«Hit for hit»: Hysterisk musikkhumor på sitt beste

Tekst: Trym Nikolas Rimmen

Jakob Schøyen Andersen og Fridtjof Stensæth Josefsen er ute på turne med «Hit for hit», der dei gir oss ein artig vri på musikarrolla og korleis bransjen er i dag. Under konserten møter vi ei rekkje karakterar som dei to sjølv speler og som alle har sin artige vri. I dagens musikkbransje har det aldri vore fleire som driv med musikk. Konkuransen er knallhard, og kva skal ein gjere for å skilje seg ut for å nå sine mål.

«Hit for hit»:

«Hit for hit» er opprinneleg ein Norsk humorserie som går på NRK, der Jakob og Fridtjof gir oss eit innblikk i musikkbransjen gjennom 6 episodar. I Serien møter ein superstjerner, veteranar innan bransjen, hobbymusikarar og mange forskjellige menneske som arbeider med og rundt dei ulike artistane. Det som gjer dette programmet ekstra morosamt er at det er barre to karer som spelar alle desse personane. Programmet inkluderer mellom anna to svenske Dj’er som lager musikk av ei knirket skinnjakke, til Steinar som er 32 år og som ikkje passer så godt inn i Baking Crewet.

«Hit for hit» er eit musikalske sjanger parodi der fleire av songane og innslaga kunne ha vore eigne låtar. Og det er nettopp dette som ser ut til å ha vore skjelettet til showet, som komi duoen har tatt med seg ut på turnen i det langstrakte ladet Noreg. Dei gjer narr av musikkbransjen og parodiane er kvalitets messig like bra, men også til tider betre enn det dei i utgangspunktet gjer narr av. Breda og mangfeldet er imponerande. Musikkforståelsen og sjangerkompetansen til dei to er like bra. Dette gjere at det dei på TV har lagd eit godt musikk program, men går det like bra å ta eit konsept frå TV skjermen med ut på turne?

Konserten:

Nokre av dei første karakterane vi møter på er Hip hopp artistane Odd Nasty og Dobbel Derek, som lager dei sykjest bakpå beatsa. Ikkje nok med at det gruver når dei begynner å spele, men det lugger noko så in i granskogen når dei tar til. Artistane er med på konseptet, men publikum er også med. Noko som gjer at heile seansen vert artig. Haka går i takt med biten, og etterkvart som beaten vert tatt lengre og lengre bak på, så vert det endå meir tilfredsstillande når beaten kjem. Artistane spør skal vi ta den lengre bak? Og publikum svarer med eit hysterisk ja! Ein spør seg sjølv kva får ein til å gjere mellom slaga når ein tar beatsa så langt bak? Vel eg sto no der å venta.

Lit seinare møter vi på DJ-duoen Axbad og Inkleino. Duoen skal produsere ei “ny” låt. Dei finner fort ut at det er noko som ikkje stemmer. Inkleino har nemleg vert ute å kjøpt seg ei ny skinn jakke som knirkar før konserten begynte. Kan man ikkje bere ta av seg jakka? Men som ein fort finner ut så går det ikkje. Dei forklarer det slik: “Det er ikkje bere ei jakke, det er ein livsstil”. I staden for gjer dei sitt beste ut av det. Det vert desto morosamare når låta begynner å gå og ein ser korleis “knirkinga frå jakka” vert gjort om til musikk. Det er mildt sagt komisk.

Vi får også møte reparen Patrik P, hans Baking Crewe og Stian. Patrik P er ein artig skrue som alltid har med seg sitt faste Baking Crewe. Det er ikkje bere, bere å bake, for alle har si oppgåve. Du har den som seier “Brrra!” og sjølvsagt han med handklede på hovudet. Litt seinare ute i nummeret møter vi Stian, som er 32 år. Stian tok ein lit annan veg etter vidaregåande enn dei andre i Crewe og vart regnskapsfører, men det er ingen ting han likar meir etter ein lang dag på kontoret enn å backe litt med gutta. Det vert med eit tydeleg når han tar over scena at desse to karane kan å lagge humor. Kvar ein einaste karakter dei spelar er gjennomført og truverdig.

Nokre siste ord:

Konserten har mange innslag med mange gode karakterar og det er absolutt dei beste innslaga dei har tatt med seg ut på turnen. Når ein står der i publikum så kjenner lett igjen kva musikk sjanger karakterane representerer og det er til tider til å gapskratte av kor godt dei treffer spikaren på hovudet i parodieringa. Samla sett så er dette ein hysterisk morosam vri på musikk og dei ulike menneska som jobbar med musikk, som var verdt å få med seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *