Bigbang – Rokken – 21 November 2019

Foto: Gitte Johannessen

Tekst: Daniel Dvergsdal

Bandet:

BigBang er eit norsk rockeband som vart danna i 1992 av Øystein Greni, Christer Engen (trommer) og Erik Tresselt (bass). Øystein Greni som frontfigur, låtskrivar, songar, og gitarist har vore med i bandet sidan oppstart, og ellers har bandet gjennom tidene hatt totalt fem trommeslagarar, og fire bassistar. Dagens besetning består av Øystein Greni, Olaf Olsen på trommer og Nikolai Hængsle Eilertsen på bass. Ellers har bandet sidan oppstart gitt ut tolv album, fire EP-ar, eitt samlealbum, og ein DVD av opptreden frå; Radio Radio TV Sleep i 2003.

BigBang har ved fleire anledningar blitt omtalt som eit av Noregs beste live-band, og dette er eit utsagn som eg lett kan skrive under på. Eg har vore på fleire konsertar med BigBang dei siste åra, og kvaliteten har haldt seg like høg. Ein skulle tru at det er vanskeleg for denne trioen å levere det fyldige lydbilde som dei presenterar gjennom innspelingane sine, med dette er ikkje noko problem for desse karane. Dei har god kontakt med publikum, dei spelar songane som publikumet vil ha, og dei gjennomførar konsertane sine med like god lydkvalitet kvar gong. Einaste tingen eg generelt sett savnar er mangelen på innleigde musikarar til å spele stryk og synth der det høyrer med innspelinga.

Foto: All Things Live Norway

Konserten på rokken 2019:

Etter første stryk over gitarstrengane vart det ekstase i publikum, og medan røyken satt seg var det enkelt å sjå gleda som heva seg blant tilskodarane. Det var for tredje gong eg såg Bigbang dette året, og eg vart alltid like glad for å sjå engasjementet dette bandet viser til publikumet. Denne kvelden posisjonerte eg meg eit kort stykke unna miksebordet, og på eit så lite konsertlokale som rokken er det ein perfekt plass å stå. Ein får sjølvsagt den beste lyden der, i tillegg til at ein også får med seg mykje av det som skjer på scena, og livet blant publikum. Som det stort sett har vore tidlegare på BigBang-konsert var det ein balansert, og godt miksa lyd frå høgtalarane, noko som dei tekniske arbeidarane frå rokken fortjenar skryt for også. Med ein uttrykksfull og livlig opptreden var det vanskeleg å ikkje bevege seg då dei spelte i Volda, og dette kunne ein lett sjå på publikum rundt seg også. Med songar som; Wild Bird, To the Mountains, Girl in Oslo, Saturn Freeway, og nykommaren GLORY CHORD er det ikkje rart at det vart fart i publikum. Det skal seiast at settlistene til Bigbang genrelt sett er litt repetitive, men dette er ikkje rart når dei har laga så mange personlege favorittar blant publikum.

Som eg har tidlegare nemnt blir eg alltid like imponert over det breie og fyldige lydbilde dette bandet leverar med ei besetning på kun tre stykker, og sjølv om der er rom for noko “ekstra” under gitar-soloane til Greni, er det likevel ein fantastisk konsertopplevelse.

Terningkast: 5

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *