Bob Dylan, Oslo Spektrum 4. april 2017

Tysdag 4. april 2017
Oslo Spektrum
Av: Sunniva Nautvik Reite

Det var ein god atmosfære som møtte publikum då dei tysdag kveld gjekk inn i Oslo Spektrum og fekk eit overblikk over konsertlokalet. Lange gardiner og gul-oransje varme lys som gav ei kjensle av å vere på ein intimkonsert –  i eit lokale med rundt kanskje 9,000 menneske.
Etter litt venting, kjem ein mann inn på scena – så ein til, så ein til – til jubel og applaus hos publikum. Til slutt kjem ein mann i kvit hatt, og det er då publikum verkeleg ynskjer Bob Dylan og bandet sitt velkomne til Noreg.

Ein akustisk gitar byrjar å klimpre, og bandet tek til å spele «Things Have Changed», ein av Dylan sine meir kjende låtar frå 2000, men lite overraskande ber denne versjonen av låta også preg av forandring då den er nærmast ugjenkjenneleg før ein høyrer på teksten. Dylan har som vane av å gjerne totalforandre sine gamle klassikarar når han opptrer på scena, og dette er noko som heller ikkje kom til å vere fråverande frå denne konsertopplevinga.
«To Ramona» var neste på lista, berande med eit noko litt meir livleg og muntert særpreg, men når bandet tok til med den energiske «Highway 61 Revisited», vart det god stemning i publikum.
I løpet av kvelden spelte dei eit sett med 18 songar, blant anna ein del låtar frå hans 2012-album «Tempest», som for eksempel «Early Roman Kings», «Duquesne Whistle», «Pay In Blood», «Scarlet Town», «Soon After Midnight» og «Long And Wasted Years».
Dei siste åra har Dylan covra mange låtar som Frank Sinatra har sunge, med utgjeving av tre studioalbum både i 2015, 2016, og den siste i mars i år. Dette var reflektert gjennom settlista med titlar som «Why Try To Change Me Now», «Melancholy Mood», «All Or Nothing At All», «That Old Black Magic», i tillegg til «Autumn Leaves», som Sinatra også har covra.

Andre låtar som dukka opp gjennom framsyninga var «Love Sick» frå studioaulbumet «Time Out of Mind», «Beyond Here Lies Nothin'» – opningssporet til studioalbumet «Together Through Life», «Tangled Up In Blue» frå «Blood On The Tracks», «Spirit On The Water» frå «Modern Times», den ikoniske «Blowin’ In The Wind» frå albumet «The Freewheelin’ Bob Dylan», «Desolation Row» og «Ballad of a Thin Man» som begge er frå «Highway 61 Revisited» (i likheit med låta under same namn).

Der det til somme tider på ein Dylan-konsert kan ha verka som om showet – inkludert settlista – var improvisert, gav denne konserten eit anna inntrykk. Bortsett frå litt improvisert og tilfeldig klimpring mellom songane frå instrumentalistane, fekk ein heller inntrykk av at dei hadde ei avtalt settliste, og det verka innøvd og førebudd. Dylan hadde med seg ein gitarist, ein bassist som veksla mellom ein elektrisk bass og ein kontrabass, i tillegg til ein multiinstrumentalist. Han hadde også fått med seg ein trommis som kom med interessante fills, sannsynlegvis spesielt merkbart på grunn av den gode jobben til lydmannskapet.

Lydmiksen i salen vart oppfatta som god frå anmeldar sin posisjon i rommet. Alt var stort sett godt balansert; ein kunne høyre kontrabassen godt når den spelte – ein varm og mjuk lyd, ein høyrde stålet i stålstrengane på gitarane, og vokalen var gjerne skrudd opp litt. Ein kan setje spesielt stor pris på dette, sidan det ikkje alltid er så godt å høyre kva som vert sunge med ein slik vokalstil som låtskrivaren har. Når det er sagt så sang han godt og solid reint gjennom heile konserten. Ein annan ting som ein kan gjerne peike på med lydmiksen er at den ikkje var altfor høg; altfor ofte kan ein finne seg på ein konsert der det er nærmast umogleg å nyte musikken, anten fordi den vil gje deg hørselsskade, eller fordi øyreproppane dine vil filtrere vekk viktige delar av lydbiletet.

Kvelden gav ei slags kjensle av å vere på eit mindre klubblokale basert på 40-50-talet, både på grunn av musikken – ettersom fleire av låtane var kledd i ei slags retro-drakt – og lysshowet, sjølv om mykje av lyden ville ha vorte for ‘rocka’ til å ha vore situert på denne tida. Bob Dylan sitt bidrag var kanskje å bringe eit meir rustikt preg og ei tolkning av materialet som bekreftar legitimiteten i låtane sin status som «tidlause».

Bob Dylan, kjend kanskje for mange i det siste for å ha vunne nobelprisen i litteratur, hadde omtrent like mange ord å seie under konserten som han så langt har hatt om prisen. Men for dei som har sett han live før, veit at dette er omtrent like mykje ein kan forvente frå ein person som let tekstane og musikken tale for seg. Det verka likevel som om han var i godt humør under denne førestillinga, noko ein såg ved innlevinga han hadde i musikken, i tillegg til at han ein sjeldan gong tok kontakt med publikum ved å smile, gestikulere mot instrumentalistane, eller ved å ta ein liten dans under instrumentale delar.

Alt i alt så opplevde anmeldar dette som ein solid konsert med god lyd, god stemning og god musikk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *