Rektor si orientering til styret 19.06.2025

HVO – miløjøfyrtårn

HVO er Miljøfyrtårn, ei sertifisering som skal bidra til meir miljøeffektivt arbeid. Det blir årleg utarbeida årleg rapport som dokumenterer miljøarbeidet, og det vert utarbeida konkrete tiltak. Høgskulen i Volda har det siste året redusert totalt energiutslepp med 24 prosent, færre reiser og tekniske oppgraderingar i bygningsmassen forklarar nedgangen. Vi ser også ein reduksjon på 19 prosent i flyreiser og 23 prosent i bilbruk, meir bruk av digitale alternativ, slik reisepolicy oppmodar om, kan vere årsak. Arbeidet med avfallshandtering er styrka, det er sette opp sorteringsstasjonar fleire plassar ved HVO.  Søppelsortering er eit prioritert tiltak i 2025, det er etablert samarbeid med kantina som fekk sertifisering i februar 2025, eit tiltak HVO har arbeidd for å få til. Møblar som har vore til over har blitt levert til Volda kommune for gjenbruk. Det er sett i verk  grønne tiltak på campus, som etablering av blomstereng og biehotell. Styret vil på neste styremøte få ei styresak om miljøfyrtårnarbeidet.

KI-senter

Høgskulen i Volda er no partnar i eitt av dei seks nasjonale sentera for forsking på kunstig intelligens, som del av regjeringa si KI-milliardsatsing. Senteret, «The Norwegian Centre for Trustworthy AI» (TRUST), skal utvikle ny teknologi og sikre ansvarleg bruk av KI i samfunnet. Deltakinga gir HVO ei unik moglegheit til å styrkje forskingsprofilen vår og vere ein aktiv aktør i eit nasjonalt kunnskapsfellesskap. Samstundes vil dette aktivisere stipendiatstillinga som Sparebanken Møre har støtta, og dermed knyte regional finansiering til nasjonal forskingssatsing.

Sparebank1-stifitnga

Høgskulen i Volda har motteke over 1,1 million kroner frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til eit nytt forskingsprosjekt innan førebyggjande folkehelse. Prosjektet, leia av førsteamanuensis Øyvind Arne Høydal, skal undersøkje korleis fysisk aktivitet kan førebyggje og behandle mentale og nevrodegenerative lidingar som depresjon og demens. Forskinga skjer i samarbeid med Volda sjukehus og DPS Ålesund, og vil nytte både fysiologiske data og kunstig intelligens – noko som kan vekkje internasjonal merksemd og styrkje HVO si rolle som regional forskingsaktør.

I 2026 markerer vi at det er 300 år sidan Hans Strøm blei fødd – ein viktig folkeopplysar, naturforskar og prest med sterk tilknyting til Volda. Høgskulen planlegg eit jubileum i hans namn, og vi har allereie fått 200 000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til dette arbeidet. Jubileet vil vere ei moglegheit til å løfte fram både lokal historie og HVO si rolle som kunnskapsinstitusjon i Strøm si ånd.

Studiestart

Studiestart er 19. august, og planlegginga går svært godt. Alle avdelingar og fagmiljø er engasjerte i arbeidet med å ta imot både nye og tidlegare studentar på ein god måte. Faddervekastyret har gjort ein imponerande innsats, mellom anna med ei grundig ROS-analyse, og har utvida fadderveka til to veker for å gi betre rom for både organiserte og sosiale aktivitetar. Vi ser fram til ein trygg, inkluderande og livleg studiestart – i eit studiemiljø som vi veit mange studentar trekkjer fram som noko av det beste med å studere i Volda.

Sommar

I mai og juni har mange studentar fullført utdanninga si, og det har vore gjennomført ei rekkje avslutningar for avgangsstudentar. Vi er stolte av både studentane og våre tilsette som har følgt studentane fram til mål. Trass i ein travel periode med eksamen, sensur og planlegging av nytt studieår, har mange også funne tid til sosiale sommaravslutningar – noko som vitnar om eit sterkt og godt arbeidsmiljø ved høgskulen. Vi har mange dyktige tilsette som gjer ein framifrå jobb til det beste for studentane og forskinga. I tillegg vart Fjordkonferansen nyleg arrangert med temaet Tid – eit viktig samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde, NTNU og HVL.

Utviklingsavtalene med KD

På møtet med Kunnskapsdepartementet 18. juni blei det understreka at utviklingsavtalane skal vere eit strategisk styringsverktøy som både gir institusjonane handlingsrom og samtidig støttar nasjonale mål. Det blei peika på at tett kopling mellom utviklingsavtale og institusjonell strategi er avgjerande for at avtalen skal ha reell verdi. Samtidig er det behov for å tydeleggjere formål, mål og rapportering, og å vurdere korleis ein kan balansere autonomi med meir samordna styring. Departementet varsla endringar i rammeverket, med færre og meir målbare styringsparameter, og signaliserte eit sterkare fokus på utdanningskapasitet og dimensjonering inn i utviklignsavtalane. Det blei også diskutert korleis utviklingsavtalane kan bidra til betre arbeidsdeling i sektoren, og fleire tok til orde for at styringsdialogen må bli meir strategisk og mindre detaljstyrt. For Høgskulen i Volda betyr dette at vi må vere tydelege på vår eigen profil, og sikre at utviklingsavtalen er godt forankra i vår strategi og organisasjon. Institusjonane får ei bestilling i desember, og må i løpet av mars sende eit utkast til utviklingsavtale som skal vere styreforankra. Dette vil verte naturlege tema på fleire av styremøta i haust, januar og mars og passar sånn sett godt inn i strategiprosessen.

Utlysing direktør

I slutten av mai, før søknadsfristen var ute, valte innstillingsutvalet å utsetje søknadsfristen på studiedirektørstillinga. Bakgurnnen for dette var tilbakemeldingar får firmaet som leitar etter kandidatar at dei anbefalte meir tid til den prosessen. Vurderinga vart då at vi utsette fristen til etter sommaren. Ny frist er 25. august.

Høgskulen står støtt – med eller utan Aasenkvartalet

Vi ønskjer å kome med nokre refleksjonar i lys av utspel frå ordførar Sølvi Dimmen på heimesidene til Volda kommune og i Møre-Nytt 18. juni.

Først og fremst: Høgskulen i Volda står sterkt i regionen og i landet i dag, og vi tvilar ikkje på at høgskulen vil bestå i framtida.
Universitet og høgskular over heile landet må heile tida vurdere retning og dimensjonering, spesielt i eit 20-årsperspektiv, men HVO står støtt som ein viktig utdanningsinstitusjon i regionen – med eller utan Aasenkvartalet.

Aasenkvartalet i seg sjølv er ikkje avgjerande for høgskulen si framtid. Men det kan opne opp for viktige samarbeid, til dømes med eit innovasjonssenter og eit nytt hotell til glede for både tilreisande, regionen og høgskulen sjølv.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og direktør Oddrun Rangsæter (Foto: HVO/Steinarr Sommerset)

Eit innovasjonssenter, der næringsliv og utdanning møtest, kan styrke banda mellom HVO, offentleg sektor og næringslivet. Det kan også andre tiltak gjere. Her ligg det mange moglegheiter for gjensidig nytte og verdiskaping.

Men samtidig er det viktig å understreke dette: Det som er avgjerande for høgskulen sin eksistens, er at vi tilbyr utdanningar av høg kvalitet, at innhaldet i undervisninga er godt, og at forskinga vi driv med, har betydning for samfunnet. Og det er eit resultat av dyktige tilsette og hardtarbeidande studentar. I landsmålestokk har Volda ein stor campus. Vi har vekst i barnehagestudentar sjølv om den nasjonale trenden går den andre vegen. Vi har to solide doktorgrader og vi er med i eit nytt stort KI-prosjekt.

Eit eventuelt samarbeid med Aasenkvartalet og næringslivet kan vere eit nyttig tilskot – men høgskulen sin verdi og framtid står først og fremst på innhald, fagleg kvalitet og relevans.

Oddrun Rangsæter (konst. direktør) og Odd Helge Mjellem Tonheim (rektor)

(Lesarinnlegg sendt til Møre-Nytt og Møre 19.6.2025)

Høgskulen følgjer lova – og har kontroll


Tormod Utne fremjar i leiarartikkelen i Møre-Nytt 6. juni fleire påstandar om leiing og styringsstruktur ved Høgskulen i Volda (HVO). Nokre av desse byggjer på direkte feil eller misforståingar. For å tryggje tilsette, studentar og andre som følgjer med, er det viktig å oppklare fakta.

Universitets- og høgskulelova er endra. Den nye lova trådde i kraft 1. august 2024. Direktørutlysinga er endra frå førre utlysing og er i tråd med både noverande og førre universitets og høgskulelov. Den skildra arbeidsdelinga føl same struktur som andre institusjonar med lik leiingsmodell og er i tråd med lova.

Lovverket og forventingane frå Kunnskapsdepartementet støttar den modellen Høgskulen i Volda praktiserer. I følgje lova er det klårt at direktøren skal leie den administrative verksemda innanfor dei rammene styret set. Samtidig har rektor, i vald modell, overordna ansvar for, og skal leie og føre tilsyn med institusjonen og på vegner av styret – også det i tråd med § 4-6 og departementet si presisering frå august 2024.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og konst. direktør Oddrun Rangseter. Foto: HVO/Steinarr Sommerset

Å sikre klare ansvarslinjer og eit godt samarbeid mellom direktør og rektor er ei tydeleg forventing frå staten. Det er bakgrunnen for at vi nyttar formuleringar som «leggje til rette for rektoratets arbeid». Denne typen språkbruk er heilt vanleg i sektoren. Tilsvarande finn vi ved Høgskulen i Molde, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Agder – alle institusjonar med lik leiingsmodell. Det handlar om koordinering og samspel – ikkje om å svekkje direktørrolla. Utlysinga seier tydeleg at direktøren har «ansvar for den samla administrative verksemda ved høgskulen».

Når det gjeld sjølve tilsetjingsprosessen, har den vore grundig og forankra: Styret drøfta utkastet til utlysing i møte, teksten vart sendt til leiarar og tillitsvalde for innspel, og vidare justert før den igjen vart sendt til styremedlemane for uttale. Dette er ein av dei mest omfattande tilsetjingsprosessane ved HVO og innstillinga skal gjerast av eit utval beståande av 5 personar.

HVO har heller ikkje eit leiarvakum. Oddrun Rangsæter er konstituert høgskuledirektør, og har alle fullmakter som ligg til direktør i tråd med lov- og avtaleverk. Håkon Bø er studiedirektør, og Jon Are Steen er dekan. Leiinga er heilskapleg og operativ – og alle rekrutteringsprosessar går som planlagt.

Vi kjenner oss ikkje att i framstillinga av HVO som ein institusjon ute av kurs. Leiingsmodellen er breitt forankra i organisasjonen, og vi følgjer både lov, etatsstyring og interne vedtak.

Kritiske spørsmål er viktige, men bør byggje på fakta. HVO har styring, kontroll og retning – og jobbar kvar dag for å vareta både fagleg kvalitet og tillit i samfunnet rundt oss.

Oddrun Rangsæter (konst. direktør) og Odd Helge Mjellem Tonheim (rektor)
Høgskulen i Volda

Rektors opningstale studiestart august 2024

Kjære studentar, nye som gamle, kjære gjestar og kjære kollegaer,

Velkomen til eit nytt studieår ved Høgskulen i Volda! Det er ei stor glede å sjå så mange engasjerte og forventningsfulle ansikt her i dag. Vi står saman ved starten av eit nytt kapittel. Men før det kapitlet begynner må vi reflektere litt over kven er Høgskulen i Volda?

Høgskulen i Volda er meir enn berre ein høgskule. Det er ein stad der vi alle, både tilsette og studentar, arbeider saman for å nå visjonen vår: Kompetanse for eit betre samfunn. Lat meg fortelje dykk om fem av våre dyktige tilsette som kvar dag legg si sjel i å gje dykk den beste moglegheita for læring og utvikling.

Elisabeth, høgskulelektor på idrett og kroppsøving. Elisabeth ser verkeleg kvar og ein av studentane, og er tett på og hjelper kvar student til å lære og utvikle seg med utgangspunkt i der kvar student er.  Ho forskar på praksisfeltet og ser kvar og ein av studentane sine og er genuint oppteken av at de skal lære og utvikle dykk.  Elisabeth er alltid tett på studentane for å gje støtte i studiekvardagen. Elisabeth er eit strålande døme på korleis våre tilsette er tett på.

Inger Marie, professor på historie, forskar mellom anna på historia til midtausten og nyttar denne forskinga aktivt i undervisinga si. Ho viser korleis vi kan lære av historia for å forstå verda vi lever i i dag, og ho inspirerer og utfordrar studentane til å tenkje kritisk og analytisk. Inger Marie representerer korleis vi utforskar og utfordrar.

Arne Kåre, dosent på matematikk. Arne Kåre brenn for å skape den beste lærarutdanninga de kan få.  I undervisinga si arbeider han utrettelig for å sikre at de får den kunnskapen og dei ferdigheitene de treng for å verte dyktige lærarar. Han stiller spørsmål og utfordrar studentane til å tenke sjølv. Arne Kåre er eit symbol på korleis vi er i dialog og skapar saman.

Steinar, førstelektor på mediefag. Steinar har eit levande engasjement for å gje studentane ein god praksisopplevelse. For å gjere dette utviklar og forskar han på praksisfeltet, slik at de får ei solid og relevant utdanning som gjer dykk godt førebudde på arbeidslivet. Steinar er eit symbol på korleis Høgskulen er nysjgerrig.

Iulia, rådgjevar i studieadministrasjonen. Iulia er eit fyrverkeri av energi og engasjement. Ho skapar gode internasjonaliseringsmoglegheiter for studentane og ho ser til at  de får moglegheita til å utvide horisontane dykkar gjennom internasjonale erfaringar. Iulia er eit levande døme på korleis vi er opne og inkluderande.

Men korleis veit eg dette, jo eg snakkar med mange av mine kollegaer. Og det er viktig at du som student gjer. Snakk med dine medstudentar, snakk med dine faglærarar, snakk med dei i studentsørvis, snakk med studentpresten og studenthumanisten. På den måten tek du vare på både deg sjølv, og du arbeidar også aktivt med å få deg ei trygg og best mogleg utdanning.

Desse fem tilsette er eit symbol på Høgskulen i Volda. Og alle våre tilsette arbeidar for å gje dykk den beste utdanninga basert på den nyaste forskinga. Saman utgjer vi Høgskulen i Volda, og vi består av mange tilsette som dagleg legg si sjel i å skape ein god studiekvardag for kvar og ein av dykk og skape dei beste og tryggaste rammene for at de skal utvikle dykk. Resten må de faktisk gjere sjølv. 

[Tilbake til video på storskjerm, om mogleg vise studentar frå forsamlinga]

For Høgskulen i Volda er ikkje berre oss tilsette. Høgskulen er mest av alt alle dykk studentar. Det er nettopp for dykk vi er her, og saman skal vi nå visjonen vår: Kompetanse for eit betre samfunn. Vi skal forske, vi skal utdanne, vi skal utvikle, og vi skal formidle.

Og alt dette befinn seg midt i Studiebygda Volda. Midt mellom fjord og fjell finn de eit unikt studiemiljø med eit rikt sosialt liv og gode moglegheiter for friluftsliv. Volda er kjent for sine aktive studentar og eit nært og kjært studiemiljø. Her vil de finne nokre av dei billigaste studentbustadene i Noreg, og de vil alltid vere nær faglærarane dykkar.

Eg oppmodar dykk alle til å gripe dei moglegheitene som ligg framfor dykk. Engasjer dykk i studia, delta aktivt i undervisninga, og ta del i det rike faglege og sosiale miljøet vi har her ved Høgskulen i Volda. Saman kan vi skape noko stort, og saman kan vi bidra til å gjere verda litt betre.

Lukke til med det nye studieåret!


Dear students, new and returning, dear guests, and dear colleagues,

Welcome to a new academic year at Høgskulen I Volda. It is a great pleasure to see so many engaged and expectant faces here today. We stand together at the beginning of a new chapter. But before this chapter begins, we must reflect a little on who Volda University College is.

Volda University College is more than just a university college. It is a place where we all, both staff and students, work together to achieve our vision: Competence for a better society. Let me tell you about five of our dedicated staff members who put their heart and soul into giving you the best opportunities for learning and development every day.

Elisabeth, a lecturer in sports. Elisabeth truly sees each and every one of her students and is close to them, helping each student to learn and develop based on where they are. She is genuinely concerned that you should learn and develop. Elisabeth is always close to the students to provide support in their daily studies. Elisabeth is a shining example of how our staff are close to the students.

Inger Marie, a professor of history, researches the history of the Middle East and actively uses this research in her teaching. She shows how we can learn from history to understand the world we live in today, and she inspires and challenges students to think critically and analytically. Inger Marie represents how we explore and challenge.

Arne Kåre, a docent in mathematics. Arne Kåre is passionate about creating the best teacher education you can get. In his teaching, he works tirelessly to ensure that you gain the knowledge and skills you need to become competent teachers. He asks questions and challenges students to think for themselves. Arne Kåre is a symbol of how we engage in dialogue and create together.

Steinar, a senior lecturer in media studies. Steinar has a lively commitment to giving students a good practical experience. To do this, he develops and researches the field of practice so that you receive a solid and relevant education that prepares you well for working life. Steinar is a symbol of how Volda University College is curious.

Iulia, an advisor in the study administration. Iulia is a firework of energy and commitment. She creates good internationalization opportunities for students and ensures that you have the opportunity to broaden your horizons through international experiences. Iulia is a living example of how we are open and inclusive.

But how do I know this? Well, I talk to many of my colleagues. And it is important that you, as a student, do the same. Talk to your fellow students, talk to your lecturers, talk to those in student services, talk to the student chaplain and the student humanist. In this way, you take care of yourself, and you also actively work to get a safe and best possible education.

These five staff members are a symbol of Volda University College. And all our staff work to give you the best education based on the latest research. Together, we make up Volda University College, and we consist of many staff members who daily put their heart and soul into creating a good study environment for each and every one of you and creating the best and safest framework for you to develop. The rest, you actually have to do yourself.

For Volda University College is not just us staff. The university college is most of all all of you students. It is precisely for you that we are here, and together we will achieve our vision: Competence for a better society. We will research, we will educate, we will develop, and we will communicate.

And all this is located in the Study Village of Volda. In the middle of fjords and mountains, you will find a unique study environment with a rich social life and good opportunities for outdoor activities. Volda is known for its active students and a close and cherished study environment. Here you will find some of the cheapest student housing in Norway, and you will always be close to your lecturers.

I encourage you all to seize the opportunities that lie ahead of you. Engage in your studies, participate actively in the teaching, and take part in the rich academic and social environment we have here at Volda University College. Together we can create something great, and together we can help make the world a little better. Good luck with the new academic year!

Kan vi freiste fleire til å bli lærarar?

I år kan du søke grunnskulelærarutdanning utan å nå karakterkrava i norsk og matematikk. Det er ingen revolusjon. Det er snarare ei politisk vane å endre opptak, innhald og/eller organisering av lærarutdanninga minst ein gong kvar stortingsperiode.

Sett frå Kaarstad-parken.

Mor og far køyrde meg i sin grå Peugeot til eg byrja på lærarutdanning i 2001. Då var opptakskravet generell studiekompetanse (altså, som i dag, når dei spesifikke opptakskrava er fjerna). Sidan då har det vore tre større endringar av rammeplanane for grunnskulelærarutdanninga, opptaksforskriftene er endra og utdanninga har blitt femårig. Få andre utdanningar er like politisk styrte, men eg er svært usikker på om det styrkjer kvaliteten i norsk lærarutdanning eller ikkje. Det er bra det er politisk interesse for skule og lærarutdanning, men forskrifter og endra titlar på vitnemål gjer lite aleine.

Eg hadde alltid lyst til å bli lærar. Eg trur ikkje eg hadde nokon spesiell grunn, men det var noko med det å arbeide med barn og ungdom, med ulike fag, oppleve meistring og skape gode og trygge kvardagar for barn og unge som freista meg. Gode lærarar blei førebilete, og heime på garden snakka foreldra mine om skule som noko viktig. Det var eit yrke eg kjende til, som kunne gi stor meining for andre og meg sjølv, og eg hadde ein fridom til å velje fag, bustad og alderssteg etter kva eg fekk lyst til seinare i livet. Det ligg fleire nøklar til å få fleire til å verte lærarar i dette.

1. Vi som er lærarar må fortelje til verda kvifor vi er lærarar, og kva som gjer at vi framleis arbeider i og med dette yrket. Som det å bidra til og oppleve at vesle Lise knekker lesekoden, eller at Herman forstår brøkrekning. Det å oppleve elevar som meistrar både fagleg og sosialt er noko for seg sjølv, og mange lærarar opplever dette nesten kvar dag. Og ikkje minst det å følgje elevane på vegen frå små barn til unge vaksne, og sjå kor dei veks og utviklar seg gjennom år etter år er ein utruleg viktig del av læraryrket. Du får også med deg kjekke kollegaer, som heiar på og støttar kvarandre. Og vi må heller ikkje gløyme at du kan arbeide kvar som helst i heile landet og det er forholdsvis enkelt å få seg fast jobb. 

2. Lærarar er viktige personar i barn og unge sine liv, og spelar ei nøkkelrolle på vegen når barn utviklar seg og vert til sjølvstendige vaksne. For å få til dette treng skulen hjelp frå fleire. Fagforeiningar, heimar og samfunnet må snakke positivt om lærarar og vise at skule er viktig. Haldningar som vi vaksne har til lærarar og skule smittar over på borna og unge som vi omgår dagleg. Når skrytte du sist av ein lærar?

3. Vi i høgare utdanning må vise at det er mange vegar til å bli lærarar, og at  barnehage- og  grunnskulelærarutdanningane er berre nokre av vegane. Igjen er det berre nokre av desse som har eller har hatt spesifikke opptakskrav. Det er nemleg mange og varierte vegar inn i læraryrket. Mange som byrjar på ei høgare utdanning veit kanskje ikkje enno at det er lærar dei vil ende opp som. Eller kanskje ein finn ut at ein vil verte lærar etter eit langt yrkesliv? Det er også mogleg.  

I følgje SSB er nesten 15 prosent av alle som arbeidar som lærarar i skuleverket utan godkjent pedagogisk utdanning. Dette viser kor viktig det er å få fleire inn i utdanningane, men aller viktigast, kvalifiserte lærarar ut av utdanningane. Det er viktig, sjølv om dei spesifikke opptakskrava no er letta på, så vil det ikkje verte enklare å fullføre utdanningane av den grunn. Alle som endar med eit vitnemål som grunnskulelærar skal oppfylle dei same krava, og skal gjennom omfattande praksisopplæring i tett samarbeid med det arbeidslivet studentane skal ut i. Studentane vil få god opplæring i skulefaga dei skal undervise i og ikkje minst ei god pedagogisk ballast, som gjer dei i stand til å hjelpe elevane til å lære og meistre.  

Så kanskje nokon får ein ny start på lærarlivet sitt når deira foreldre køyrer dei i ein svart Tesla model Y til si lærarutdanning.

Odd Helge Mjellem Tonheim

Orientering frå rektor 20. juni 2024

Lærarutdanningane

Som styret er informert om tidlegare så er det låge søkartal på grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. Kunnskapsdepartementet har opna for at ein kan søke om fritak frå dei spesifikke opptakstala på grunnskulelærarutdanningane, og det har høgskulen gjort. Vi har søkt om fritak frå alle spesifikke opptakskrav på grunnskulelærarutdanningane, slik at ein student med generell studiekompetanse kan få opptak. Vi ventar svar frå Kunnskapsdepartementet der. Vi har også søkt departementet om studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning frå 2025, basert på at kunnskapsdepartementet opna opp for å søke om dette for kort tid sidan.

Universitetskriteria

Kunnskapsdepartementet har sendt forslag til endringar i studiekvalitets- og studietilsynsforskriften på høyring. Her foreslår kunnskapsdepartementet å endre på universitetskriteria, slik at standarden vert at det er minst ei doktorgrad som er dekkande for vesentlege delar av institusjonens verksemd med fleire andre justeringar. Dette vert det vesentleg for høgskulen å gå inn i og sjå på, òg kome ei høyringsfråsegn til departementet innan fristen. Dette vil også aktualisere diskusjonen om korleis HVO skal posisjonere seg i UH-landskapet frammover.

UH-Nett Vest

UH-Nett Vest er ei universitets og høgskuleallianse som har eksistert i mange år. Det er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, VID Vitenskaplige høyskole og NLA. HVO har vore medlem nesten sidan starten. Avtala skal no fornyast for perioden 2025 – 2028. Formålet med nettverket er å vere eit regionalt nettverk som skal bidra til å styrke høgare utdanning og forsking ved medlemsinstitusjonane gjennom et forpliktande nettverkssamarbeid. Eit av dei viktigaste samarbeidspunkta er Solstrandskonferansa, der leiinga ved medlemsinstitusjonane møter sentrale politikarar som statsråd for høgare utdanning og forsking/statssekretær og fleire frå utdannings og forskingskomiteen frå Stortinget. Dette har vorte ein sentral møteplass mellom UH-institusjonane på Vestlandet og sentrale politkarar for sektoren. Mi vurdering som rektor er at dette er ein viktig arena for HVO å fortsett vere med på, gitt at vi får ein unik moglegheit til å nå inn til sentrale politikarar og også å vere med i eit UH-Nettverk som har som mål å bygge UH institusjonane på Vestlandet.

Utnemning av styrerepresentant SiVolda

Høgskulen skal nemne opp ein representant til styret i Studentsamskipnaden i Volda, og her har det vore rektor som no peikar ut. Normalen no har vore at det er prorektor som er fast representant, og rektor som er vara. Og det tenker rektor er det naturleg å fortsetje med, gitt at koplinga mellom Studentsamskipnaden i Volda og leiinga på Høgskulen er vesentleg.

FLAGG OG PARADE FOR TRYGGLEIK OG KJÆRLEIK

I mai kan du sjå at logoen til Høgskulen i Volda er kledd i fargane i regnbogen. Vi vel òg å flagge med regnbogeflagget i veka Bygdepride går føre seg, og vi stilte sjølvsagt òg i Bygdepride-paraden. Studentar, tilsette og ikkje minst brukarane av tenestene vi utdannar til (som skule, Nav, media og barnevernet), treng at vi er trygge og tydelege på at mangfald er ønskt, og at kjærleik treng tryggleik.

Det er viktig for Høgskulen å støtte opp under Bygdepride, og eg kjem tilbake til dette etter kvart. Men først: Er Bygdepride eigentleg viktig den dag i dag? Seksuell omgang mellom menn vart avkriminalisert i 1972. I 1993 vart partnarskapslova vedteken, likekjønna ekteskap vart tillate i Noreg i 2009, og sidan 2017 har homofile òg kunna gifta seg i Den norske kyrkja.

Så kvifor er det eigentleg noko poeng å framleis feire Bygdepride eller Pride? Sjølv om det i Noreg er betre forhold for skeive i dag enn tidlegare, å er det ikkje lenge sidan ting såg annleis ut. I år er det 50 år sidan den første pride-markeringa på Universitetsplassen i Oslo. Ingen av studentane våre har levd heile livet i eit Noreg der likekjønna kunne gifte seg og få like rettar som heterofile i staten. Det er heller ikkje like enkelt å vere skeiv andre stader i verda. I nabolandet vårt Russland er undertrykkinga av homofile aukande, og for under to år sidan vedtok dei ei lov som gjer det straffbart å offentleg vise kjærleik som ikkje er heterofil. I Polen erklærte hundre kommunar seg som homofrie for få år sidan. I om lag 33 prosent av verdas land er homofili forbode. Sju land praktiserer dødsstraff for homofili.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennomfører jamleg undersøkingar om haldninga til LHBTIQ+-personar. Det var færre negative haldningar til ulike former for kjønns- og seksualitetsmangfald i 2022 enn då undersøkingane byrja i 2007. Det er bra. Men det står framleis ein heil del att. Meir enn ein av ti menn «grøssar når dei tenkjer på homofile menn». 12 prosent av mennene er negative til at menn held hender i offentlegheita. 10 prosent av menn meiner sex mellom to kvinner er feil, og 20 prosent meiner at sex mellom to menn er feil. For 15 år sidan var kring dobbelt så mange negative, men framleis er haldningane temmeleg utbreidde.

 Denne triste røyndomen understrekar kvifor det framleis er viktig at vi feirar Pride og Bygdepride, og at vi markerer dette tydeleg for studentar og framtidige profesjonelle fagutøvarar. Det handlar ikkje berre om å feire fridomen vi har til å elske kven vi vil, men òg om å kjempe for dei rettane og den fridommen mange andre i vår verd framleis ikkje har.

Høgskulen i Volda har ei viktig rolle å spele i denne kampen. Som ein akademisk institusjon, er vi i ein unik posisjon til å påverke og utdanne neste generasjon av lærarar, journalistar, sosialarbeidarar, leiarar, avgjerdstakarar og nokon kvar. Vi har ansvaret for å stå opp mot diskriminering og fordommar. Høgskulen sin visjon er «Kompetanse for eit betre samfunn». Og ein del av dette handlar også om å støtte opp under Bygdepride, for å på denne måten sende ein sterk bodskap til studentane, tilsette og det større samfunnet om at vi står saman med LHBTIQ+ samfunnet i kampen for like rettar.

Ein akademisk institusjon har ei særeigen posisjon til å fremje kunnskap, kritisk tenking og respekt for mangfald. Å støtte Pride er ein del av dette engasjementet. Det gir ei plattform for å utforske og diskutere tema knytte til kjønn, seksualitet, sosiale rettar og likestilling – alle relevante og viktige emne i dagens samfunn. Dette støttar ikkje berre akademisk forståing, men bidreg òg til å utvikle empati og sosial bevisstheit blant studentane våre. I ei verd som stadig blir meir globalisert, er evna til å forstå og verne om mangfaldet i menneskeleg erfaring ein nøkkelkompetanse.

 Når vi støttar Bygdepride, skaper vi også eit trygt og inkluderande miljø for alle studentane våre. Vi ønskjer å vere ein institusjon der alle studentar føler seg velkomne, aksepterte og trygge. Så ja, det er framleis viktig for Høgskulen i Volda å delta i Bygdepride. Ikkje berre fordi det er den rette tingen å gjere, men fordi vi som ein utdanningsinstitusjon har ei viktig rolle å spele i kampen for likskap og inkludering. Vi vil halde fram med å støtte opp om Bygdepride, og vi oppmodar alle til å gjere det same. Fordi kjærleik er kjærleik, uansett kven du er, og kven du elskar.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Rektor Høgskulen i Volda

Rektors orientering til styret 7. mai 2024

Norsk innovasjonssenter og Aasenkvartalet

Det er høg aktivitet med tanke på å realisere Norsk Innovasjonssenter og byggjesteg ein i Aasenkvartalet, som er planlagt rett bak Hans Strøm-huset der Ivar Aasen-huset no står. Høgskulen er i dialog med både Volda utvikling AS, Volda kommune, Statsbygg og Sisa Invest AS om progresjonen her. For høgskulen sin del er det Norsk innovasjonssenter som HVO har lagt inn i strategiplanen at vi skal bidra med å realisere, og ikkje minst arbeid med korleis vi skal fylle innovasjonssenteret med ekstern aktivitet som gjev inntekter til høgskulen. Vidare er det også snakk om erstatning for om lag 60 kontor som vil forsvinne i eit eventuelt byggetrinn 2 eller 3 i Aasenkvartalet. Utbygginga her vil verte kostbar for høgskulen, og vi må vurdere nøye behovet vi har opp mot kor mykje det vil koste oss. Her vil styret få ei sak på bordet før endeleg avgjerd.

Vernepleie- og sjukepleieutdanning

Rektor og Randi Bergem har vore i møte med statssekretær Ivar Prestbakmo i kunnskapsdepartementet og seinare også stortingspolitikar Marit Knutsdottir Strand der vi har framsnakka HVO sin søknad om studieplassar vernepleie- og sjukepleiarutdanning i statsbudsjettet 2025. Tilbakemeldingane frå møta er at dei er svært positive til prosjektet, og at dei forstår kvifor vi søker om ekstra studieplassar til dette, men at dei sjølvsagt ikkje kan love noko per no gitt at det vert ein del av ein større budsjettprosess. Vi planlegg å arbeide vidare med anna politisk påverknad i tida frammover.

Søkartal

Ein framtidig student kan enten søke studieplass på Høgskulen i Volda via Samordna opptak, eller via Lokalt opptak. Vi lokalt opptak kan ein søke studieplass på ei rekke vidareutdanningar, mastergrader og praktisk pedagogisk utdanning. I samordna opptak kan studentar søke på bachelorgrader, grunnskulelærarutdanningane og årsstudium, og i slutten av april vart desse tala offentleggjort. Når det gjeld samordna opptak var det nasjonalt ein oppgang på 4,7 % i tal søkarar, medan på Høgskulen i Volda var det ein nedgang på 17,8 %. Og det er lenge sidan høgskulen har hatt så låge søkartal på samordna opptak. Med nokre unntak, så er det ein nedgang på veldig mange av bachelorane våre. Vidare fortset nedgangen i søkartal på barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane både nasjonalt og lokalt, men diverre er nedgangen større i Volda enn nasjonalt. Når det gjeld praktisk pedagogisk utdanning så er her ein gledeleg markant oppgang i tal søkarar. Vidare har vi per no fleire søkarar i lokalopptaket enn vi hadde på same tid i fjor, og på fleire av masterane er det ein gledeleg auke.

Nedgangen i tal søkarar på samordna opptak er svært bekymringsfull, og svært mange av studia her vil verte lagt ut på restetorget når det opnar i sommar. Vidare arbeidar høgskulen aktivt med å sikre at søkarar som har søkt på ein studieplass på HVO skal verte trygg på studievalet sitt med å framstille Volda som ein god plass å studere. Styret vil som vanleg få ein rapport på opptaket tidleg på hausten.

Publiseringspoeng ved HVO

Den 12. april var det frist for rapportering av publiseringspoeng, og Høgskulen i Volda produserte i 2023 141,9 publiseringspoeng, noko som er ei auke på vel 30 poeng. Denne auka er svært gledeleg og viktig for høgskulen.

 ÅrVitskapleg poengproduksjon ved HVO
2023141,09
2022111,00
2021110,06
2020188,95
2019108,39
201897,19
2017108,8
2016100,2
2015111,5
201498,8
201368,4

Rektors orientering til styret 7. mars 2024

Doktorgrad i utdanning, språk og kultur

Det er ei glede å melde til styret at doktorgrada i utdannings, språk og kultur no er akkreditert. NOKUT kommisjonen leverte ein svært positiv rapport, der planane og fagmiljøet fekk mykje skryt. Vi er no sjølvakkrediterande på til og med masternivå innan fagområda som som doktorgrada femner om. Høgskulen har søkt Kunnskapsdepartementet om tillatelse til å starte opp utdanninga. Styret vil så snart som råd få ei ny sak om doktorgrada på bodret, det ein ser nærmare på dei vidare planane, inkludert plan for oppstart, eit blikk på økonomien og kva fordelar det er med å få i gang ei slik doktorgrad på Høgskulen.

Kakefest for ny doktorgrad. Foto: HVO / Steinarr Sommerset

Fokus på dagleg drift

Som de veit så er direktør Emblem sjukemeldt, og vi har fått inn ein fungerande direktør til å ta unna dei løpande oppgåvene. Mi oppleving er at dette fungerer godt samla sett, og at den daglege drifta på høgskulen er sikra på ein god og trygg måte.

Studiebarometeret 2023

I februar kom tala frå studiebarometeret. Studiebarometeret er ei nasjonal studentundersøking som NOKUT gjennomfører kvar haust, og det er andre- og femte-årsstudentar som er respondentar. Dei overordna resultata ser det på figuren som de ser på skjermen no. Med eitt unntak er dette ei gruppering av fleire spørsmål i undersøkinga, og vert gjerne kalla for hovudområde. Samanlikna med nasjonale tal så ligg HVO under på 2 hovudområde, nemleg studentane sitt eige engasjement og korleis studentane opplever organiseringa av studieprogrammet. På to andre hovudområde, nemleg korleis studentane opplever tilbakemeldinga og rettleiinga og tilknytinga til arbeidslivet, ligg HVO over landssnittet. Og på tre områder, undervising, fagleg og sosialt miljø og vurderingsformer ligg vi likt med landssnittet. Når vi samanliknar med oss sjølv for året før, så ser vi at det er ein tilbakegang på fem hovudområde og vi ligg stabilt på to. Når vi ser på den nedste linja i diagrammet ser vi korleis studentane svarar på spørsmålet: «Eg er, alt i alt, nøgd med studieprogrammet eg går på?». Her ser vi at HVO har ein tilbakegang frå i fjor, og ligg på 3,8. Landssnittet ligg på 4,0. Dette er resultat HVO sjølvsagt samla sett ikkje er nøgd med. Resultata frå studiebarometeret vert arbeida med i kvalitetsarbeidet, og har mellom anna vore diskutert på dekanmøtet, i ulike avdelingsmøter og møter med studieprogramleiarane. Og resultata her vil vere med på å danne eit av fleire grunnlag inn i emne og studieprogramevaluringane som igjen dannar grunnlag for studiekvalitetsrapporten.

Sjølv om dei overordna resultata ikkje er noko å rope hurra for, så er det likevel mykje positivt å spore når vi går djupare inn i tala, som til dømes at særleg mediefaga gjer det særs godt i studiebarometeret, og det er det også andre utdanningar som til dømes barnehagelærarutdanningane og bachelor i design, kunst og handverk.

Verdien av vidareutdanning 

I byrjinga av april kunne det bli storstreik. Rett før dei siste timane i meklinga varsla Fellesforbundet ei raskare og større opptrapping enn det som er vanleg før ein eventuell streik. Det var ikkje løn aleine som gjorde forhandlinga vanskeleg. Det som var mest krevjande, var kravet om kompetanseheving. Partane klarte ikkje løyse dette sjølve. Regjeringa måtte inn og love tiltak.

Sett frå Kaarstad-parken.

Kravet om kompetanseheving handlar ikkje om at ein er dårleg i faget sitt. Tvert imot. Det handlar om at ein er stolte av yrke, fag og jobb, og vil utvikle seg og arbeidsplassen sin vidare. Gjennom etter- og vidareutdanning får ein nye verktøy, erfaringar og refleksjonar knytt til eigen praksis.

Personleg har eg opplevd verdien av kompetanseheving frå fleire perspektiv. Eg har undervist matematikklærarar i grunnskulen. Det å sjå fleire lærarar saman reflektere over eigen praksis opp mot forsking, teori og konkrete døme, og få støtte dei i utviklinga av eiga lærargjerning, er noko av mest givande eg gjer. Som høgskule har vi gleda av å gi av vår kunnskap og samtidig lære av dyktige profesjonsutøvarar. Forskinga og utviklingsarbeidet vårt endrar praksis, inspirerer og gjer at fleire elevar meistrar matematikk.

Frå dei ulike fagmiljøa på Høgskulen i Volda (HVO), høyrer eg kollegaene mine fortelje om studiereiser, gjesteopphald, vidareutdanning, doktorgradskurs og seminar dei har delteke på. Både administrativt og vitskaplege tilsette har høve til å lære og utvikle seg, og deler ny erfaring og kunnskap med kvarandre. HVO er noko langt meir enn eit statleg forvaltningsorgan. Vi er eit fellesskap av nysgjerrige folk. Vi held oss oppdatert på fag og funksjonar og nyttar variasjonen av røynsler og kunnskap som bur i organisasjonen.

Når noko så positivt som kompetanseheving kan føre til streik, er det verdt å reflektere over kva som kan vere problematisk. Det handlar ofte om pengar. På HVO har vi stipend for forsking og utvikling, og fleire avdelingar og seksjonar bruker av budsjetta sine til å oppdatere éin eller fleire tilsette gjennom reisestøtte, litteraturkjøp, kursavgifter og anna.

Kompetanseheving krev tid og pengar, både for arbeidsgjevar og arbeidstakar. Det er ofte verdt det, men på kort sikt kan det vere vanskeleg å prioritere. Derfor har staten store ordningar for vidareutdanning av lærarar, og i lønsoppgjeret blei det lova ei form for ordning for industrisektoren. Mange arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar har også eigne kompetansefond i tillegg.

Veldig mange av studentane ved HVO tek vidareutdanning. Dei bygger på kompetansen sin med studium. Nokre får alt dekt, og andre får til dømes dekt reise eller permisjon med løn til eksamen.

Sjølv tek eg vidareutdanning ved NTNU. Det er nyttig for meg å vere student på ein annan institusjon samstundes som eg er i leiinga ved HVO. Å vere student er ei viktig og god erfaring i seg sjølv, og ei ekstra verdifull erfaring når eg leiar ein utdanningsinstitusjon. Eg tek utdanning i leiing av offentleg sektor.

Eg er heldig på fleire vis. Studiet er gratis, og verken HVO eller eg treng betale studieavgift. Eg får dekt reise og opphald på studiet av HVO som arbeidsgivar. I teorien kan eg også arbeide noko med studia i arbeidstida, men til liks med mange andre som tek vidareutdanning, går mange av kveldane og helgene mine med til å lese og skrive ved kjøkkenbordet.

På studiet møter eg andre leiarar frå offentleg sektor med anna leiarerfaring enn meg. Røynde leiarar frå ulike delar av offentleg forvalting, som t.d. kriminalomsorg, politi og helsesektoren , deler kunnskap og reflekterer over erfaringane i lys av teori og forsking. Deltakarar på vidareutdanning bygg kompetanse saman og bidreg til å utvikle både arbeidsplassane og seg sjølv. Dette er også noko av det som gjorde etter- og vidareutdanning til ein viktig del av lønsforhandlingane i byrjinga av april.

Høgskulen i Volda har høg kompetanse på viktige område for offentleg sektor. Vi er særleg sterke på lærarutdanning og skuleutvikling, inkludert faga i skulen, som HVO nett har fått godkjent doktorgradsutdanning for. Vi er også svært sterke innan helse- og sosialfag, samfunnsplanlegging og leiing. Kvifor er dette styrkar ved HVO? Fordi vi driv kontinuerleg kompetanseutvikling i alle ledd i organisasjonen.

Vi har også kunnskap som er viktig for privat sektor, innan mediefag, kulturfaga og for så vidt med den kompetansen vi har i fag og profesjonar frå offentleg sektor. HVO arbeider no med ein etter- og vidareutdanningsstrategi, der vi har som mål å gjere emne tilgjengeleg for folk som er i arbeidslivet, og å skape kontaktflater mellom engasjerte studentar og erfarne profesjonsutøvarar. Vi ser fram til å utvikle nye tilbod for framtida i tråd med etterspurnad i arbeidslivet.

Høgskulen i Volda er avhengig av at offentleg sektor satsar på kompetanseheving. Dét er også samfunnet avhengig av. Ein offentleg sektor som ikkje opnar seg mot verda, ny kunnskap og andre fagmiljø, stagnerer. Det har offentleg sektor skjønt – derfor blir det satsa på kompetanseheving, leiarutvikling og vidareutdanning. Partane i arbeidslivet, både arbeidsgjevarar og arbeidstakarorganisasjonane, har også skjønt det. Etter- og vidareutdanning er viktig for å saman utvikle eit betre samfunn. 

Odd Helge Mjellem Tonheim
Rektor Høgskulen i Volda

Innlegget er ogs publisert i Tidens Krav og Romsdals Budstikke