Velkommen!

Tusen takk for ei triveleg samling på mat, kultur og konserveing (MKK) med safting, sylting og hermetisering  ved Høgskulen i Volda.

No håpar eg at de har kome i gang med bloggen og at de etterkvart gjer dykk kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i word og samle saman bilda eller lenkene før du publiserer blogginnlegget ditt.
 Ein bloggtekst kan vere ei hypertekst og du kan «utvide teksten» med lenker til filmar, wikipedia, nettsider, artiklar, etc. Merk ordet du vil bruke med Link i menyen oppe på sida som det heiter her på Worldpress og lim inn nettadresse (url), då får lesaren forklaring av omgrep du bruker i teksten.
MKK studentar 2017-18. Foto: Kari Ryslett.

No vil eg lære deg litt nettjuss, sjå denne filmen Nettjuss 1, så kan sjå neste film Nettjuss 2 og tilslutt Nettjuss 3. Opplæringa om nettjuss du fikk no heiter omvent undervisning eller flipped classroom. Smart, ikkje sant?

Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt – dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den. Lykke til med produkta som skal vere sylta, safta eller hermetisert og ikkje minst lykke til med blogginga!

Beste helsing Kari Ryslett