Sylting, safting og hermetisering

Den fyrste samlinga i mat, kultur og konservering handla om konservering av bær. Eg har ikkje så mykje ærfaring om dette frå før, så det var mykje å lære på ein gong. Då eg skulle setje i gong å gjere dette på eigenhand var eg heldig nok til å ha mange til å hjelpe meg å kome igang. Eg fekk både plomer, bringebær og rips frå greie naboar, låna saftkokar heime, og reiste til besta sitt kjøken for å få veiledning av ho.

biletet viser ei kasse med plomer og to bøtter med bringebær og rips.
Frukt og bær klare til å verte konserverte.

Det fyrste eg måtte gjere var å finne ut kva eg skulle lage av alle desse råvarene. Til saman hadde eg ei heil kasse med plomer, ei 10l bøtte med bringebær og litt rips. Eg bestemte meg for å hermetisere plomer, lage rips- og bringebærsylte, plomesaft og rips-og bringebærsaft.

Konservering

Konservering handlar om å slakke ned prosessen som får matvarer til å rote.  Før i gamle dagar hadde dei verken frysar eller kjøleskåp, så då måtte dei bruke andre metodar for å få maten til å halde seg lenge. Når ein driv med frukt og bær handlar det ofte om å tilsette store mengder sukker, i tillegg til å ha minst mulig luft tilgjengelig.

 

Det fyrste ein må gjere er å rense alle glasa og flaskene for så å putte dei i kokande vatn (100 grader, altså kokepunket er det temperaturpunktet der bakteriane døyr). Ein kan også ha glasa i bakarovnen på 100 grader. Eg lot dei ligge i det kokande vatnet fram til eg skulle helle innhaldet nedi. Dette er viktig for å drepe alle bakteriar i glasa, som kan få innhaldet til å rote raskare.

Hermetiserte plomer

Ferdig produkt; hermetiserte plomer. Foto: Hanna Eide

 

2 kg plomer

1 l sukkerlake

For å lage lakja brukte eg om lag 700g sukker og 1 l vatn. Grunnen til at eg brukte så mykje sukker var at eg ville vere på den sikre sida, sidan det er fyrste gongen eg prøvar meg på dette. Eg varma det til sukkeret vart oppløyst, og deretter lot det småkoke menst eg lagde klar plomene.

Eg skala plomene ved å putte dei i kokande vatn. Eg lot plomene koke menst eg skala ei og ei for så å leggje dei i glaset. Når glaset var fult av plomer, hell eg over lakja.

Rips-og bringebærsylte etter gamal oppskrift

Ferdig bringebær-og ripssylte. Foto: Hanna Eide

2 kg Bringebær

litt rips

1,5 kg sukker

Start med å lage ripssaft på gammalt vis. Kok rips i ei panne med minimalt med vatn, til bæra har skrumpa inn og skifta farge. Deretter sil det i eit sileklede. Lat det stå til safta har ronne gjennom.

Prosessen ved å koke rips, siking og syltekokinga. Foto: Hanna Eide

Kok bringebæra og ripssafta i lag, fram til alt ser rennande og greit ut. Ha deretter i sukkeret og la det koke opp. Når alt sukkeret er oppløyst er det berre å helle det på glasa.

Plomesaft og Rips-og bringebærsaft

Ferdig saft. Foto: Hanna Eide

Her brukte eg berre restane av frukt og bær i dampkokaren.

I fyrste kok brukte eg kun plomer, i andre kok brukte eg rips og bringebær.

Dampkoking av saft. Foto: Hanna Eide

Eg tappa safta nedi ein kjele. Når all safta var ferdig tappa, sukra eg safta og gav det eit lite oppkok slik at sukkeret skulle løyse seg opp. Deretter hellte eg det på flasker. Eit problem eg fekk då eg skulle tappe var at safta skumma så mykje, at eg ikkje fekk flaskene så fulle som dei egentlig bør vere. Dette gjer at safta får for mykje luft, og det kjem til å gjere at safta mugnar raskare. Neste gong skal eg helle safta saktare nedi, på same tid som eg hella litt på flaska for å unngå dette.

 

Kjelder;

Winge (2013) Bærboka – alt om bær fra natur og hage, vigmostad bjørke. s. 1-7

Djupvik (2012) Sylting og Safting heile året, Samlaget Oslo. s. 1-5