Velkommen til bloggen om e-læring

Digitalisering i undervisninga gir mulegheiter for å heve utdanningskvaliteten. Bloggen er ein arena for å dele erfaringar med digitale læringsformer og dermed bygge kompetanse i varierte undervisningsmetodar ved Høgskulen i Volda.

Sidan dei første nettstudia vart utvikla ved årtusenskiftet, og fram til i dag har Høgskulen i Volda utvikla ei brei portefølje med studietilbod som nyttar digitale læringsformer. Mange tilsette har mykje erfaring med bruk av teknologi i undervisning og formidling.

Støtteeininga for e-læring ved IT-kontoret hjelper fagleg tilsette som skal ta i bruk digitiale verktøy i opplæringa og som planlegg å utvikle studietilbod som gjer bruk av digitale verktøy. Vi ser at det det vert gjort mykje godt arbeid på dette feltet, og vi vil skape ein arena for erfaringsdeling.

Vårt ønske er at bloggen skal vere ein stad der ein vert kjend med korleis andre jobbar og såleis kunne stimulere til utprøving av nye digitale læringsdesign. I tillegg presenterer vi infrastruktur som legg til rete for digitale læringsformer ved HVO.

Har du erfaring med bruk av teknologi i utdanning og formidling?

Send gjerne inn forslag til emne vi kan skrive om på bloggen!

Kontakt: beta@hivolda.no

//