Opprette studieblogg

Her lærer du:

  • Opprette din eigen blogg på blogg.hivolda.no og bli kjend med bloggverktøyet WordPress
  • Skrive eit innlegg og leggje til bilde
  • Lenke til medstudentane sine blogg

Bloggverktøy: WordPress på serveren blogg.hivolda.no
Logg inn med HVO-brukarnamnet og passordet ditt.


Aktiver personleg blogg og lagre endringane

Du har no fått ein blogg som du skal tilpasse til ditt formål. Først skal vi sjå på korleis ein kan endre utsjånaden, korleis velje tema, overskrifter og widgeter.

 

KONTROLLPANEL

Tema
Velg det temaet som høver best til bloggen din. Dette er lett å endre seinare.

Tilpass
Under Nettstedidentitet kan ein m.a. endre tittel på bloggen, kalla «Nettstedtittel» og undertittel, kalla «Slagord». Her bør du presentere namnet ditt, namnet faget du studerer, emnekode og årstal.

Du bør også leggje til eit eige bilde som passar til temaet i bloggen din, sjå Toppmedia. Kva tema du vel avgjer om du treng eit bilde på første sida eller om ein heller skal ha bilda på blogginnlegga . Sjå meir om rett bildebruk lenger nede.

Widgeter: Eit miniprogram/element som td. søkeboks, kalendar, ordsky, siste innlegg, kart, bloggliste m.m. Du kan fastsetje posisjonen på  i menyen Utseende/Tilpass.

Legg til ein tekst-widget der du skriv at dette er ein studieblgg og representerer dine faglege refleksjonar som student i faget … Legg også til ein widget med lenke til bloggane til medstudentane dine.

Meny: Viss du vil ha ein meny, definerer du namna på menyelementa her. Sjå td. menyen i  denne bloggen.

Legg til nytt Skriv ei kort tekst. Dette kan anten vere ein kort presentasjon av semesteroppgåva di, eller du kan skrive ei eksempeltekst.

Sett inn eit bilde
Du kan klikke «Legg til media» i teksteditoren og laste inn eit bilde som du har lagra eller du kan lenke til media, td. YouTube (sjå under).

Det er viktig å bruke bilder rett og kreditere opphavspersonen

 

Vidare læring:

Quentin Watt Tutorials:

The WordPress Interface – i denne videoen vert du kjend med grensesnittet i WordPress, val av tema, widgeter m.m

 

Posts Pages and Menus – viser korleis du kan bygge opp innhaldet i bloggen ved å legge til innlegg, sider, menyar, opne for kommentarar m.m.:

App: Learn WordPress

 

IT-hjelp:
Skranke: Ved kantina i BK
E-post: 5400@hivolda.no
Tlf: 70 07 54 00