Teikninga har teke over heimen

I dei siste vekene har eg gått opp i teikneformat, og teiknar STORT. Eg har rullar med teiknepapir, så eg kan tilpasse storleik. Så har eg både staffeliet mitt med ei stor plate på (ca 90cm x 120cm ), og ei stor veggplate (120 cm x 240 cm) som går frå golvet og opp langs veggen. (Det vil seie, bak plata står eit skap der til dømes vinglasa våra er…)
Eg teiknar med kol, og eg ELSKAR det!!! Det er eit befriande reiskap for meg. Det er så lett foranderleg, og eg synast kolet lagar så fint spor! Og som min store inspirator William Kentridge seier: «One of the things about charcoal drawing is that it is instantly alterable – you can change it as quickly as you can think. One wipe of a cloth and the image dissappears or is smudged and you can rethink it» (Henta frå boka «Drawingprojects. An exploration of the language of drawing» av Mick Maslen og Jack Southern). Heldigvis er det ingen her i huset som har støv på hjerna; frå tidlegare å ha eit passeleg støvete hus, har vi no eit hus med svart støv i vinduskarmane… Og dei kvitmala tregolva har stadig svarte fotspor (og då snakkar vi KOL-svarte).
Men kva gjer vi ikkje for å hjelpe ho mor over teiknesperra?:)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *