«Teiknekrisa»- årets påskekrim

Det er påske, og her sit eg fordjupa i spanande litteratur: Barn si teikneutvikling og «teiknekrisa». Eg kjem til å bruke dette som noko av teorigrunnlaget for den skriftlege delen av bacheloroppgåva. Det er både vemodig og interessant å lese om haldningane til barn si teikning opp gjennom. Blandt anna var den rådande haldninga på 70-talet at barn skulle teikne fritt, og ikkje ha noko som helst slags innblanding frå vaksne. Eg er født i 1972, og det stemmer godt med det eg kan huske om å aldri ha fått noko hjelp, teiknetips eller rettleiing innanfor teikning. Ei anna rådande haldning, som nok mange trur på idag også, er at det å kunne teikne er ein slags medfødt eigenskap; anten kan du det, eller du kan det ikkje. Medan vi ser at både det å lære seg å lese, skrive og rekne, lære å spele piano eller danse ballett, ja det er alt slik som er sjølvsagt at barnet må få opplæring og rettleiing i for å kunne lære. Litt merkeleg?

Og «teiknekrisa» ja, den oppstår gjerne i alderen mellom 9 og 12 år. Den handlar om opplevinga barn og unge har av å ikkje kunne teikne, det vil seie at deira eigne teikneferdigheiter ikkje lever opp til forventningane dei har til eigne teikningar.

Eg trur eg sjølv slutta å teikne i 12-års alderen. Det var vel mi eiga «teiknekrise», som så har utvikla seg til ei sperre for teikning som har vedvart til idag. Men no skal eg teikne meg ut av den!

Teikninga har teke over heimen

I dei siste vekene har eg gått opp i teikneformat, og teiknar STORT. Eg har rullar med teiknepapir, så eg kan tilpasse storleik. Så har eg både staffeliet mitt med ei stor plate på (ca 90cm x 120cm ), og ei stor veggplate (120 cm x 240 cm) som går frå golvet og opp langs veggen. (Det vil seie, bak plata står eit skap der til dømes vinglasa våra er…)
Eg teiknar med kol, og eg ELSKAR det!!! Det er eit befriande reiskap for meg. Det er så lett foranderleg, og eg synast kolet lagar så fint spor! Og som min store inspirator William Kentridge seier: «One of the things about charcoal drawing is that it is instantly alterable – you can change it as quickly as you can think. One wipe of a cloth and the image dissappears or is smudged and you can rethink it» (Henta frå boka «Drawingprojects. An exploration of the language of drawing» av Mick Maslen og Jack Southern). Heldigvis er det ingen her i huset som har støv på hjerna; frå tidlegare å ha eit passeleg støvete hus, har vi no eit hus med svart støv i vinduskarmane… Og dei kvitmala tregolva har stadig svarte fotspor (og då snakkar vi KOL-svarte).
Men kva gjer vi ikkje for å hjelpe ho mor over teiknesperra?:)

Teikne, teikne, teikne

Det er dette livet handlar om for tida! Eg har framleis stor tru på Bert Dodson, og gjer dei fleste av øvingane i boka hans. Eg har jobbba intens med å forstå lys og skugge. Av ein eller annan grunn, har eg ei ekstra stor sperre for skuggelegging! Kanskje fordi dette er noko eg aldri har lært? No har eg iallefall jobba meg gjennom grunnformene, og bla studert ei grapefrukt grundig i lampelys:)

Eg har teikna meg gjennom eit kapittel som heiter «The illusion of depth». Sjølv om mykje her er logiske ting, synast eg det er svært nyttig med nokre små huskereglar. Som til dømes at objekta som er lengst bak i bildet, vil vere mindre skarpe; meir diffuse, enn dei som er fremst.

Vidare nokre tips om å «teikne gjennom», som går på å liksom sjå gjennom formene. Og her også øving i å teikne elipser. Dette er jo veldig kjekt! Det minner meg kanskje om den ufarlege «kafèteikninga» som nemnt tidlegare? Og veldig ok å få ei lita opplæring i logikken her: at ei elipse vil flate seg meir og meir ut til nærare augehøgde den er. Og omvendt, sjølvsagt, opne seg opp den andre vegen.

Dodson understrekar at allle desse «triksa» her, berre er hjelpemiddel. Det viktigaste er å stole på det ein SER, og teikne det.

Kvardagsobjekt

Eg har gått vekk ifrå å teikne elefantar, sidan eg ikkje har ein å studere i hagen… Eg vil fokusere på kvardagsobjekt; alt eg omgir meg med til dagleg. Det vil verte nødvendig med ei klarare avgrensing etterkvart. Enn så lenge tenkjer eg å vere open for å teikne alle slags objekt, frå kleklemmer til kjøkenstolar.

Blindteikning er kjekt og ufarleg (teikne ved å kun sjå på objektet, ikkje på blyanten og papiret). Og god trening av høgresida av hjerna.

Hit eit steg, og dit eit steg

Eg teiknar, studerer og grublar. Det er vanskeleg og utfordrande å skulle drive seg sjølv framover!! Men eg har for tida god hjelp frå Bert Dodson, gjennom boka hans «Keys to drawing». Eg kjenner at eg verkeleg trur på det han vil fortelle meg. Noko av det kjenner eg igjen frå kurset eg var på i Oslo, og som såleis vert ei stadfesting for meg om at «dette er bra». Noko viser direkte link til Betty Edwards, og viktigheita av å SJÅ og å bruke høgresida av hjerna. Andre ting er heilt nytt for meg, og eg får fleire aha-opplevingar! Eg trur kanskje det som inspirerer meg aller mest, er at han er opppteken av «restatement», istadenfor å viske ut. Han seier at ei teikning med fleire strekar, berre gir meir liv til den. For meg er det absoluttt med på å ufarleggjere teikninga, at alle strekar er bra strekar!

Teiknekurs

For to veker sidan, var eg på teiknekurs ved Nydalen Kunstskole i Oslo. Dette kurset var eigentleg heilt perfekt for meg, og overgjekk forventningane mine! Det handla stort sett om ufarlegggjering av teikning, og korleis kome igong. Altså, heilt midt i blinken for meg! Eg har teke med meg mange tips og triks. Det viktigaste kanskje det som kursleiaren kalla for «kafèteikning»: kombinasjon av blindteikning og rask skisse, av det eg ser framfor meg. Ikkje løfte blyanten frå arket, og ikkje viske ut. Fantastisk befriande effekt for meg å ikkje skulle viske!

No på torsdag var eg på eit kort croquis-kurs ved KHÅK Kunsthall i Ålesund. Dette var lærerikt på mange måtar, men det var litt meir «skummelt». Sjølv om det var lagt opp som begynnarkurs, og at ein ikkje trengte forkunnskap, er eg glad for at eg kunne litt frå før. Synast ikkje det hjalp å kome over sperra, men eg har tatt med meg fleire tips.

Elefantar?

Eg får hjartebank av elefantar. Dei er så vanvittig majestetiske og flotte! Og samstundes har dei fantastiske eigenskapar. Dei fascinerer meg voldsomt. Eg har tenkt at kanskje det kan hjelpe meg over denne enorme «kneika» det er å skulle begynne  teikne, å nettopp teikne elefantar?

Teikning

Eg har bestemt meg for teikning som tema i bacheloroppgåva mi. Ikkje fordi eg er god til det, men tvert om: eg KAN IKKJE å teikne. Eg har totalt teiknesperre! Problemstillinga mi er foreløbig veldig vid, men den fungerer som ei å arbeide etter: Korleis kan eg kome over teiknesperra?