Sissel Marie på lauget

Foto og tekst: Ellinor Myklebust

PERSONLEG OG STEMNINGSFULL INTIMKONSERT MED LÅTSKRIVAR OG VOKALIST SISSEL MARIE PÅ LAUGET LAURDAG 9. NOVEMBER – 2019.

Ute har den fyrste snøen lagt seg som eit slør over haustfargane denne laurdagskvelden. Haust har blitt til vinter på kort tid! Den trivelege kafeen og minikonsertscena Lauget venta med varm kakao, trivelege menneske og god atmosfære! Folk stod i kø for å få kjøpt dei siste billettane til konserten. Så var det berre å sette seg  som sild i tønne der ein fekk plass. Nokon sto. Intimt og koselig ein mørk og kald kveld.

NÅR TIDA ER INNE

«Når tida er inne» er namnet på albumet Sissel Marie slapp i januar, som er det fyrste albumet hennar. Tidligare har ho sleppt fleire singlar, mellom anna « Ein dag til», «Der eg e no» , «Ved sida di» og «Have no fear»- alle låter som ligg på spotify.

NYNORSK 

Sissel Marie er sanglærar på Firda vidaregåande skule og gift med filmskapar Øystein Frøyland som også er lærar på Firda, saman har dei budd i Gloppen i 2,5 år.  Sissel Marie skriv på nynorsk og skriv personleg, organisk og ekte om det å gå igjennom vanskelige ting i livet og kor lett det er å halde det som er vanskeleg for seg sjølv.  Vi  kjenner oss att i det ho syng om. Publikum sit trollbotne og lyttar i dei putedekte  benkane rundt kafeborda.  Trass i alvorlege tekstar er musikken kvikk og lett og glad! Akustisk og rein. Stemma hennar er karakteristisk, søt,  men likevel sterk med mykje volum. Ho skriv ein type popvisemusikk med jazza preg. 

Under konserten fekk ho til og med publikum til å kore med, noko som skapte engasjement og glede. Ho framførte og ei låt der ho har sett melodi til eit dikt av Olav Hauge. Vakkert! 

Denne kvelden hadde ho fått med talentfulle Bjarne Iestra på saxofon. Han styrte både teknikken, samt spelte på ein del av låtane, – improviserande og imponerande! På trommer hadde ho Runar Netland, på tangentar Sverre Undheim,  og på bass Martin Morland. Dei også tidlegare studentar frå tida i Volda, og seinare busett i Oslo, der også Sissel Marie har produsert musikken sin hjå Apollon records som forøvrig held til i Bergen.

HØGSKULEN I VOLDA 

Sissel Marie har skrive musikk lenge, men tida på musikkstudia  i Volda har betydd mykje for karrieren hennar, der ho gjekk ifrå å synge og spele piano aleine, til å spele med band og på konsertar, samt spele inn musikken sin i studio. Musikken hennar finn du som tidligare nevnt  på spotify,  men og på soundcloud , youtube, og andre strøymetjenestar.

Den usminka naturlege jenta med begge beina planta godt på jorda  er talentfull bekjeden og ikkje den typen som lett stikk seg ut. Det er det som gjer musikken hennar og tekstane hennas så personlege og  gjev eit uttrykk for det mange menneske kanskje alltid berre held på innsida og aldri slepp ut; nemleg dei vanskelege kjenslene. På scena klarer Sissel Marie å formidle nettopp desse kjenslene på ein slik måte at det når inn hjå publikum. Ikkje mange klarer skape ekte naturleg og fengjande musikk på dette nynorske språket, slik Sissel Marie klarer.  Orda i tekstane hennar kjem tydeleg fram, og glir lett inn hjå publikum.  Forståeleg og dagligdags, vanskelege kjensler presentert på ein enkel og fin måte til fengande rytmer. Den mjuke stemma hennar er karakteristisk, søt men likevel sterk med mykje volum,  og ho syng på ein svært dynamisk måte med god teknikk og intonasjon. 

Saman med bandet sitt utstråler ho ei naturleg speleglede  på scena, og publikum kan ikkje anna enn å føle seg vel og kose seg med musikken deira, og halde takta med kroppen. Sjølv om alle er avgrensa til å sitte rundt borda under heile konserten.

Sissle Marie kjem vi garantert til å høyre meir frå, og vi gleder oss til plateslepp på nyåret, og til å sjå ho på festivalar og større scener i vårt ganske land i framtida!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *