«Les Misèrables»

Torsdag 12. mars 2020

Tekst: Victoria Nilsen Voldnes

Foto: Johan Persson

Tekst: Victoria Voldnes Nilsen

«Les Misèrables», også kjent som «Les Mis», er ein «sung-through» musikal, ein operette. Ein operette er ei blanding av musikal og opera, der alle replikkane blir sunge. «Les Mis vart komponert i 1980 av Claude-Michel Schönberg, teksten er ein libretto av Alain Boublil, og musikalen er basert på romanen «Les Misèrables» (de elendige/miserable) av Victor Hugo frå 1862. Det er den mest berømte franske musikalen og ein av dei mest framførte i heile verda, samt den lengst spelte musikalen i West End London.

Handlinga går føre seg tidleg på 1800-talet i Frankrike og historiene til dei ulike figurane møtast, i kvar sin kamp; Fangen Jean Valjean på prøvelauslating slit med å starte eit nytt liv og må skjule identiteten sin, og politimannen Javert vert besatt av å finne han og øydelegge for han. Fantine er ei einsleg mor som finn prostitusjon som einaste utveg for å skaffe pengar til mat til dottera Cosette. Cosette vert «fostra» av det slue, samvitslause ekteparet Thènardier, men vert adoptert av Jean Valjean etter at Fantine døyr. Thènardier har ei dotter, Èponine, som er håplaust forelska i den revolusjonære studenten Marius Pontmercy, men det er han og Cosette som finn kjærleiken. Vi har også den unge tiggarguten Gavroche, og studentleiaren Enjorlas som vil frigjere dei undertrykte klassene i Frankrike. I tillegg til desse er det eit ensemble av prostituerte, studentar, revolusjonære, fabrikkarbeidarar, gatefolk osv.

Blant dei mest kjende songane er «I dreamed a dream», «One day more», «Bring him home», «Do you hear the people sing?», «Master of the house», «On my own», «A heart full of love» og «Stars».

Vi var på studietur i London frå 11. mars til 15. mars. På grunn av corona-situasjonen vart ting litt annleis enn vi hadde planlagt, men vi rakk blant anna og få med oss fleire musikalar. Blant dei eg såg var det «Les Mis» eg likte best. Eg var i London for to år sidan og såg «Phantom Of The Opera» og «Les Misèrables». Eg har eit veldig godt forhold til «Phantom», så då synest eg at den var best men at filmen var betre, denne gongen såg eg begge dei to og «Wicked», som eg ikkje har sett før, og synest at «Les Mis» var enda betre enn sist og at den var den beste denne gongen.

Bruk av lys, lyd, rekvisittar og effektar er utruleg bra. T.d. kvar gong nokon døyr kjem det kvitt lys ned på dei, og lyset gjer oss alltid oppmerksame på kva som skjer og kor det skjer. Eit eksempel på gode rekvisittar er barrikaden som studentane bygger for revolusjonen og alle husa i landsbyen som dei bere «trillar» inn på scena i sceneskifte, alt dette ser veldig ekte ut. I den eine kampscena på barrikaden er det masse flerrande lys og lyd av skot og kanoner, plutselig kjem fleire smell og «fyrverkeri» som illustrerer alle skota og smella. Dette gjer alt mykje meir ekte og truverdig, og desse effektane er med på å gjere musikalbildet betre.

Musikken vil eg seie er det viktigaste, og orkesteret og alle songarane var kjempedyktige. Det er veldig kjekt å sjå ein musikal der du kjenner songane og handlinga og kan sjå meir etter detaljar, så eg hadde ei kjempebra oppleving. I tillegg til bra song og musikk var det godt levert skodespel, og eg vart positivt overraska over blant anna det sleipe ekteparet Thènardier. Det verka som at dei gjorde meir ut av rollene sine denne gongen, og t.d. måten dei song på var perfekt til rollene. Statistane spelar også ei viktig rolle, og dei gjorde heilheita utruleg bra. I tillegg til alt dette visuelle er også historia veldig fin og gjennomført, og ein må tenke på alt arbeidet og timar med øving som ligg bak dette spektakulære showet.

For alle som liker musikk, teater og dans, og som er ute etter ei fin musikalsk oppleving, vil eg absolutt anbefale «Les Misèrables». Musikken er i sjangeren musikal, så her får du litt av kvart! Dette er ein eigen sjanger. Dersom nokre som t.d. ikkje er så interessert i opera skulle tvile på om det er verdt å sjå, kan eg seie at det er det absolutt, eg er sjølv ikkje så glad i opera. Dette er ei god blanding av veldig mykje forskjellig. Personleg liker eg best musikalar der det er snakking og replikkar i tillegg til song og dans. I «Les Mes» blir absolutt alt sunge og det er so og seie ingen snakking, men den eine songen flyt inn i ein annan og alt henger saman, og det er så godt gjennomført at dette ikkje har noko å seie for opplevinga.

I og med at eg allereie var veldig positivt overraska fyrste gongen eg såg «Les Misèrables», men likte den enda betre denne gongen, gir eg terningkast 6!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *