Årets matkulturbloggar 2017

På siste samling før jul vart det av studentane og lærarane ved studiet kåra vinnarar av dei beste blogginnlegg i tre kategoriar:  Sylting, safting og hermetisering, familiedag på Haualeite, kjøt og takke- og julebakst.

Vinnaren i sylting, safting og hermetisering: Malene Hoel Nilsen.

Vinnaren i famliedag på Haualeite: Hiljerd Holt Myrene.

Vinnaren i tema kjøt:  Mari- Ellen Løseth og Stine Brekke Frantsen,

Vinnaren i takke og julebakst: Stine Brekke Frantsen.

Til slutt vart årets matkulturbloggar kåra, og her gjekk eit stort fleirtal av stemmene til Malene Hoel Nilsen frå Ulsteinvik. Malene sin blogg

På blogglista til høgre kan du klikke inn på dei andres studentane sine bloggar.

Gratulerer så mykje Malene som årets matkulturbloggar ved Høgskulen i Volda!

Høgskulen i Volda. Foto: Flikr.

Eg ønsker alle ein fin adventstid med gode leseøkter fram til eksamen 14.desember 2017. Takk til alle for godt arbeid med bloggane,  eg er stolt!

Beste helsing Kari Ryslett

Kven blir årets matkulturbloggar?

Eg  er stolt av studentgruppa sine faglige prestasjonar og arbeidsinnsats med blogging. Tusen takk for at de har lagt igjen mange digitale spor for studiet Mat, kultur og konservering ved Høgskulen i Volda og ikkje minst fordi de har delt matkulturell kunnskap med andre!
 
Smakfulle bloggpremiar. Foto Kari Ryslett.
Å lese kvarandre sine bloggar er verdifullt og det har vorte ein tradisjon med bloggpreminering. Vår eiga interne kåring av dei beste blogginnlegga skjer på den siste samlinga før jul og utdeling av premiar, heder og ære skjer under julemiddagen fredag 1. desember.
Kategoriane er:
1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og   hermetisering
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt
5. Årets matkulturbloggar

Kriteria er: gode bilde, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut! Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt på alle kategoriane,
Torsdag 30. november 2017 . Lærarane Kari og Ammar har dobbeltstemme.

Velkommen!

Tusen takk for ei triveleg samling på mat, kultur og konserveing (MKK) med safting, sylting og hermetisering  ved Høgskulen i Volda.

No håpar eg at de har kome i gang med bloggen og at de etterkvart gjer dykk kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i word og samle saman bilda eller lenkene før du publiserer blogginnlegget ditt.
 Ein bloggtekst kan vere ei hypertekst og du kan «utvide teksten» med lenker til filmar, wikipedia, nettsider, artiklar, etc. Merk ordet du vil bruke med Link i menyen oppe på sida som det heiter her på Worldpress og lim inn nettadresse (url), då får lesaren forklaring av omgrep du bruker i teksten.
MKK studentar 2017-18. Foto: Kari Ryslett.

No vil eg lære deg litt nettjuss, sjå denne filmen Nettjuss 1, så kan sjå neste film Nettjuss 2 og tilslutt Nettjuss 3. Opplæringa om nettjuss du fikk no heiter omvent undervisning eller flipped classroom. Smart, ikkje sant?

Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt – dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den. Lykke til med produkta som skal vere sylta, safta eller hermetisert og ikkje minst lykke til med blogginga!

Beste helsing Kari Ryslett