Teikne, teikne, teikne

Det er dette livet handlar om for tida! Eg har framleis stor tru på Bert Dodson, og gjer dei fleste av øvingane i boka hans. Eg har jobbba intens med å forstå lys og skugge. Av ein eller annan grunn, har eg ei ekstra stor sperre for skuggelegging! Kanskje fordi dette er noko eg aldri har lært? No har eg iallefall jobba meg gjennom grunnformene, og bla studert ei grapefrukt grundig i lampelys:)

Eg har teikna meg gjennom eit kapittel som heiter «The illusion of depth». Sjølv om mykje her er logiske ting, synast eg det er svært nyttig med nokre små huskereglar. Som til dømes at objekta som er lengst bak i bildet, vil vere mindre skarpe; meir diffuse, enn dei som er fremst.

Vidare nokre tips om å «teikne gjennom», som går på å liksom sjå gjennom formene. Og her også øving i å teikne elipser. Dette er jo veldig kjekt! Det minner meg kanskje om den ufarlege «kafèteikninga» som nemnt tidlegare? Og veldig ok å få ei lita opplæring i logikken her: at ei elipse vil flate seg meir og meir ut til nærare augehøgde den er. Og omvendt, sjølvsagt, opne seg opp den andre vegen.

Dodson understrekar at allle desse «triksa» her, berre er hjelpemiddel. Det viktigaste er å stole på det ein SER, og teikne det.

Kvardagsobjekt

Eg har gått vekk ifrå å teikne elefantar, sidan eg ikkje har ein å studere i hagen… Eg vil fokusere på kvardagsobjekt; alt eg omgir meg med til dagleg. Det vil verte nødvendig med ei klarare avgrensing etterkvart. Enn så lenge tenkjer eg å vere open for å teikne alle slags objekt, frå kleklemmer til kjøkenstolar.

Blindteikning er kjekt og ufarleg (teikne ved å kun sjå på objektet, ikkje på blyanten og papiret). Og god trening av høgresida av hjerna.

Hit eit steg, og dit eit steg

Eg teiknar, studerer og grublar. Det er vanskeleg og utfordrande å skulle drive seg sjølv framover!! Men eg har for tida god hjelp frå Bert Dodson, gjennom boka hans «Keys to drawing». Eg kjenner at eg verkeleg trur på det han vil fortelle meg. Noko av det kjenner eg igjen frå kurset eg var på i Oslo, og som såleis vert ei stadfesting for meg om at «dette er bra». Noko viser direkte link til Betty Edwards, og viktigheita av å SJÅ og å bruke høgresida av hjerna. Andre ting er heilt nytt for meg, og eg får fleire aha-opplevingar! Eg trur kanskje det som inspirerer meg aller mest, er at han er opppteken av «restatement», istadenfor å viske ut. Han seier at ei teikning med fleire strekar, berre gir meir liv til den. For meg er det absoluttt med på å ufarleggjere teikninga, at alle strekar er bra strekar!