The Real Group, 12. desember 2018, 19:30

Foto: Mats-Bäcker
Tekst: Sondre Kvistad Utgård

Den 12. desember 2018 spelte The Real Group ein adventskonsert på Parken kulturhus i Ålesund i lag med koret Von Dess.

The Real Group er ein svensk a capella song kvintett etablert i Stockholm i 1984. Medlemmane som var med på å starte opp gruppa gjekk på Kungliga Musikaliska Akademien i byen på den tida. Dei spelar i dag for det meste sine eigne låtar som strekker seg over mange sjangrar som vokal jazz og pop, men dei begynte musikkarrieren med cover. Dei er kjent for å lage særdeles vakre og gripande låtar med sine komplekse harmoniar og himmelske solostemmer. Vokalen til gruppa er heftig og godt gjennomtenkt både live og i studio. In The Middle Of Life (2005) er ei fantastisk plate frå kvintetten som representerer gruppa godt, samt forklarer kvifor nettopp The Real Group er blant dei beste i sjangeren. Perfeksjon, ”personleg touch” og breie repertoar har gitt gruppa anledning til å samarbeide med internasjonale artistar, symfoniorkester og jazzgrupper over eit breitt sjangerspekter gjennom ei årrekke. Kvintetten består av Anders Edenroth, Emma Nilsdotter, Lisa Östergren, Morten Vinther og Janiz Strazdins.

Von Dess er eit blandakor frå Ålesund. Dei har sunge i over 24 år frå 1993 og består av 45 medlem saman med dirigent Solveig Håvik og pianist Johan Sewerin. Med mykje energi og godt humør har dei fått positiv omtale samt respons gjennom åra. Dei har blant anna samarbeidet med Peter Jöback, Bror Magnus Tødenes og Ingrid Helene Håvik frå Highasakite. Koret er også med på å skape engasjement og songglede i kormiljøet i Ålesund, ved å årleg arrangere Kor Grand Prix.

Arrangementet starta med at ein mann frå blandakoret kom fram på scena og ynskja oss velkommen. Han introduserte så seg sjølv og videre Von Dess som sto bak han. Personen var ein basskorist og forklarte til publikum kor glad han og koret var som fekk starte denne magiske kvelden. Von Dess byrja dermed sjølve konserten med nokre kjente adventslåtar. Vi fekk servert for eksempel klassikarar som “Det lyser i stille grender” og “Deilig er Jorden”. Dette var ein behageleg oppvarming til hovudartistane. Eit fyldig lydbilde emanerte ut i salen og ein kunne godt høyre dei ulike stemmene samt heilheita i låtane dei framførte.

Etter omtrent fire låtar gjekk “supportkoret” av scena og The Real Group kom ein etter ein fram frå sceneteppet. Ein skjønte raskt at gruppa var profesjonell samt trygge på seg sjølv når dei gjekk på, og dette hadde dei all grunn til å vere. Eg har vore på mange konserter med god vokal framføring, men aldri før høyrt ein så vakker og avansert vokal live på eit slikt høgt nivå. Alle var fullstendig samkøyrte til tross for det krevjande stoffet. Det er nokk mogleg å forklare det eg høyrte med ord, men samtidig ikkje. Fagert, vedunderleg, overjordisk og himmelsk er berre nokre få adjektiv som beskriver konserten. Det er rett og slett vanskeleg å sette ord på kor fantastisk heilheita var.

Tenoren i bandet, Anders Edenroth, har stått for den særdeles flotte arrangeringa av låtane. Han er den einaste originale medlemmen igjen i gruppa. Dei spelte gode låtar som “Water”, “Swedish Shuffle”, og sidan konserten tok plass i jula hadde sjølvsagt The Real Group nokre gode julelåtar til å få publikum i julestemning. Dei kjende julelåtane som “Jingle Bell” og “Julen er Her” passet godt inn med arrangementet og ga kvelden den adventsstemninga publikummet ville ha. På eit punkt i showet hadde dei også ei anna låt “Catch up, Ketchup” for å bevise at det er dei som syng, og at ingenting er playback. Dette var ein interaktiv låt som publikummet var med på å lage gjennom å gi namn til karakterane i songen. Etter dei mest julerelaterte songane, fortalte Lisa (sopranen) at sjølv om det er godt med julemiddag trenger vi litt meksikansk mat inn i mellom, dermed kom låta “Chilli Con Carne” før dei avslutta med “Glade jul” saman med blandakoret Von Dess.

Eg gir konserten terningkast seks.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *