Gåte – Studenthuset Rokken – 22 februar- 2019

Tekst: Bjørnar Gjerde Egge

Konserten opna med eit drønn og ein kunne kjenne og føle på stemninga frå første sekund. Få band klarer å dra inn publikum på same måte som Gåte, med deira unike kombinasjon av norsk folkemusikk og progressiv rock. Bandet spreiar rundt seg med positiv energi på same tid som dei leverer 110% både musikalsk og fysisk gjennom heile konserten. Uansett kva stemninga i kvar song var kunne du alltid sjå opp på scena og få dette gjenspeila på det beste viset. Frå energiske songar med hopping og spretting der bandet knapt røyrde bakken, til vakre voggeviser der du føler ei varm ro strøyme over deg. Konserten var verkeleg ei emosjonell berg- og dal-bane av beste sorten.

Foto: Ole A. Ekker

Å stå i salen å oppleve Gåte er noko heilt unikt. Stemninga er til å føle og ta på, noko som visast på alle rundt deg samt mellom dei som er på scena. Publikum song med på songane og til tider hoppa dei rundt, medan artistane på scena gjorde det same. Dette er ein av tinga som gjer Gåte til eit særs bra live-band. Dei viser ei sårbarheit og ei genuinitet som smittar over på alle i rommet og inviterer publikum til å delta på opplevinga. Og det er vel kanskje dette eit bra live-band burde ha som mål. Den usynlege veggen mellom scena og publikum som mange artistar slit med å nå gjennom blir knust av Gåte, og det verkar som om det er den mest naturlege tingen i verden for dette bandet.

Det er heller ingen tvil om at medlemmane i Gåte er dyktige musikarar. Med eit massivt lydbilete og stor dynamisk rekkevidde er dette ein av dei beste livebanda Noreg har å tilby. Sidan bandet gjenopptok verksemda si i 2017 etter ei 12-års pause har stilen deira også endra seg ein god del. Med to nye medlemmer og tre medlemmar frå originalbesetninga har dei klart å tatt vare på det fundamentale som gir bandet den unike gneisten.

Frå originalbesetninga har vi søskenparet Gunnhild Sundli (vokal) og Sveinung Sundli (fele), i tillegg til Magnus Børmark (gitar). Vidare har dei fått med seg to nye medlemmer, nemleg Jon Even Schärer (trommer) og Mats Paulsen (bass). Desse medlemmane er ikkje heilt ukjende med kvarandre heller, for gitaristen Magnus Børmark og bassisten Jon Paulsen har i lengre tid spelt ilag sidan 2008 i bandet “22”, noko som ein kan merke på utrulege kjemien deira på scena.

Dei har ikkje bevegd seg vekk frå røtene sine på nokon måte, men har heller bygd vidare på lydbilete sitt med stor effekt. Bandet har endra litt på besetninga, men det er absolutt ikkje noko som har gått negativt utover lyden deira. Når vokalisten, Gunnhild Sundli, i tillegg er godt gravid og likevel kan gi et show som dette så veit du at kvaliteten er høg.

Bandet hadde opphavleg ingen plan om å slutte å spele saman i 2005, men dette skjedde likevel. Dette kom av at Gunnhild Sundli starta i bandet som 14-åring. Å starte band i ein så ung alder har ho i etterkant sagt at ho angrar på og at det var ein av grunnane til at ho valde å slutte i bandet i 2005. For Sveinung Sundli (felespelar, tangentar), Gunnhilds eldre bror, var dette ganske tøft, det var jo tross alt i stordomstida til bandet. Etter at Gunnhild slutta i bandet hadde dei dessverre ikkje noko anna val enn å legge heile prosjektet på is.

Kanskje hadde dei likevel godt av denne pausen, for ein ting er sikkert, lyden deira har absolutt ikkje tatt skade av den.

Kjelder
21.03.19: 
https://www.nrk.no/kultur/_gate_-om-bruddet_-_-svarte-helvete_-ble-det-1.13763259
 21.03.19:[SS1] 
https://gaate-music.com/no/about-gaate/


Skriv ned når du lasta ned denne kjelda. [SS1]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *