Kan vi freiste fleire til å bli lærarar?

I år kan du søke grunnskulelærarutdanning utan å nå karakterkrava i norsk og matematikk. Det er ingen revolusjon. Det er snarare ei politisk vane å endre opptak, innhald og/eller organisering av lærarutdanninga minst ein gong kvar stortingsperiode.

Sett frå Kaarstad-parken.

Mor og far køyrde meg i sin grå Peugeot til eg byrja på lærarutdanning i 2001. Då var opptakskravet generell studiekompetanse (altså, som i dag, når dei spesifikke opptakskrava er fjerna). Sidan då har det vore tre større endringar av rammeplanane for grunnskulelærarutdanninga, opptaksforskriftene er endra og utdanninga har blitt femårig. Få andre utdanningar er like politisk styrte, men eg er svært usikker på om det styrkjer kvaliteten i norsk lærarutdanning eller ikkje. Det er bra det er politisk interesse for skule og lærarutdanning, men forskrifter og endra titlar på vitnemål gjer lite aleine.

Eg hadde alltid lyst til å bli lærar. Eg trur ikkje eg hadde nokon spesiell grunn, men det var noko med det å arbeide med barn og ungdom, med ulike fag, oppleve meistring og skape gode og trygge kvardagar for barn og unge som freista meg. Gode lærarar blei førebilete, og heime på garden snakka foreldra mine om skule som noko viktig. Det var eit yrke eg kjende til, som kunne gi stor meining for andre og meg sjølv, og eg hadde ein fridom til å velje fag, bustad og alderssteg etter kva eg fekk lyst til seinare i livet. Det ligg fleire nøklar til å få fleire til å verte lærarar i dette.

1. Vi som er lærarar må fortelje til verda kvifor vi er lærarar, og kva som gjer at vi framleis arbeider i og med dette yrket. Som det å bidra til og oppleve at vesle Lise knekker lesekoden, eller at Herman forstår brøkrekning. Det å oppleve elevar som meistrar både fagleg og sosialt er noko for seg sjølv, og mange lærarar opplever dette nesten kvar dag. Og ikkje minst det å følgje elevane på vegen frå små barn til unge vaksne, og sjå kor dei veks og utviklar seg gjennom år etter år er ein utruleg viktig del av læraryrket. Du får også med deg kjekke kollegaer, som heiar på og støttar kvarandre. Og vi må heller ikkje gløyme at du kan arbeide kvar som helst i heile landet og det er forholdsvis enkelt å få seg fast jobb. 

2. Lærarar er viktige personar i barn og unge sine liv, og spelar ei nøkkelrolle på vegen når barn utviklar seg og vert til sjølvstendige vaksne. For å få til dette treng skulen hjelp frå fleire. Fagforeiningar, heimar og samfunnet må snakke positivt om lærarar og vise at skule er viktig. Haldningar som vi vaksne har til lærarar og skule smittar over på borna og unge som vi omgår dagleg. Når skrytte du sist av ein lærar?

3. Vi i høgare utdanning må vise at det er mange vegar til å bli lærarar, og at  barnehage- og  grunnskulelærarutdanningane er berre nokre av vegane. Igjen er det berre nokre av desse som har eller har hatt spesifikke opptakskrav. Det er nemleg mange og varierte vegar inn i læraryrket. Mange som byrjar på ei høgare utdanning veit kanskje ikkje enno at det er lærar dei vil ende opp som. Eller kanskje ein finn ut at ein vil verte lærar etter eit langt yrkesliv? Det er også mogleg.  

I følgje SSB er nesten 15 prosent av alle som arbeidar som lærarar i skuleverket utan godkjent pedagogisk utdanning. Dette viser kor viktig det er å få fleire inn i utdanningane, men aller viktigast, kvalifiserte lærarar ut av utdanningane. Det er viktig, sjølv om dei spesifikke opptakskrava no er letta på, så vil det ikkje verte enklare å fullføre utdanningane av den grunn. Alle som endar med eit vitnemål som grunnskulelærar skal oppfylle dei same krava, og skal gjennom omfattande praksisopplæring i tett samarbeid med det arbeidslivet studentane skal ut i. Studentane vil få god opplæring i skulefaga dei skal undervise i og ikkje minst ei god pedagogisk ballast, som gjer dei i stand til å hjelpe elevane til å lære og meistre.  

Så kanskje nokon får ein ny start på lærarlivet sitt når deira foreldre køyrer dei i ein svart Tesla model Y til si lærarutdanning.

Odd Helge Mjellem Tonheim