialog om vegen vidare, der både leiinga, tillitsvalde, verneombod og bedriftshelsetenesta delte refleksjonar kring korleis vi saman kan takle reaksjonar og skape sunne endringsprosessar. Eit konkret og viktig poeng som vart trekt fram frå HR i denne samanhengen, er at talet på nytilsetjingar har gått kraftig ned dei siste åra. Dette viser tydeleg att ved at saksmengda i tilsetjingsutvala, TUFO og TADM, no er meir enn halvert, og for TUFO sin del handlar i dag fleirtalet av sakene om faglege opprykk heller enn nye tilsetjingar.
Studiebarometeret
Den generelle tilfredsheita blant studentane våre har auka frå 4,0 til 4,1. Det betyr at vi no ligg over landssnittet på 4,0, og vi held fram den solide framgangen frå 2023, då vi låg på 3,8. Vi må særleg trekkje fram biblioteket, som igjen gjer det svært skarpt. I tillegg er det spesielt gledeleg at vi skårar så høgt på studentmedverknad. Det syner at vi lukkast med eit av dei aller viktigaste satsingsområda i strategien vår, nemleg visjonen om å verkeleg vere «Tett på»
Arbeidsgruppe for kvalitetssystemet
Arbeidsgruppa for revisjon av kvalitetssystemet godt i gang med å forenkle systemet og gjennomgå prosessane våre. Eit sentralt grep er at dei føreslår å redusere kvalitetsområda frå åtte til seks, med tydelegare mål og betre operasjonalisering. Akkurat no jobbar gruppa særleg med å forbetre malar og heile rapporteringsløypa frå emne- til HVO-nivå, før dei i neste omgang kjem til å ta føre seg rutinane for akkreditering og revisjon av studietilbod. Arbeidet skal på høyring når det er sluttført og eit revidert kvalitetssystem vert lagt fram til styret for godkjenning.
Studentombodet
Som styret tidlegare er orientert om, har HVL sagt opp avtalen om studentombod. Vi har no fått på plass ei mellombels ordning, og arbeider parallelt med å få i stand ein ny, fast avtale med ein annan institusjon. Målet er å få på plass ei ordning som er langt mindre sårbar og meir robust for studentane våre enn den vi har hatt til no.
Kontorkartlegging
HVO har gjennomført ei kontorkartlegging for å ha betre oversikt over eventuelt leigebehov i det nye Aasenkvartalet, og departementet sitt krav om arealeffektivisering, og med tanke på behov når vi framover skal ut av paviljongane og lettbygget. Kartlegginga syner at vi kan optimalisere vesentleg betre når det gjeld lite brukte arbeidsplassar, noko som igjen vil redusere det framtidige behovet vårt for tilleggsareal når paviljongane vert fjerna. Eigedom er no i tett dialog med alle einingane for å finne gode løysingar for optimal bruk av eksisterande areal. Framover må vi forvente å i større grad ta i bruk dei kontorlandskapa vi allereie har på HVO, og då vil bookingkontora fungere glimrande som stillerom eller for intensive skriveperiodar.
Saker til etatsstyringsmøtet
Så langt har leiinga vurdert at vi har ei sak å melde inn til etatsstyringsmøtet i den 27. mai, nemleg lokaldemokratisenteret og det arbeidet. Dette for å få reflektere over behov et for dette saman med Kunnskapsdepartementet. Det vil vere fleire tema som er naturleg å diskutere, som fråfall, gjennomstrøyming, økonomien framover med meir, men alle desse kjem naturleg ut av årsrapporten. Så det er ikkje naturleg å melde det som eiga sak.