Nettbasert samhandling

Skype og samskriving

Kurshaldaren kan både undervise og rettleie deltakarane enkeltvis eller gruppevis  i Skype. Dette kan gjerne kombinerast ved at dei som deltek i denne samhandlinga deler eit dokument der alle har skrivetilgang. Dersom ein skal ha ein presentasjon, kan den personen dele skjermen sin slik at ein får ein felles skjerm eller tavle. På denne måten kan ein ha tidseffektive økter, men det krev at alle har tid til å møtast samstundes.

Adobe Connect

I Adobe Connect kan ein gjennomføre variert undervisning med studentaktive læringsformer, ein kan gjennomføre nettbasert rettleiing og andre typar møter.

Programmet har ei rekke funksjonar som kan utnyttast i opplæringa, her er høve til å sjå på ein presentasjon, ha eit felles tavle og felles notatark og det er muleg å lage undersøkingar og andre typar oppgåver som aktiviserer studentane.