Les Miserables

Tekst: Adrian Runde

Les Miserables er ein musikal komponert i 1980 av ein fransk komponist ved namn Claude-Michel Schönberg, med tekst av Alain Boublil. Musikalen er den mest berømte franske musikalen og ein av dei mest framførte i heile verden, og er i London den lengstpelande musikalen i West End. Musikalen baserer seg på romanen Les Miserables av Victor Hugo.

Eg hadde egentlig ikkje stor tru på at eg kom til å like musikal. Eg var positiv til det, men forhåpningane mine var ikkje så veldig høge. Eg bestemte meg for å bli med på Les Miserables fordi det virka som folk var gira på å sjå den og hadde høyrt bra ting om den. Då oss kom til salen var den ganske full, men der var fortsatt ein del stolar ledige og eg lurer egentlig på kor mange som har sett den før som var der då.

Musikalen startar på ein båt der hovudpersonen har fått eitt brev som løslater han frå slavearbeidet i ei stund. Estetikken av å vere på eit skip treffer kraftig og fangane syngjer om å bli løyslatt og at Gud skal høyre bønene deira. Oss blir introdusert til hovudkarakteren Jean Valjean, men blir som oftest referert til som 24601 av nemesisen Javert som har ingen tru på at kriminelle kan endre seg og bli til gode menneskjer. Oss ser også denne tankegangen når Jean Valjean prøver seg på gårdsarbeid der han får halve løna til ein vanleg arbeidar på grunn av bakgrunnen som kriminell.

Eg blei ganske «blown away» av musikalen. Musikken var fantastisk og karakterane blei bygd på eitt heilt fantastisk vis. Historia var kjempesolid og lett å følgje, eg kjente meg virkelig oppslukt i den ettersom den gjekk. Der var ekte følelsar i spel når man følgde slaget ved barrikaden og når Jean Valjean satt og song sin «God on High», når Javert kom inn i bildet spelte dei melodien hans som var støtta av kraftige horn og låge notar og du følte virkelig krafta han hadde som lovmann. Alt i alt ein fantastisk konsert.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *