Vi ønskjer å kome med nokre refleksjonar i lys av utspel frå ordførar Sølvi Dimmen på heimesidene til Volda kommune og i Møre-Nytt 18. juni.
Først og fremst: Høgskulen i Volda står sterkt i regionen og i landet i dag, og vi tvilar ikkje på at høgskulen vil bestå i framtida.
Universitet og høgskular over heile landet må heile tida vurdere retning og dimensjonering, spesielt i eit 20-årsperspektiv, men HVO står støtt som ein viktig utdanningsinstitusjon i regionen – med eller utan Aasenkvartalet.
Aasenkvartalet i seg sjølv er ikkje avgjerande for høgskulen si framtid. Men det kan opne opp for viktige samarbeid, til dømes med eit innovasjonssenter og eit nytt hotell til glede for både tilreisande, regionen og høgskulen sjølv.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og direktør Oddrun Rangsæter (Foto: HVO/Steinarr Sommerset)
Eit innovasjonssenter, der næringsliv og utdanning møtest, kan styrke banda mellom HVO, offentleg sektor og næringslivet. Det kan også andre tiltak gjere. Her ligg det mange moglegheiter for gjensidig nytte og verdiskaping.
Men samtidig er det viktig å understreke dette: Det som er avgjerande for høgskulen sin eksistens, er at vi tilbyr utdanningar av høg kvalitet, at innhaldet i undervisninga er godt, og at forskinga vi driv med, har betydning for samfunnet. Og det er eit resultat av dyktige tilsette og hardtarbeidande studentar. I landsmålestokk har Volda ein stor campus. Vi har vekst i barnehagestudentar sjølv om den nasjonale trenden går den andre vegen. Vi har to solide doktorgrader og vi er med i eit nytt stort KI-prosjekt.
Eit eventuelt samarbeid med Aasenkvartalet og næringslivet kan vere eit nyttig tilskot – men høgskulen sin verdi og framtid står først og fremst på innhald, fagleg kvalitet og relevans.
Oddrun Rangsæter (konst. direktør) og Odd Helge Mjellem Tonheim (rektor)
(Lesarinnlegg sendt til Møre-Nytt og Møre 19.6.2025)