Pilot 1: Fornying av nettstudium i norsk

Bakgrunn
Ivar Aasen-seksjonen ved Institutt for språk og litteratur har i 11 år hatt tilbod om årsstudium i norsk (nordisk) (60 stp.) som reint nettstudium. Søkinga til dette studiet er svært god, samstundes som det stadig er fleire utdanningsinstitusjonar som tilbyr nettbaserte studium. Det er difor svært viktig at vi vidareutviklar og fornyar tilbodet i takt med at ny teknologi blir tilgjengeleg. Med dette pilotprosjektet har vi fått høve til å prøve ut nye idear og nye digitale verktøy.

Ryggraden i nettstudiet har heile vegen vore skrivne nettleksjonar, som er meint å erstatte den tradisjonelle førelesinga der studentane blir hjelpte inn i stoffet. Desse leksjonane har vi bygd vidare på, og i dette pilotprosjektet har vi vidareutvikla dei til det vi kallar digitale arbeidspakker. Desse inneheld tekst, video og oppgåver som ein integrert heilskap.

Student som tar notatar
Foto: Line Sjøhelle

Resultat
Videoane vi har laga, er i hovudsak av tre typar: videoførelesingar, minileksjonar og analyseleksjonar, og etter kvart i prosjektet har vi lagt hovudvekta på dei to sistnemnde typane. Minileksjonar er korte videoar på 5–10 minutt som tek føre seg eitt bestemt tema. Vi har òg sett behov for å vise nettstudentane korleis ein trinn for trinn kan gå gram i språklege og litterære analysar, og vi har då utvikla det vi kallar analyseleksjonar, som òg er brukte i løysingsforslag til oppgåver.

Med dei digitale arbeidspakkene integrerer vi videomaterialet i dei tradisjonelle leksjonane, ved at ein kan gå inn på lenker til videoar som forklarar ulike fenomen nærare. Tilbakemeldingar frå studentar viser at dei set pris på å kunne spole tilbake og sjå forklaringar fleire gonger. Video er eit utmerka medium for teikning og forklaring, og vi har lagt større vekt på det i videoane enn ein normalt gjer i ei førelesing. At alt er integrert i eitt dokument, gjer det lettare å finne fram enn om ein skal leite etter innhaldet på fleire ulike stader i Fronter, og tilbakemeldingane frå studentane er positive:

«Eg synes oppbygginga av arbeidspakkene er godt strukturert og oversiktleg. Det fungerer for min del svært godt at det meste er samla i eit dokument. Eg tenkjer då på linkar til videoleksjonar, nettsider med fagleg innhald osv. Det funger og fint med vekslinga av tekstleksjonar og videoforelesingar» (Student på kurset Språket som struktur).

Prosessen
Pilotprosjektet har gjeve fagmiljøet høve til å ta i bruk nye digitale verktøy , og det har gjort at vi har hatt eit felles utviklingsprosjekt med utveksling av idear og erfaringar. Saman med eining for e-læring har vi hatt fleire seminar undervegs, og vi har fått god hjelp til å ta i bruk verktøy for å uvtikle dei nye læremidla. Dette har vore svært nyttig, og vi meiner at resultatet har vorte bra. Samstundes veit vi no kva som har fungert mindre godt, og kan ta med oss det beste vidare. Vi vil vidareføre pilotprosjektet og tilby digitale arbeidspakker på alle delar av studiet i løpet av inneverande studieår.

Her kan ein sjå eit eksempel på ein video som tek føre seg det språkhistoriske fenomenet omlyd.

Tor Arne Haugen, Prosjektleiar