Popaganda: The band room sessions

Onsdag 19.April
Kaarstad bygget ved høgskulen i Volda
Av: Torgeir Espedal

Klokka 19:00 på onsdag 19.April.2017 stod Popaganda, eit band sett saman av musikkstudentar ved høgskulen i Volda, klare for ein ganske så intim konsert på bandrommet i kaarstadbygget ved høgskulen i Volda. Det var nokså trongt om plassen, og ein kunne nærmast ta borti kvart enkelt band medlem om ein strekte ut armen. Med to gitarar, ein vokal, ein bass og ein trommis bak eit trommesett, var Popaganda klare for å gje det publikummet som møtte, tjue minuttar med eigenskriven låtar og god stemning.

Grunna så lite lokale å ha ein konsert/«open øving» på, gjekk eg inn utan noko serleg med forventningar då eg var nærmast sikker på at det kom til å verte eit ganske så merkeleg lydbilete, der gitarar var høgare enn alt anna, og ein kanskje ikkje ein gong høyrde vokalen noko serleg. Eg hadde sett føre meg at heile lydbiletet kom til og verte ganske så skeivt med andre ord. Eg kunne ikkje teke meir feil. Lyden var faktisk imponerande bra, og ein hadde ei ganske så behageleg oppleving av heile konserten.

Sjølv om lokalet var så lite og det var ganske trongt om plassen berre etter ca ti tilskodarar hadde entra rommet, høyrte ein alle instrument veldig bra i forhold til kvar andre, og det var ingenting som overdøyva noko anna. Bandet var imponerande godt samkjørde, og gitar soloar, bass riff, «grooven» over trommene, og ikkje minst vokalen, var godt ihop sett til behagelege låtar som eg vil tru er likandes for dei aller fleste. Eg trur heller ikkje det var nokon av tilskodarane som brydde seg så mykje om at det var så trongt om plassen, då kvart innslag var verdt kvar ein einaste sovande fot eller arm.

Popaganda trur eg dei fleste ved høgskulen i Volda kjenner til. Dei opptrer som regel kvar gong det er «Open Mic» på Rokken, og dei har teke på seg fleire andre spelejobbar. Dei spelar som regel sjølvlaga pop/rock låtar som feng dei aller fleste. Men spelar også cover av andre band, og har haldt godt med liv i folket som har vore på konsertar med dei tidlegare. Alle låtane dei spelte på denne konserten var sjølvlaga, og dei gav i tillegg publikumet som tok del i opptreden ei premiere på ei ny laga låt, kalla «Again». Denne låta var bra gjennomført og ein merka at det er gjennomtenkte musikkstudentar som ligg bak produksjonen av låta.

Bandet virka veldig komfortable på «scena», og alt materialet verka godt innøvd. Det einaste eg la merke til som sette ein liten dempar på stemninga, iallfall for min del, var at det nokre gongar rasa litt avgarde på sett og vis. Men på same tid, så gjorde det ikkje så veldig mykje med tanke på at det var meir ei «opa øving» enn ein konsert, og når det i tillegg er så tett mellom band og tilskodarar er det vel ikkje så rart at ein kanskje setter foten litt ekstra hardt ned på gass pedalen av og til. Sett bort ifrå at det var litt «rush’a» visse plassar, synst eg bandet gjorde det ganske bra.

Alt i alt ei fin oppleving, og eg er ganske så sikker på at alle som tok del i den «opne øvinga» til Popaganda gjekk der ifrå med den same kjensla som meg, ein sovande fot og ei ganske broten intimgrense, på same tid som at det var tid vel verd og ei litt annleis oppleving. Til å vere eit gratis arrangement var det slettes ikkje vekk kasta tid på nokon måte, og eg går gjerne på fleire slike arrangement, og eg ynskjer bandet alt av lykke med musikken framover.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *