Vårkonsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda

Skrive av: Guro Topphol

Berte Kanutte-bygget v/Høgskulen i Volda, søndag 12. mars 2017, kl. 19.00

Søndag, 12. mars spelte symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda vårkonsert, leda av dirigent Miki Campins (Miquel Àngel Campins Camacho). Campins er født i Mallorca (Spania), som kanskje er grunnen til at alle stykka bar preg frå Spania.

Heile konserten starta med ”Sa Nostra Terra”, eit stykke av Enrique Pastor Celda (1942-), som er ein kjenning av Campins i frå Mallorca. Celda ville gjerne vere der, men hadde dessverre ikkje anledning. Med ein start som fekk meg til å sjå for meg ein soloppgang vart dette stykket ei perfekt opning av programmet. Mot slutten av stykket skjedde det litt dramatikk, då ein av slagverkarane fekk eit illebefinnende og enda opp med å måtte stå over resten av konserten. Dette vart handtert på best mulig måte, då dei andre slagverkarane tok dei viktigaste delane på skarptromme heilt på sparket.

Neste på programmet var ”Capriccio espagnol” av russaren Nicolai Rimsky-Korsakov (1844 – 1908), beståande av fem satsar. Stykket er basert på spanske folketonar. Her kom solistane som perler på ei snor. Der var solistar i mange av instrumentgruppene. Første sats, ”Alborada”, var energisk med imponerande klarinettsolo. Vidare var ”Variazoni”, rolig, nesten litt mektig, med melodi i horn-seksjonen. I tredje sats, ”Alborada”, kom orkesteret tilbake til temaet i første sats, men med nokon variasjonar. I fjerde sats, ”Scena e canto gitano”, fekk mange instrumentalgrupper vist sine sterke sider med kvar sin kadens. Mot slutten av satsen var ei oppbygging som gjekk rett over i femte sats, ”Fandango asturiano”, der vi igjen fikk høyre variasjonar av temaet i frå første sats.

Så var det på tide med ei pause på rundt femten minutt før ein gikk vidare til del to av programmet. Her vart dansaren Mayka Barrientos introdusert. Hun er ein tidlegare kollega av Campins, frå tida han jobba på Mallorca. Ho var med på fire av fem stykke i siste delen av konserten.

Første ut etter pause var ”La boda de Luis Alonso”, eit lett og lystig stykke av Gerómino Giménez (1854-1923) . Giménez var ein spansk dirigent og komponist. Her var Barrientos med på kastanjettar. Kastanjettsoloen hennar var kontrollert og fin.

Dei tre neste stykka vart spelt i eitt. Første av dei tre var ”Danza de la Molinera” av Manuel de Falla (1876-1946). De Falla var rekna som ein av Spanias viktigaste musikarar første halvdel av 1900-talet. Av dette stykket fekk eg assosiasjonar til tyrefekting, eller det eg har sett av det på TV. Også her var Barrientos med, men denne gongen med dans, ikkje kastanjettar.

På det neste stykket, ”Goyescas – Intermedio” av Enrique Granados (1867-1916), gjekk dansaren ut. Granados var pianist og komponist, og seiast å ha hatt ein unik spansk stil. Dette stykket vart spelt av berre strykarane. Eit veldig fint, rolig stykke. Ein kunne høyre at strykarane sleit litt intonasjonsmessig, som for eit godt trena øyre kanskje kan distrahere litt.

Det siste av dei tre samanhengande stykka var ”Danza del Molinero”, også av Manuel de Falla. Her kom dansaren inn att, no med eit nytt antrekk. Starten var snikande, og eg fekk nesten litt kjensle av arabisk musikk når engelsk horn spelte. Det vart nesten litt smått forførande. Det gav litt nytt blod til konserten å få fokuset vekk i frå orkesteret og over på dansaren då ho kom med eit rytmisk avbrekk med ”stepping” eller ”tramping”.

Siste ut var ”Dona Francisquita” av den spanske komponisten Amadeo Vives (1871-1932) arrangert av dirigenten sjølv. Også her var dansaren med, og hadde no leita fram kastanjettane att. Fortsatt like stødig rytmisk. Her var det endeleg tid for den bakre rekke (blåsarane) å skine litt, noko ein trombonist sette stor pris på. God trøkk og fin dynamikk gjennom heile stykket. Godt val som avslutningsnummer. Avslutta konserten med eit brak.

Ein kan høyre at det er tunge stykke, både for musikantane og dirigenten. Dette merkast spesielt godt i mellom stykka då dirigent Campins måtte samle seg før han klarte å snakke. Vi i publikum, kanskje retta mest mot dei frå Volda, fekk beskjed om at vi måtte passe godt på orkesteret og det med god grunn. Symfoniorkesteret har ei viktig rolle ved mange av dei store hendingane i Volda, og det er viktig å ta vare på musikarane og støtte opp ved seinare anledningar slik at dette kan bevarast.

Alt i alt dyktige musikarar, med god dynamisk og rytmisk kontroll styrt av ein dyktig og tydelig dirigent. Der er sjølvsagt litt småskrammer her og der, spesielt intonasjonsmessig i stryk, men då må ein hugse på at dette ikkje er elite-nivå. Vel verdt pengane. Den ståande applausen var vel fortent.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *