Bruk av bilder

Gode illustrasjonar til bloggen din finn du ved eit enkelt søk på nettet, men står du fritt til å bruke dei bilda du ønskjer?

Du kan bruke eigne bilder, teikningar, videoar m.m. Du kan også bruke illustrasjonar du har fått lov til å publisere av fotografen eller illustratøren, skriv då namnet til opphavspersonen.

Du kan også bruke bilder som er publiserte med mulegheit for vidare publisering, såkalla creative commons Kort sagt er dette bilder som kan delast, av og til også redigerast, dersom ein krediterer opphavspersonen. Flickr har ei stor og søkbar database med creative commons bilder https://www.flickr.com/creativecommons/by-2.0/

Dersom du vel å søke opp bilder og illustrasjonar i Google, kan du filtrere søket slik at du finn materiale som du har tillatelse til å publisere vidare.

Del rett er ei veiledningsteneste om opphavsrett og undervisning utarbeidd av Norgesuniversitetet og Senter for IKT i utdanningen. Her finn ein mykje informasjon, og ein kan sende inn spørsmål som vert handsama av kompetente rådgivarar og advokatar.