Sidebrok på Rokken 25.03.2019

Tekst: Lars Olav Maurset

Foto: Tina Wilke

Sidebrok blei etablert i 2000 og er ei sunnmørsk hip hop gruppe frå Ørsta som rappar på dialekt. Sangane deira er forøvrig om heimbygda og bydgekulturen med ein sjølvironisk, uhøgtidlig og lett sarkastisk stil. Hovudmedlemmene i Sidebrok er Torstein Hyl og Bård Aasen Lødemel.

Etter å hatt ein 2 års pause, så kom Sidebrok ilag med Sirkel sag tilbake for å halde konsert på Rokken den 25 Januar (og ein ekstra konsert den 26 Januar). Dei haldt konsert for fullt hus der ikkje mykje gale skjedde og folk var med å song og lagde stemning for kvelden. Dei spelte alt ifrå rap til reggae, så dei hadde eit veldig variert repertoar.

Det heile starta med Sirkel sag som oppvarming der han song songane sine som «Ørsta rådhus» og «Sola skine». Han brukar å være ein fast person som Sidebrok har med seg i sine konserter og han veit også korleis ein kan få publikum til å bli gira. Sirkel sag hadde med seg ein DJ for sine låtar.

Når sidebrok kom på scena, så var folk opp i hundre når dei starta med å spele kjente låtar som « 1, 2, 3, Fyre» og «H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A». Han var veldig tydleg med korleis han ga budskapet og det med uttale var perfekt. Dei hadde også med seg band og det viste litt meir naturligheit enn når det berre var rap og DJ. Alle i bandet fikk også sine eigne soloparti og blei presentert etterkvart som dei hadde solo på ulike låtar.                                    

Det var nokre ting som senka litt gleda av å høyre på dei, og dette var feedback. Feedbacken var ikkje der så ofte, men var der i tilstrekkeleg grad til at den vart eit forstyrrande element i det totale bildet. At dette som skjedde handlar om korleis lydmannen styrte lyden eller om korleis mikrofonen var halden når dei song. Det som også skjedde i løpet av konserten var at vi måte få tak i ein ny skarptomme på grunn av det var noko som skjedde med den han spelte på. Eg såg på den og det var faktisk ingen problem med skarptromma. Så enten var han misfornøgd med den eller så var han ikkje heilt edru og tenkte at den var øydelagt. Vi fekk då skryt etter konsert med kor rask vi skaffe ein ny skarp på kort tid. Ellers var lyden veldig bra og eg trur at  publikum ikkje tenkte så mykje over det som skjedde med skarptromma, for dei hadde det bra.

Ein ting eg vil gjerne gi skryt på er korleis lysshowet var. Det funka veldig bra og dei hadde også ein leddveg, som faktisk er heimelaga, og den hjalp med å heve konserten. Konserten i sin heilheit var ein fantastisk konsert og det å jobbe med gutta var også ei glede utan like, i alle fall når trommisen fekk velgje det trommesettet han ville ha. Han skrytte veldig mykje på kor stor friheit han fekk, og likte veldig godt korleis vi hadde sortert trommesetta på Rokken. Alle i Sidebrok og Sirkel sag var også ei glede å jobbe med, dei var positive til oss og gjorde at vi jobba effektivt.

Alt i alt var konserten ei glede å høyre på og å jobbe under. Eg gleder meg til neste gang dei skal til Rokken og gjere ein ny konsert. Då vil eg også gjerne vera med å jobba med det tekniske som gjev eit heilt anna perspektiv på kva som skjer i salen, – ikkje nødvendigvis ei betre oppleving totalt, men definitivt ei anna oppleving.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *