Dekan Jorunn Sem Fure har sagt opp
Dekan Jorunn Sem Fure har sagt opp si stilling som dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie og vil fråtre ved årsskiftet. Jorunn seier sjølv at ho har hatt gode år ved HVO og ASH, og legg vekt på det sterke kollegiale fellesskapet og gode arbeidsmiljøet i avdelinga.
Årsaka til endringa er ønsket om å vere meir til stades for familien, og ho tiltrer på nyåret som museumsleiar for Festningsmuseet på Bergenhus, ein del av Forsvarshistorisk museum under Forsvarsdepartementet.
Leiinga er i gang ein prosess for å konstituere ein dekan for avdelinga. Og vi håper å kunne gjennomføre eit omframt styremøte så snart som råd for å få på plass ein dekan.
HVO og Høgskulen i Molde går inn i NorPal
Høgskulen i Volda har saman med Høgskulen i Molde valt å gå inn i Norsk konsortium for palestinsk høgare utdanning (NorPal). Konsortiet er etablert for å støtte gjenoppbygginga av høgare utdanning og forsking i Palestina, og samlar ei rekke norske universitet og høgskular i eit felles akademisk solidaritetsarbeid.
Valet om å delta er forankra i ønsket om å bidra til internasjonal akademisk ansvar og støtte studentar og tilsette som er ramma av krigen. Gjennom NorPal vil HVO og HiMolde kunne delta i mobilitetsordningar, forskingssamarbeid og dialog med norske myndigheiter om eventuelle tiltak.
Arbeidsgrupper
Arbeidsgruppene knytt til strategi og kvalitetssystemet er sett ned og i gang med sitt arbeid. Og vi planlegg med at styret vil få ei løypemelding på neste styremøte. Leiinga ser også behov for å setje ned ei arbeidsgruppe knytt til bruk av KI på Høgskulen i Volda, mellom anna med eit blikk på bruk av KI i utdanningsverksemda, til dømes i arbeidskrav og eksamen. Men også knytt til bruk av KI i forvaltninga. I desse daga arbeidar leiinga også med å setje ned eit språkpolitisk utval, som er ei oppfølging av dei språkpolitiske retningslinjene som var vedtekne i det førre styret.
Utdanningsdagen 2025 (tysdag 28. oktober)
Gjennom ein heil skuledag fekk drygt 750 elevar frå vidaregåande skular og folkehøgskular teste ut og høyre om kva ein lærer og gjer på dei ulike studia ved Høgskulen i Volda – og ikkje minst kva studentane fyller fritida si med i Volda.
Utdanningsdagen er ein viktig av rettleiinga for yrkesval i skulane i regionen. Frå Søre Sunnmøre kjem alle vidaregåande skular, men vi har også avtalar med mange skular på Nordre Sunnmøre og i Nordfjord. På Utdanningsdagen fekk vi besøk av lærarar og rådgjevarar frå Ålesund, Borgund, Volda, Spjelkavik, Stranda, Vestborg, Ulstein, Stryn, Firda, Eid, Akademiet Ålesund og Ørsta, og dessutan Ålesund og Møre folkehøgskule. Arrangementet er Høgskulen i Volda sitt største enkeltståande rekrutteringstiltak.
Dei ulike utdanningane presenterte seg i dei forskjellige husa ved høgskulen. Med det fekk ungdommane sett mykje av høgskuleområdet og ein del av fasilitetane som finnast. Den siste delen av dagen var også sett av til å gjere nettopp det, bli kjend med campus og treffe studentorganisasjonar som stod på stand.
Vi gler oss til å ønske neste kull velkomen til neste års Utdanningsdag.
Lønsforhandling i mål
Årets 2.5.1-forhandlingar er i mål, innan fristen. Og direktør og HR-sjef melder om gode og reelle forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonane. Det vart ein kombinasjon mellom generelle og individuelle tillegg.
Budsjett
Som tidlegare informert om og som styret ser av sakspapira i dag, så er peikar pilene nedover når det gjeld økonomien. Det vert gjort ein stor innsats i organisasjonen på alle nivå, for å legge gode budsjett og dobbeltsjekke desse. Einingane har nettopp gått gjennom budsjetta på nytt med kritisk blikk og året 2026 vert svært stramt økonomisk. I tillegg til god budsjettstyring må vi også arbeide for å auke inntektene, med mellom anna auka studiepoengproduksjon, utan at det går på kostnad av kvalitet og eventuelle nye BOA-inntekter. Vi startar også i desse dagar å gå gjennom studieporteføljen kritisk, for å vurdere denne framover. Når det arbeidet er gjennomført vil vi sjå vidare på organisering og avdelingsstruktur, slik det er signalisert i planar 2025.