Familiedag på Volda bygdetun

I Volda blir det kvar haust gjennomført ein årleg festival som blir kalla Forskingsdagane, og i høve denne festivalen fekk vi som er studentar ved Mat, kultur og konserverings-studiet ei sentral rolle i høve eit av arrangementa som blei gjennomført, nemleg familiedag på Volda bygdetun. Bygdetunet i Volda består av ei samling av forskjellige hus frå ulike århundrer, som i dag er ein del av Sunnmøre Museum. Her får besøkande eit innblikk i korleis folk levde, budde og jobba før i tida (Norsk kulturarv, Volda bygdetun og garverimuseum).

Volda bygdetun, matstova til høgre i biletet. Foto: Malene Hoel Nilsen.

Å vere med på dette arrangementet var spanande, fordi vi som studentar fekk vere med på å gjere Volda bygdetun levande for ein dag, der tradisjonar kring norsk mat og kultur var i fokus. Sidan bygdetunet er gamalt, gjorde det også noko med stemninga å få lov til å formidle norsk matkultur. Både store og små besøkande fekk smake å lære om ulike typar matrettar som blei  framstilte, og dei fekk og ta del i ulike matlagingsaktivitetar. Målet var at dei besøkande som tok turen til Volda bygdetun denne dagen, skulle få lære om ulike historiske og kulturelle tradisjonar som er knytta til matlaging.

Potetsortane som blei nytta til den praktiske aktiviteten, samt ulike typar krydder. Foto: Malene Hoel Nilsen.

Eg og Vilde heldt til i matstova, der dei besøkande fekk lære om potet, og vi presenterte ulike potet-typar for dei. Desse var mandelpotet, Kerrs pink potet og Asterix potet, som alle blir dyrka i Noreg. Hos oss fekk gjestane lage potetbåtar av dei tre potetsortane som vi presenterte, samt krydre dei med ulike krydder før dei blei brakt inn i grua for steiking i olje. Dette viste seg å vere ein populær aktivitet, då serveringsfatet vi hadde stadig vart tomt for smaksprøver.

Oppskjæring av mandelpotet som skal bli steikt i grua. Foto: Malene Hoel Nilsen.

Poteta si historie
Poteta kom fyrst til Noreg frå Sør-Amerika på 1700-talet. Hernes og Harman (2009, s.184) nemner at det var stor skepsis blant folket då poteta kom til Europa, og det tok lang tid før den allmenne befolkninga såg nytteverdien til poteta som matvare. Ein kan difor ikkje la vere å nemne «potetprestane», som var blant dei fyrste som forstod betydninga poteta hadde for kostholdet, og korleis den var med på å avverge matmangel og underernæring hos folk flest (Herman & Harman, 2009, s.184). Etter at poteta blei akseptert, tok det ikkje lang tid før den blei dyrka over heile landet. I følgje Hernes og Harman (2009, s.184-185), blei potetdyrking vanlig fordi poteta kan dyrkast på dei fleste stadar, og den gir store avlingar. I løpet av dei siste 200 åra, har poteta med andre ord vore med på redde mange frå hungersnaud og svolt (Hernes og Harman (2009, s.185). Einar Kr. Holtet nemner blant anna at poteta i stor grad fått konkuranse frå andre råvarer som ris og pasta i dagens samfunn, noko som har resultert i at forbruket vårt har gått betraktelig ned sidan byrjinga på 1970-talet (Holtet, 2016)

Førebuing til dagen og erfaring
For å kunne utføre aktiviteten dei besøkande kunne ta del i ved vår stasjon, var vi nøydde til å låne utstyr frå høgskulen sitt skulekjøkken. Dette ordna vi i god tid, sik at vi var sikre på at vi hadde det som var naudsynt for å gjennomføre opplegget vi hadde planlagt. Når sjølve dagen kom, var det berre for oss å hente det ferdigpakka utstyret på skulekjøkkenet, før vi reiste ned til bygdetunet for å lage klar stasjonen vår. Vi fekk raskt fyr i grua og monterte steiketakka, samt at vi dekorerte arbeidsborda med blomar og stein. Vi la også fram borsjyrer som gav eit kort innblikk i poteta si hitsorie, samt ei oppskrift som gjestane kunne ta med seg. Etter dette byrja vi å plassere råvarene som skulle nyttast utanfor grua. Vi bestemte oss for å dele potetene i mindre delar på førehand av arrangementet, slik at vi var sikre på at det skulle bli nok poteter til dei besøkande som ville lage potetbåtar saman med oss.

Oppskrift på steikte potetbåtar i grue
– Potetbåtar av typen Asterix, Kerrs pink eller Mandel
– Valfritt krydder, til dømes: maldonsalt, pommes frites, oregano, grillkrydder
– Olje til steiking

Det tok ikkje lang tid før dei seks plassane vi hadde utanfor matsova var opptekne av besøkande som ville lage potetbåtar, og vi heiv oss rundt med presentasjon og praktisk arbeid. Borna spesielt, tykte det var stas å lage «pommes frites frå botnen av». Utover dagen kom fleire gjestar til og ville ta del i aktiviteten vår, men grunna mykje røyk inne i grua var eg og Vilde nøydde til å ta hyppige pauser. Dette førte til at det periodevis hopa seg opp med usteikte potetbåtar i grua, men dette gjekk seg til då vi etter kvart byrja å bevege oss rundt på bygdetunet for å servere gjestane dei ferdigsteikte potetbåtane.

Potetbåtar som blir steikt i grua. Foto: Malene Hoel Nilsen.

Til ei anna anledning trur eg at vi ville nytta matsova berre som eit museumshus med fyr i grua for dei besøkande, og heller ta føre oss alt av matlaging på bålpanne utanfor denne stova. Då hadde gjestane også i større grad fått vore med på prosessen frå A-Å, og betre sett korleis poteta endrar seg frå rå til steikt.

Volda bygdetun, Haualeite. Foto: Malene Hoel Nilsen.

Kjelder

  • Hernes, S. & Harman, B. (2000). Mar, kultur, helse – ressursbok for lærere. Bergen: Fagbokforlaget
  • Norsk kulturarv. Henta 28.09.17 frå http://kulturarv.no/kulturminne/volda-bygdetun-og-garverimuseum
  • Potet (2016, 11. august) I Store norske leksikon. Henta 20.september 2017 frå https://snl.no/potet (Holtet, 2016)

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *