Vurdering

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering, eller  vurdering for læring, er ein del av læreprosessen og har som hensikt å auke studenten si kompetanse. Ein kan bruke sjølvrettande oppgåver og kvissar i undervegsvurderinga.

Sluttvurdering

Sluttvurdering, eller vurdering av læring, skal gi informasjon om studenten si kompetanse ved slutten av opplæringa. Dette kan anten vere i form av ein avsluttande eksamen dersom kurset er studiepoenggivande, eller ein kan lage ein sluttest for å dokumentere læringsutbyttet.

Kursevaluering

I avsluttinga av kuset bør ein la kursdeltakarane få seie si meining om kursinnhaldet. Eit døme på kursevaluering laga i Excel Forms

Kirkpatrick (1998) har laga ein evalulueringsmodell i fire nivå. Når ein utformar ei evaluering bør ein vere merksam på kva type informasjon ein er ut etter.

  1. Reaksjon – Kor nøgde var deltakarane?
  2. Læring – Kva har deltakarane lært?
  3. Bruk – I kva grad har kurset ført til endra åtferd? Vert ny kompetanse tatt i bruk i praksis?
  4. Nytte – I kva grad har kurset kome til nytte for organisasjonen?