«Teiknekrisa»- årets påskekrim

Det er påske, og her sit eg fordjupa i spanande litteratur: Barn si teikneutvikling og «teiknekrisa». Eg kjem til å bruke dette som noko av teorigrunnlaget for den skriftlege delen av bacheloroppgåva. Det er både vemodig og interessant å lese om haldningane til barn si teikning opp gjennom. Blandt anna var den rådande haldninga på 70-talet at barn skulle teikne fritt, og ikkje ha noko som helst slags innblanding frå vaksne. Eg er født i 1972, og det stemmer godt med det eg kan huske om å aldri ha fått noko hjelp, teiknetips eller rettleiing innanfor teikning. Ei anna rådande haldning, som nok mange trur på idag også, er at det å kunne teikne er ein slags medfødt eigenskap; anten kan du det, eller du kan det ikkje. Medan vi ser at både det å lære seg å lese, skrive og rekne, lære å spele piano eller danse ballett, ja det er alt slik som er sjølvsagt at barnet må få opplæring og rettleiing i for å kunne lære. Litt merkeleg?

Og «teiknekrisa» ja, den oppstår gjerne i alderen mellom 9 og 12 år. Den handlar om opplevinga barn og unge har av å ikkje kunne teikne, det vil seie at deira eigne teikneferdigheiter ikkje lever opp til forventningane dei har til eigne teikningar.

Eg trur eg sjølv slutta å teikne i 12-års alderen. Det var vel mi eiga «teiknekrise», som så har utvikla seg til ei sperre for teikning som har vedvart til idag. Men no skal eg teikne meg ut av den!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *