MixMasters «jazzar» det til i god stil med mange gode hjelparar!

Av: Bård Inge Myklebust
Henrik Kaarstad-huset, Høgskulen i Volda
Laurdag 25.03.2017
Klokka 1800

 

MixMasters «jazzar» det til i god stil med mange gode hjelparar!

Ei reise innan underhaldningsmusikken…

 

MixMasters spelte for fullpakka sal på laurdag. Mange hadde møtt opp for å få med seg den 3. Vocalese, denne gongen med gjesteartistar frå kulturskulane i Volda og Stryn, strykegruppa Con Moto med sine ekstra medhjelparar og musikk-studentar frå Høgskulen i Volda.

Det heile startar med «All of me», ein jazz standard av Gerald Marks og Seymour Simons. Allereie frå fyste augneblink er publikum satt i skikkeleg jazz-stemning når dirigent Ketil Rasmussen kjem inn og tek over kontrollen og avsluttar fyste songen med stil.

Ketil Rasmussen ønsker publikum velkomen. (Foto: Brynhild Barstad)

 

Etter ein introduksjon fylt med humor og «laid back» setting i klassisk jazz-setting av Rasmussen blir vi tatt med tilbake til 1924 med songen «It had to be you» skriven av Isham Jones og Gus Kahn, sunge av Marius Arntsen. Denne songen vart valt til ære for publikum for å vise sin takk for at dei kom til konserten. Songen er ein nydeleg framføring av Arntsen med MixMasters i bakgrunnen og det er ein glede å høyre på. Allereie no høyre ein at dette blir ein veldig bra konsert. Det er stødig, fengande og med ein liten mini-solo frå Einar Opsvik på klarinett.

MixMasters spelar «It had to be you» for publikum. (Foto: Bård Inge Myklebust)

 

Vidare får me høyre «Fly me to the Moon» av Bart Howard presentert av Johan Bjørkelid. Her kjem også Opsvik med ein liten mini-solo, denne gongen på tverrfløyte. Bjørkelid gjer ein framifrå jobb med å presentere songen som ein ekte Frank Sinatra. Trompetrekka kjem med sine støyt som gir songen det vesle ekstra.

Neste er Hermine Kjøsnes med songen «I don’t want to walk without you» skriven av Jule Styne og er eit arrangement av Felix Mendelssohn (1809-1947) sin Op. 62 No. 6, Frühlingslied (Vårsong). Kjøsnes har ein fantastisk stemme og publikum let seg rive med i songen. Helge Hamsaas kjem med ein liten trompetsolo og songen avsluttar med jublande applaus.

Rasmussen introdusera so vidare oss til neste song, denne gongen filmmusikk frå The Wizard of Oz frå 1939. Frå filmen får me høyre «Over the Rainbow» sunge av Anette Moe Bjørkedal saman med resten av MixMasters, men her får ho og med seg to unge fløytespelarar Maria Kolbræk og Birte Humberset Osdal. Presentasjonen er vakker og publikum verkar til å vere i transe over presentasjonen. Det bringer verkeleg minna tilbake frå filmen. Skikkeleg nostalgikjensle her altso!

Nathalie Blindheim Kanestrøm, student ved Høgskulen i Volda(HVO), kjem so med sitt innslag «Crazy» laga av Willy Nelson i 1961. Her vise ho god balanse i vokal og MixMasters-orkesteret spelar lange fine akkordar i bakgrunnen som gjer det heile til ein vakker oppleving.

Rasmussen køyrer litt humoristisk trivia om neste låt, «(Sittin’ on) The Dock of the Bay» av Steve Cropper og Otis Reddig som vart gitt på singel med Otis Redding i 1968. Her kjem Marius Arntsen tilbake for enda eit nummer, medan Rasmussen sjølv går av scena, og Arntsen gjer ein god jobb i å gjer songen til noko eige. Songen er «upbeat» og ein merkar seg at sjølv musikarane på scena kosar seg på musikken medan dei ventar på å kome inn der dei skal. Her er det skikkeleg bra samspel til tross for ingen dirigent som tek kontroll.

Neste innslag er eit stykke der Con Moto med sine hjelparar tek styringa, beståande av Kjartan Festøy, Eirik Eiksund, Ida Sofie Vatne, Ingrid Ovidia Alfsvåg og Sander Andersen, medan resten av MixMasters-gjengen får ta seg ein liten pustepause. Med dei kjem Daniel Michalski og Erik Vinje på gitar, og Maria Kolbræk, Birthe Humberset Osdal og Dorthea Hjelmeland på fløyte. Her spelar dei eit stykke komponert av Bjarte Sætre i frå Stryn, «Krtonivko». Det høyres bra ut, men skulle ønska at gitarane fekk mikrofon sida dei forsvinn i bakgrunnen på felene. Eg håpar på at dei gjer dette på konserten som skal vere på Stryn.  I heilheita er stykket veldig nakent og det merkast at ikkje alt her var samspelt, men det kom seg veldig når dei kom seg til midtpartiet og det tek skikkeleg av. Det er eit veldig fint stykke og bra utført av dei unge musikarane.

Harpisten Stella Poland spelar deretter for oss eit solo-innslag av Ludovico Einaudi, «I Giorni». Originalt skriven for piano utfører likevel Poland ein veldig god presentasjon av songen og at det molegens er vakrare på harpe enn på eit piano. Det gjer stykket vesentleg luftigare og har sin eigen sjarm. Veldig bra utført!

So plutseleg kjem noko heilt anna. Rasmussen har tidlegare nemnt at det vart lova barnesong på neste konsert, og her kjem han med ei lita overrasking. Malin G. Sunde og Mari Sofie Meland skal nemleg synge ein ganske so kjent barnesong til oss, «Tuppen og Lillemor». Dette er då den norske tittelen på den amerikanske songen «I Don’t Want To Play In Your Yard». Originalteksten blei skriven av Phillip Wingate og oversett av jurist og revyforfattaren Vilhelm Dybwad (1863-1950). Sunde og Meland kjem for oss kledd i matchande utkledning og frisyre, og til tross for at dei ikkje fant igjen arket med teksten på, so song dei han med glans. Dei fekk jublande applaus frå publikum for sin presentasjon. Kudos!

 F.v. Malin G. Sunde og Mari Sofie Meland synger «Tuppen og Lillemor». (Foto: Brynhild Barstad)

 

Etter dette fekk strykarane lov til å gå av scena, og Helge Hamsaas tek over som dirigent for dei neste nummera. Hamsaas får med seg Solveig Nes Ertresvåg (HVO) der ho skal synge «Feelin’ Good» av låtskrivar Anthony Newley og Leslie Bricusse for musikalen The Roar of the Greasepaint – The Smell of the Crowd frå 1964. Ho får med seg resten av MixMasters med Hamsaas bak rattet på ein ganske so tøff og veldig bra speling av denne songen, som i seinare tid har blitt gjort populær av Michael Bublé i 2005. Her får grovmessingen skikkeleg vist seg fram og det er skikkeleg tøft når dei spelar ut, nesten so publikum frå bakoversveis. Dei visar og ganske god kontroll på dei rolege partia og dei meir harde partia i songen og heilheita blir skikkeleg bra.

Ein anna song som har ganske lik storbandfølelse er neste nummer, «It’s all so quiet» av Betty Hutton (1951), sunge av Inger Marie Holsen (HVO). Ho har ein veldig god stemme og syng songen ekstremt bra, som i seinare tid har blitt popularisert av Björk i 1995. Orkesteret og Holsen tek heilt av når dei kjem til dei kraftige delane i songen og viser storbandet for kva det verkeleg klarar å få til av kontrastar i ein og same song. Publikum storkosar seg og det blir jublande applaus for utføringa.

Vi er ikkje heilt på slutten enda når Rasmussen kjem tilbake og skal introdusere neste nummer, noko han kalla for ein Jam Session, der fire av elevane hans, Mats Hopland og Edvard Flo Håvik på klarinett og Adrian Auflem Bjørk og Ole Andreas Auflem på Altsax, kjem inn og spelar «Blue Moon» av Thelonious Monk. Her er det dei fire i fokus, med backup frå trommer, piano, bass og gitar, og dei får visst seg skikkeleg fram med kvart sin solo-del i songen, og publikum jublar for kvar av dei.

Kristiane Vartdal Vågen kjem og syng ein av dei meir moderne songane i programmet, «Don’t know why» skriven av Jesse Harris i 1999. Her får me enda eingong høyre ein fantastisk stemme av ein nokså ung vokalist som har skikkeleg kraft bak seg. Publikum er med og nikkar til takten og smilar mens dei lyttar på teksten, føler stemninga og følgjer med ho heile vegen mot slutten av songen. Til tross for at ho før songen sa ho var nervøs var det ein skikkeleg bra utføring og ho såg aldeles ikkje nervøs ut på scena når ho song for oss.

«Cry me a river» skriven av Arthur Hamilton i 1953 blir presentert for oss av Nora Aurdal saman med resten av MixMasters. Her det både stilige og heftige rytmar og veldig stødige trompetar som er med, spesielt i dei delane der kjem endring i taktart. Aurdal er fantastisk i denne songen og vi at på til ein liten trompetsolo på kjøpet.

Vi nærmar oss slutten, men ikkje før me får oss ein skikkeleg Count Basie-låt. «Shiny Stockings», som hadde med seg Elle Fitzgerald og Count Basie og han sitt orkester blir sunge av Sara Timurtas. Stemninga er skikkeleg der, med nydeleg vokal og roleg «groove» i bakgrunnen. Noko overdøyvande trompetar førekom akkurat her, litt so det dekte til vokalen, men heilheita av songen kom fram ganske bra.

Det avsluttande nummeret, «Sisters» av Irving Berlin (1954), gjort populær frå filmen White Christmas med Bing Crosby og Danny Kaye, gir publikum ein skikkeleg godfølelse i kroppen når vokalistane Ilja Beck og Julijane Remereit Vasbotn kjem ned trappa med samsvarleg kjolar slik som dei gjor i filmen songen kjem ifrå. Dei siste orda som Rasmussen gav oss før songen startar var «Har dokke sikkerhetsbelta so ta dei på», og det var ikkje tomme ord. Her va det ein nydeleg duett med eit lite dansenummer frå dei syngande «søstrene» slik som dei gjor det i filmen og det var ekstremt bra samspel på siste nummer blant musikarane, både orkesteret og vokal. Som avslutning frå publikum, enda ein jublande applaus.

F.v. Ilja Beck og Julijane Remereit Vasbotn (Foto: Brynhild Barstad)

MixMasters hadde med seg ein god gjeng dyktige musikarar denne kvelden og det var ein skikkeleg god oppleving for publikum. Det anbefalast på det sterkaste å få med seg ein konsert med MixMasters, og alle dei gjesteartistane dei tek med seg, når moglegheita igjen skulle vise seg for ein potensiell 4. Vocalese, for dette er dyktige musikarar og mykje bra musikk!

Alle kom på scena for å sei takk til publikum for at dei kom. (Foto: Brynhild Barstad)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *