Det er høg aktivitet med tanke på å realisere Norsk Innovasjonssenter og byggjesteg ein i Aasenkvartalet, som er planlagt rett bak Hans Strøm-huset der Ivar Aasen-huset no står. Høgskulen er i dialog med både Volda utvikling AS, Volda kommune, Statsbygg og Sisa Invest AS om progresjonen her. For høgskulen sin del er det Norsk innovasjonssenter som HVO har lagt inn i strategiplanen at vi skal bidra med å realisere, og ikkje minst arbeid med korleis vi skal fylle innovasjonssenteret med ekstern aktivitet som gjev inntekter til høgskulen. Vidare er det også snakk om erstatning for om lag 60 kontor som vil forsvinne i eit eventuelt byggetrinn 2 eller 3 i Aasenkvartalet. Utbygginga her vil verte kostbar for høgskulen, og vi må vurdere nøye behovet vi har opp mot kor mykje det vil koste oss. Her vil styret få ei sak på bordet før endeleg avgjerd.
Vernepleie- og sjukepleieutdanning
Rektor og Randi Bergem har vore i møte med statssekretær Ivar Prestbakmo i kunnskapsdepartementet og seinare også stortingspolitikar Marit Knutsdottir Strand der vi har framsnakka HVO sin søknad om studieplassar vernepleie- og sjukepleiarutdanning i statsbudsjettet 2025. Tilbakemeldingane frå møta er at dei er svært positive til prosjektet, og at dei forstår kvifor vi søker om ekstra studieplassar til dette, men at dei sjølvsagt ikkje kan love noko per no gitt at det vert ein del av ein større budsjettprosess. Vi planlegg å arbeide vidare med anna politisk påverknad i tida frammover.
Søkartal
Ein framtidig student kan enten søke studieplass på Høgskulen i Volda via Samordna opptak, eller via Lokalt opptak. Vi lokalt opptak kan ein søke studieplass på ei rekke vidareutdanningar, mastergrader og praktisk pedagogisk utdanning. I samordna opptak kan studentar søke på bachelorgrader, grunnskulelærarutdanningane og årsstudium, og i slutten av april vart desse tala offentleggjort. Når det gjeld samordna opptak var det nasjonalt ein oppgang på 4,7 % i tal søkarar, medan på Høgskulen i Volda var det ein nedgang på 17,8 %. Og det er lenge sidan høgskulen har hatt så låge søkartal på samordna opptak. Med nokre unntak, så er det ein nedgang på veldig mange av bachelorane våre. Vidare fortset nedgangen i søkartal på barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane både nasjonalt og lokalt, men diverre er nedgangen større i Volda enn nasjonalt. Når det gjeld praktisk pedagogisk utdanning så er her ein gledeleg markant oppgang i tal søkarar. Vidare har vi per no fleire søkarar i lokalopptaket enn vi hadde på same tid i fjor, og på fleire av masterane er det ein gledeleg auke.
Nedgangen i tal søkarar på samordna opptak er svært bekymringsfull, og svært mange av studia her vil verte lagt ut på restetorget når det opnar i sommar. Vidare arbeidar høgskulen aktivt med å sikre at søkarar som har søkt på ein studieplass på HVO skal verte trygg på studievalet sitt med å framstille Volda som ein god plass å studere. Styret vil som vanleg få ein rapport på opptaket tidleg på hausten.
Publiseringspoeng ved HVO
Den 12. april var det frist for rapportering av publiseringspoeng, og Høgskulen i Volda produserte i 2023 141,9 publiseringspoeng, noko som er ei auke på vel 30 poeng. Denne auka er svært gledeleg og viktig for høgskulen.
Det er ei glede å melde til styret at doktorgrada i utdannings, språk og kultur no er akkreditert. NOKUT kommisjonen leverte ein svært positiv rapport, der planane og fagmiljøet fekk mykje skryt. Vi er no sjølvakkrediterande på til og med masternivå innan fagområda som som doktorgrada femner om. Høgskulen har søkt Kunnskapsdepartementet om tillatelse til å starte opp utdanninga. Styret vil så snart som råd få ei ny sak om doktorgrada på bodret, det ein ser nærmare på dei vidare planane, inkludert plan for oppstart, eit blikk på økonomien og kva fordelar det er med å få i gang ei slik doktorgrad på Høgskulen.
Fokus på dagleg drift
Som de veit så er direktør Emblem sjukemeldt, og vi har fått inn ein fungerande direktør til å ta unna dei løpande oppgåvene. Mi oppleving er at dette fungerer godt samla sett, og at den daglege drifta på høgskulen er sikra på ein god og trygg måte.
Studiebarometeret 2023
I februar kom tala frå studiebarometeret. Studiebarometeret er ei nasjonal studentundersøking som NOKUT gjennomfører kvar haust, og det er andre- og femte-årsstudentar som er respondentar. Dei overordna resultata ser det på figuren som de ser på skjermen no. Med eitt unntak er dette ei gruppering av fleire spørsmål i undersøkinga, og vert gjerne kalla for hovudområde. Samanlikna med nasjonale tal så ligg HVO under på 2 hovudområde, nemleg studentane sitt eige engasjement og korleis studentane opplever organiseringa av studieprogrammet. På to andre hovudområde, nemleg korleis studentane opplever tilbakemeldinga og rettleiinga og tilknytinga til arbeidslivet, ligg HVO over landssnittet. Og på tre områder, undervising, fagleg og sosialt miljø og vurderingsformer ligg vi likt med landssnittet. Når vi samanliknar med oss sjølv for året før, så ser vi at det er ein tilbakegang på fem hovudområde og vi ligg stabilt på to. Når vi ser på den nedste linja i diagrammet ser vi korleis studentane svarar på spørsmålet: «Eg er, alt i alt, nøgd med studieprogrammet eg går på?». Her ser vi at HVO har ein tilbakegang frå i fjor, og ligg på 3,8. Landssnittet ligg på 4,0. Dette er resultat HVO sjølvsagt samla sett ikkje er nøgd med. Resultata frå studiebarometeret vert arbeida med i kvalitetsarbeidet, og har mellom anna vore diskutert på dekanmøtet, i ulike avdelingsmøter og møter med studieprogramleiarane. Og resultata her vil vere med på å danne eit av fleire grunnlag inn i emne og studieprogramevaluringane som igjen dannar grunnlag for studiekvalitetsrapporten.
Sjølv om dei overordna resultata ikkje er noko å rope hurra for, så er det likevel mykje positivt å spore når vi går djupare inn i tala, som til dømes at særleg mediefaga gjer det særs godt i studiebarometeret, og det er det også andre utdanningar som til dømes barnehagelærarutdanningane og bachelor i design, kunst og handverk.
Prosessen med akkreditering av doktorgrad i utdanning, språk og kultur Høgskulen fekk tidleg i november orientering om at prosessen er forseinka, og den nye tidsplanen tilseier at vi vil få eit rapportutkast litt før jul, truleg med svarfrist tidleg i januar. Etter planen per no så ligg det an til ei avgjerd i styret i NOKUT i midten av februar.
Budsjettforlik Styret skal seinare i dag handsame budsjettet for 2024, som er basert på regjeringa sitt utkast til budsjett. Sist søndag kom nyheita om at regjeringa har inngått budsjettforlik med SV. Detaljane er det for tidleg å seie heilt konkret, men det er gledeleg at studiestøtta ser ut til å auke med 10 prosent frå 1. august. Det som er bekymringsfullt, er at det skal trekkast inn 50 millionar kr i forventa lågare pris og lønsvekst og også 21 millionar kr knytt til færre studieplassar til ukrainske flyktningar. Korleis tala vil sjå ut for HVO, er enno uvisst, men det ser ikkje ut til å vere dei veldig store justeringane som må til.
Hans Strøm – innflytting I midten av november kunne dei tilsette ta i bruk kontora i eit nyoppussa Hans Strøm-hus. I januar vil huset verte fylt med undervising og mykje anna studentaktivitet. Det er hektisk aktivitet på ASH med å teste ut dei nyoppussa undervisingslokala, som frå og med januar vil kome alle tilsette og studentar på HVO til gode.
Bokhandel Akademika tok i slutten av oktober avgjerda å legge ned bokhandelen som er på høgskuleområdet. Høgskulen og Studentsamskipnaden i Volda har vore i dialog med Akademika fram mot avgjerda og har strekt seg langt for å legge til rette for å framleis ha ein bokhandel på høgskuleområdet. Etter at avgjerda var teken frå Akademika si side, har Norli, som har vanleg bokhandel i Volda sentrum, teke på seg det vidare ansvaret for eit fagbokutsal. Dei har kjøpt Akademika sitt varelager, og inntil vidare har Norli opna opp i dei gamle lokala til Akademika. Her vil dei ha open bokhandel ut februar. HVO har forlenga leigeavtalen med Ivar Aasen-huset ut denne perioden. Etter det vil Norli opne opp i ny-oppussa lokale i sentrum, der dei også har plass til ein fagbokhandel.
Nasjonal samordning av masteropptak Det vert arbeidd i universitets- og høgskulesektoren med å organisere ei nasjonal samordning av opptaket på mastergrader, som per i dag ligg til kvar enkelt institusjon. Samordna opptak handsamar i dag hovudsakleg årsstudium og bachelorgrader. Spørsmålet er om sektoren skal ha eit tilsvarande nasjonalt opptak for opptak på mastergrader. Spørsmåla som vert stilte i høyringa, er mellom anna om vi vil ha eit slikt opptak, kor samordna det skal vere, og korleis det skal finansierast. HVO arbeider med å skrive høyringssvar og vil svare innan fristen 1. februar.
Masteren «Natur, kultur og sosial berekraft» Det er ei glede å kunne informere styret om at kommisjonen og NOKUT har akkreditert masteren i «Natur, kultur og sosial berekraft». Rett før sommaren fekk vi tilsendt den foreløpige rapporten, som hadde til dels store spørsmål knytt til ei eventuell akkreditering. Fagmiljøa på AKF arbeida svært godt og svarte desse spørsmåla godt ut, og det førte mellom anna til ei namneendring, ein fekk inn sosial berekraft i staden for berekraft for å gjere samanhengen mellom namn og læringsutbytteformuleringar tydelegare. I starten av oktober kom den gledelege meldinga om at masteren vart akkreditert. Vegen vidare no vert å vurdere økonomien knytt til masteren, og styret har eksplisitt bedt om ei sak knytt til dette. Reelt sett må nok dette skje ved omprioritering internt, då våre tidlegare søknadar om nye studieplassar til denne masteren til Kunnskapsdepartementet ikkje har nått fram. Dette er også slik HVO tidlegare har finansiert dei fleste av dei to-årige masterane vi har. Vidare må vi også søke Kunnskapsdepartementet om godkjenning til å starte opp masteren. Ein eventuell oppstart ser vi for oss fyrst i 2025. Les meir om innhaldet i masteren her.
Søknad om akkreditering av doktorgraden Utdanning, språk og kultur Her er ikkje noko nytt frå sist styremøte, vi ventar framleis på den foreløpige rapporten frå kommisjonen, der signala var at den skulle kome i løpet av oktober.
Studentar utanfor EU/EØS Regjeringa har, som venta, fortsett økonomisk trekk for studentar utanfor EU/EØS. Målet er at desse studentane no skal betale for å studere i Noreg. HVO har vore svert kritiske til dette, saman med resten av UH-sektoren. Det har kome eit framlegg til ei stipendordning frå regjeringa på inntil 200 masterstudentar med som skal bøte på utfordringane som har oppstått i kjølvatnet av kravet om eigenbetaling for studentar utanfor EU/EØS vart innført. Innrettinga på stipenda har større preg av å vere bistandsarbeid enn internasjonalt kunnskapsarbeid. På masteren vår i Media Practices har eit mangfald av studentar vore viktig for å få ei breidde av erfaringar frå ulike land. Dette studentmangfaldet har også vore ein viktig del av studentmiljøet i Volda. Eit mangfald vi no i stor grad mister, som er ei stor bekymring. Stipendordninga kom på ei svært kort høyringsrunde, og HVO har svart og peikar mellom anna på nettopp dette, samt utfordringa med at stipend for inntil 200 studentar ikkje kjem i nærleiken av å kunne erstatte alle dei studentane UH-sektoren har mista. Per no er status på HVO at vi har 8 betalande studentar fordelt på studieprogramma Master in Media Practices, Norsk for internasjonale studentar og barnehagelærarutdanninga. Les meir om stipendiatordninga her.
Prosjekt på høgskuleområdet Som vi kjem tilbake til seinare i ei sak i dag, så er oppussinga av Hans Strøm-huset i rute. Denne veka er det gjennomføring av ferdigbefaring, og vidare vert det handsaming av avvika. Det ser ikkje ut til at der er store avvik, men ein del små som må rettast opp. Fasaden vert ferdig i løpet av november. HVO er allereie i gang med å montere AV-utstyr og det er planlagt at dei tilsette kan flytte inn frå 20. november. Ein vil ta huset i fullt bruk med undervising frå januar 2024.
Statsbygg har også sett gang ei oppussing av idrettsbygget, der er eit større prosjekt for å nå reglane for universell utforming. Det er samtidig fleire andre opsjonar som Høgskulen ser på som moglegheiter, men som vi eventuelt må stå for sjølv økonomisk. Dette er til dømes eit treningsrom for studentane i ein del av bygget, jamfør at HVO måtte stenge det treningsrommet vi hadde for ei stund tilbake. Her må ein eventuelt prioritere investeringsmidlar til dette om det skal gjennomførast. Det er ikkje planlagt å stenge idrettsbygget i perioden arbeidet skjer, og vi har vore tydeleg på at det må takast særleg omsyn til eksamensperiodane, då store skuleeksamenar vert avvikla i bygget.
Leiarsamling – UH-Nett Vest Den 10.-11. oktober var rektor, direktør, dekanane, forskingssjef og personalsjef på leiarseminar saman med andre leiarar i UH-Nett Vest. UH-nett Vest er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda. Vidare er NLA Høgskolen og VID vitenskaplige høgskole assosierte medlemmer i nettverket. Nettverket sitt mål er å styrke forsking og utdanning på Vestlandet, og oppstod i forkant av regionsreforma, saman med fleire andre regionale nettverk i UH-sektoren. Konferansen hadde eit variert og godt program, og er ei viktig kontaktflate mot både regionen og politiske aktørar. Statsråd Sandra Borch opna konferansen, og fleire medlemar av Utdannings og forskingskomiteen var deltakarar på heile konferansen. Konferansen har vorte ein viktig arena for samarbeid mellom institusjonane på Vestlandet og også med tanke på å bygge relasjonar med nasjonale politiske aktørar. Heimesida til UH-nett Vest finn de her.
Statsbudsjettet og nytt finansieringssystem frå og med 2025 Til slutt nokre ord om statsbudsjettet og nytt finansieringssystem frå og med 2025. Statsbudsjettet for 2024 kjem vi tilbake til ei eiga sak seinare i dag. Rektor har også skrive eit eige blogg-innlegg om dette, som de finn her. Kort oppsummert er dette er eit budsjett der HVO får ein realnedgang i løyvingane. Rett nok er nedgangen delvis varsla på førehand, men det endrar ikkje på realitetane med tanke på at HVO får nedgang i løyvingane. Vidare er det også skjult ei anna utfordring i budsjettet, nemleg at det som er gitt som rammeauke er i realiteten midlar HVO delvis allereie får eller har fått via søknad til HK-Dir. Desse midlane er også til dels øyremerka (den eine delen til lærarutdanning og den andre til desentrale og fleksible utdanningar). Eg tenker det er positivt at vi får pengane direkte i ramma, i staden for at vi må søke via HK-Dir, då dette fører til ei reell avbyråkratisering, men samtidig fører ikkje dette til meir pengar til sektoren. Den store utfordringa for HVO framover er utfasinga av koronastudieplassane, rektor er bekymra for at denne utfasinga vil føre til at dei 2-3 neste budsjetta for HVO vil sjå endå raudare ut, noko vi må førebu oss på.
Det er også gitt nokre signal om korleis det nye finansieringssystemet kjem til å sjå ut frå og med 2025. Det er planen at vi vil kome tilbake til dette i neste styremøte. Regjeringa skrur på mange knappar i det nye finansieringssystemet, og det gjenstår å sjå kva som vert resultatet her. Ein del resultatinsentiv forsvinn, som til dømes publisering og internasjonale studentar. Vidare vert det ei forenkling ved at ein går frå seks kategoriar (A-F) innan finansiering av studieplassar til 3 kategoriar, og det ser ut til at studiepoengproduksjonen kan få ei svak auke i finansieringa, og det vil vere avgjerande korleis HVO sine utdanningar plasserer seg inn i dei nye kategoriane. Vidare ser det ut til at kandidatindikatoren vert gjort om til ein ganske komplisert indikator knytt til gjennomstrøyming på grader, der institusjonane får eit økonomisk insentiv om ein har betre gjennomstrøyming på normert tid i grader enn gjennomsnittet i sektoren og også auka gjennomstrøyminga, men økonomisk nedgang om ein ligg under snittet i sektoren eller går tilbake. Den økonomiske storleiken på denne indikatoren, og korleis dette vil slå ut er framleis usikkert. Styret har tidelgare bedt om ein gjennomgang av dette, og eg tenker det er naturleg at det i neste styremøte vert sett ned ei gruppe som skal vurdere budsjettmodellen til HVO opp mot justeringane i den nye finansieringsmodellen.